onsdag 29. august 2012

Blott til lyst :)

Solskinsdagar innimellom dagar der regnet har piska ned har prega denne siste veka.
Eg har klipt bort fleire bøtter med brune, visne roser og knoppar på rosetrea.
Heldigvis kjem det stadig nye knoppar som har opna seg mot sola når ho har vore framme.
Her er nokre av dei :)
NYT!










Så er me komne til slutten av august og sommaren syng på siste verset.
Eg krysser fingrane for ein mild og solrik haust for oss alle :)

mandag 20. august 2012

Go'gutten på søndagstur med farfar.

Eg likar så godt å fortelje historiar med bilde og denne gongen er det Ask som har hovedrolla.
Då farmor var på handletur på laurdag klarte ho ikkje dy seg frå å låne go'gutten med seg heim.
Ask likar så godt å vere med farfar ute og her kjem bilde frå søndagsturen dei gjekk i lag.
Farmor var også med, bak kameraet.
(Farmor har skrive litt av det Ask sa og vore litt tankelesar og skrive ned det også)

-Faffa, faffa, gå, gå, gå!

-Hei, pusur :)

-Kom med meg så ska du få mat sjå meg å faffa.

-Hadde du så lyst å kosa litt kanskje?

-Va det godt?

-Oi, det va ein store doggedoggedogg!

-Me må jo sjå litt på traktorane til faffa.

-Me kjørte litt tur i går seie faffa, så idag får eg berre sitta her litt.

-Åja, sånn det ser ut i siloen altså.

-Faffa har mången rundballar og han altså.

- Sjå faffa, eg kan springa og nå :)

-Oioioi, vatn!


-Denne fant eg på strannå.

-Sjå faffa, så fint skjell :)


-Eg plokke blommar te farmor for det lika hu :)


-Lukta litt på di.

-Denne va ganske mjuke oppå.

-Kom faffa, nå må me gå.

Hare hopp, hare hopp...

...hare hopp!


-Eg vil gå denne veien heller.

- Kom faffa!


-Denne dørå va visst låste.

-Eg kan leka med denne, der e plass te mången steinar oppi her.



-E'kje så lett å få di or igjen.

-Du må visst helpa meg faffa.

Kjempekjekt med besøk av verdas beste go'gutt :)

tirsdag 14. august 2012

Etterlengta sommardagar :)

Så fekk me endeleg nokre deilige sommardagar.
Eg har brukt dei to siste ettermiddagane til å kose meg i hagen, 
eller jobbe ville vel kanskje andre ha sagt.
Hagearbeid er stort sett kos for meg, iallefall når veret er som idag.
I gårkveld tok eg kamera med meg på ein liten rusletur i hagen.

Hagen ligg nå i skuggen, men sola skin på andre sida av sundet.

Hellegangen mellom huset og gamleløa har lege her i generasjonar. 
Her har barn hoppa og dansa i leik og kanskje snubla og skrubba kne.
 her har vaksne gått med faste steg til og frå arbeid, 
og her har gamle trøtt forsiktig for ikkje å skli når vått haustlauv har gjort hellene glatte.

Ein sliten benk innbyd til ei lita kvilestund.

 Kvitrognene eg planta i eit hjørne i hagen veks år for år. Dei har masse bær i år.
 Krittkvite bær og fargerikt lauv pyntar og lyser opp når hausten er her.


Rosehekken blømer og spreier godlukt i hagen.

'
Klatrerosa eg planta ifjor likar seg i hagen min ser det ut til.

Små yndige lysrosa roser.


Sola gjekk etterkvart ned, dei siste strålene farga skyene i sør rosa.
Me har hatt ein varm og fin dag idag også sjølv om det skya over innimellom.