
Lat meg presentere "frøken Solgull" Montbresia. Ho er mi "frøken haust" i konkurransen hos
Moseplassen.

"Frøken Solgull" lyser opp i hausthagen når mykje av det andre har blømd ifrå seg.

"Frøken Solgull" er ikkje ei frøken som ser blygt fram under kronblada, ho opnar seg mot lyset og smiler mot sola!

Har du lyst til å delta eller vere med og stemme besøk
Moseplassen og sjå alle dei vakre haustfrøkenane.
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
03.09. Eg var visst litt snar då eg publiserte dette innlegget i går. Eg vil legge til at blomen heiter Montbresia. Værhane blir også brukt. "Frøken Solgull" er namnet eg har gjeve akkurat denne frøkena som er med i konkurransen.