søndag 30. september 2007

80 år ung! / 80 years young!

Laurdag feira svigermor åtti-årsdagen sin. Ho er ei sprek, ungdommeleg, gjestfri, raus og positiv dame. / My mother in law is eighty years old. She is a wonderful person! Bileta over er av bordpynten! Nydelege oppsatsar! / The photos above are of the table decoration at the party.
Ho fekk mest blomar og pengar. Nydeleg urne på denne oppsatsen. Detalj frå ei av gåvene. / Detail from one of the presents. Ho fekk peispustar hos ein av brørne sine, han har laga han sjølv. / Homemade present from her brother.
Koseleg å vera samla nesten heile familien! Ei lita skår i gleda var at jentene mine ikkje kunne koma... Eg har hatt fri denne helga. Herleg! I morgon startar ei ny arbeidsveke.
Eg ønskjer alle ei god veke og takk for alle kommentarar på sist innlegg! Eg har ikkje hatt tid til å legge svarkommentar denne gongen./ Thank's for your comments on my blog. I wish you a nice week!

fredag 28. september 2007

Travel dag. / A busy day.

Me brukte ekstra lang tid i fjøset i dag. Me målte melkemengda i alle kyr og tok ut prøvar av alle (morgon og kveld). Kjøpte to nye kyr i går + at ei kalva i dag. Nå har me tretten, tre til skal kalve i oktober. Kalvane trivst, dei hoppar og dansar i gardane. Då eg kom inn frå fjøset fløymde solskinet inn i stova. / When I came in from the milking today the sun was shining in my livingroom. Eg har slått plenen for siste gong i år. Det er skikkeleg god trim å slå eitogeithalvt mål med plen! Hadde ein pause midt i for å køyre lam på nytt beite./ I mowed the lawn for the last time this year today. Sjølv vintergrøne planter misser ein del blad om hausten. Dei to bileta over er av rhododendron. / Beautiful colours on the leaves in the fall. The photos above. Eit lite dikt for helga! Og levande lys sjølvsagt! / Candlelights and a little poem. Ha ei strålande helg alle bloggvenner! / I wish my blog friends a really nice weekend!

torsdag 27. september 2007

Ein vakker dag.../ A beautiful day...

Klokka er seks og månen står nå i vest. TV-masta som lyser raudt om natta er eit landemerke på Bokn. / Photos taken at six am, The moon is still up. Himmelen er stjernestrødd og det lysnar såvidt i aust. / A starry sky. Klokka er halv åtte, sola er på veg over fjellkammen. / Half past seven and the light is growing.
Ein fiskar er ute og dreg krabbeteiner. / A fisherman is fishing crabs. Sola gyllar Boknafjellet. Ein flokk gjæss på veg sør til varmare land. / A geese flock are flying south.
I dette strålande veret måtte eg få tid til eit tur i naturen, eg gjekk saman med ei venninne. / A walk in the nature with a friend. Kjekt å ha bilete frå slike fine dagar. Ein dokumentasjon på at me har hatt litt fint ver i haust. Det er lett å gløyme når regnet piskar og vinden susar. / It is nice to have these photos to look at when the weather is bad.
Takk for kommentarar på tidlegare innlegg. Kjekt om du legg igjen ei lita helsing. Ha ein fin kveld! / Thank's for comments! Have a nice evening!

onsdag 26. september 2007

Solskin og måneskin. / Sunshine and moonlight.

Sola stråla frå lettskya himmel i dag då eg og ei venninne var ute på tur. Klikk på bileta for å få betre inntrykk. / The sun was shining when my friend and I went for a walk today. Click to enlarge. Første del av turen gjekk i ope landskap. Deretter skog med opne område. / We walked through a beautiful landsckape. Blomar langs stien. Stien bar preg av alt regnet me har hatt dei siste dagane.
Om eg ikkje tar heilt feil er dette røyksopp. /Smoke mushroom. Dei neste bileta har eg nettopp tatt. Praktfullt måneskin. / We have moonlight tonight. Utelampa lyser også opp i kveldsmørke. Ønskjer alle ein god kveld! / Wish you a good night!

Vennskap. / Friendship.

Livet er ikkje rettferdig!
Og det finst ingen klageinstans
Berre kvilesteinar langs vegen
Små lune skjul av gleder å krypa inn i
Ein ny soloppgang
Eit ekorn velberga over vegen
Menneske som med opne liv er der
Bente Bratlund Mæland

tirsdag 25. september 2007

Rusletur i hagen. / A little walk in the garden.

I dag skein sola frå skyfri himmel! Eg hadde ein del å gjere i dag så eg fekk ikkje tatt nokon tur i naturen, men ein liten tur i hagen er det alltid tid til mellom øktene. / Today the sun was shining from a clear sky. I took some photos in my garden. Nå er bæra på kristornbusken min raude og modne. Fuglane er alt begynt på festmåltidet så eg fann ut at det var best å få tatt ein del bilete før bæra er borte. / The berrys on the holly are shiny and red. The birds loves the berrys. Kastanjetrea er begynt å sleppa fruktene sine. / The chestnut trees are loosing their fruit.
I går hadde me eit ufyseleg ver med ekstreme nedbørsmengder og heilt opp i liten storm i vindkasta. Kastanjene låg strødd i dag. Nydeleg brunfargar på nyopna kastanjer. Nokre skal inneheld tvillingnøtter. Eg har eit par sedumtyper som står på sitt finaste akkurat nå. Den første er liten og krypande.
Smørbukk på dei to neste bileta. Smørbukken lyser opp i både grå og klåre haustdagar. Vivendelen blømer som om det er midtsommar. Kan ikkje hugse at han har blømd så rikt så seint i sesongen før. Nokre av rosene står med nakne greiner, andre trossar regn og vind. / We've had a really bad weather the last few days, but some of the roses are still blooming.
Nostalgirosa mi har eg hatt så mange gonger på bloggen i sommar at folk er vel leie av henne. Eg må likevel ha henne med. Ho står frodig og mørkegrøn og blømer raust. Eg har støtte rundt henne for at ho ikkje skal knekke under alle rosene i regn og vind. Utsida av rosene er prega av veret, men dei er like fine inni. Vil ønskje alle bloggvenner ein god onsdag! Takk for varme og gode tilbakemeldingar og kommentarar!