mandag 30. november 2009

Siste dag i november.

I motvind går det sakte.
Men kanskje vi der
finner en rikdom
som vi feide forbi
i medvind...
Margot Sandsmark

lørdag 28. november 2009

"Gå sakte"-blogging.

Eg har vore lite aktiv med blogging siste veka og det kjem sikkert også til å bli litt labert med blogging frå mi side ei stund framover. Eg har viktigare prioriteringar akkurat no, men det dryp nok eit å anna innlegg innimellom. Takk til alle som har kommentert hos meg, eg kikkar nok innom hos deg med tid og stunder.
Ønskjer deg ei fin første-søndag-i-advent-helg.

søndag 22. november 2009

På tide å kome seg i hus?

Det har vore mykje regn og rusk dei siste dagane og nokre finn det tryggast å smette under døra og krype i hus.

lørdag 21. november 2009

Bakedag og julemesse.

Eg hadde eitpar feriedagar tilgode som eg har hatt denne veka. Gårsdagen blei brukt til å steike nordlandskaker og bake gjærbakst. Kjekt med litt godt i fysaren når ungdommane kjem heim til jul :)
Horn er fast tradisjon. Litt grovt smakar godt. Eg har laga havrerundstykke og solsikkerundstykke. Eg trur ikkje ei einaste av nordlandskakene blei rund, men det gjer ingenting. Eg vil ha dei mjuke og lause og då må eg klappe dei ut på takka. Sidan eg stort sett berre lagar desse til jul blir det så som så med handlaget. Seint på kvelden laga eg Kvæfjordkake eller "verdens beste" som me seier her. Denne hadde eg med meg på julemesse idag. Det var litt av kvart på messa. Eg kjøpte dørkrans, tova ull-sitteunderlag, og tova ulltøfler. Tøflene er alt tatt i bruk, dei er gode og varme! God helg :)

torsdag 19. november 2009

Orkideer.

Det er få blomar som er vakrare enn orkideer. Desse blømer hos meg akkurat no.
Litt lite tid til bloggsurfing for tida :)

tirsdag 17. november 2009

Vinter?

Berre på kalenderen. Neida, det er mørkt og det er grått, men gradestokken viser 10 grader ute og blåklokkeblomen på sykkelen står ennå i full flor :)
Alle blomane snur seg mot sør for å suge til seg det vesle dagslyset me har no midt i november. Fekk lyst å ta med desse klyppa av teikneserien Hårek. Eg kjenner meg litt igjen i begge desse stripene, hehe. Eg var på "homeparty" der det blei demonstrert hudpleie for nokre dagar sidan. Så no er oppussingsprosjektet i gong! Ha ein fin tysdagskveld :)

lørdag 14. november 2009

Himmelske fargar :)

Himmelen byr på så mangt. På sist innlegg viste eg stripeskyer i blått og grått. I dag tar eg fram eit par som er tatt i slutten av oktober. Då starta dagen slik som dette.
Dei to siste tok eg ein av dei første kveldane i november. Dei er ikkje heilt skarpe, men det får så vere. Idag blei det ingen fototur på meg, det har vore regn og surt store deler av dagen. No er alle kyr og kalvar i hus og har det tørt og fint inne i fjøset. Det er alltid godt når dyra er i hus for vinteren.
Eg takkar for alle kommentarar som de trufast legg igjen her hos meg :)
Ein spesiell takk til Randi som bur på Nes i Hedmark. Sidan du ikkje har blogg sjølv kan eg ikkje besøke deg igjen og skrive kommentar hos deg, derfor vel eg å gjere det her :)
Eg set stor pris på ei helsing frå dykk som ser innom bloggen min.

torsdag 12. november 2009

Sky Watch Friday

This is how the clouds looked like over my home today.
For more sky watch photos please visit;

mandag 9. november 2009

Søndagstur.

Hausten sine brennande raude og gule fargar er borte for i år her hos oss. I dag, mandag, har me hatt strålande sol frå skyfri himmel, men i går var det heller grått. Grått javel, men fargelaust? Nei, slett ikkje, ein må berre leite litt meir etter fargane. Frå det fargesprakande tidlegare i haust er fargane no meir avstemde i ein palett i brunt, gult og grønt. Bilda er tatt med Fujifilm kamera mitt, det er så lett å ta det med i lommen. Ta deg tid til å klikke bilda store, då får du eit mykje betre inntrykk.
Turen min i går gjekk langs landevegen som gjekk gjennom kulturbeite og med utsikt til eit vatn. Eg hadde også ein liten avstikkar innom ei lita skogli. Ein gammal jordkjellar ligg som eit minnesmerke over menneske som levde her før. Nakne lauvtre som strekker sprikande greiner mot himmelen er skulpturelt og vakkert synest eg. Her er det sauer som held landskapet ope. Trea formar seg etter lys, ver og vind. Ei avbroten mosegrodd grein er ei lita verd for seg sjølv. Her veks det kjuker i brunt og beige i ulike fasongar. Legg merke til dei vakre grønfargane på mosen og lavet. Bakken i skogen er dekka med eit mjukt lag med lauv. Her inne i skogen luktar det verkeleg haust. På hasselbuskane heng det ennå litt gult lauv igjen. Her har eg snudd meg og tatt bilde av vegen eg kom. Frå gardsvegen til garden mannen min kjem frå. Nokre av dyra våre går ute ennå. Det er mildt og me forar dei med kraftfor og rundballe. Utsikta frå stoveglaset til svigerforeldra mine (under). Her går sauene våre. Trur neppe at dei har auge for kor vakkert det er rundt dei. Inne venta mamma/svigermor og pappa/svigerfar med middag til mannen min og meg. Seinare vanka det også kaffi og kake :)