Viser innlegg med etiketten utlodding. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utlodding. Vis alle innlegg

torsdag 20. januar 2011

Og vinnaren er :)

Vinnaren av kalenderen er;
Gratulerer!
Trøystegevinstane med tre fotokort til kvar går til;
og
Takk til alle som som har skrive kommentar både på dette og andre innlegg :) 
Det å få tilbakemeldingar er noko av det kjekkaste med heile blogginga!
Forstår likevel godt at ein ikkje alltid legg spor etter seg, det gjer ikje eg heller. 
Dei fleste av oss har vel ein nokså hektisk kvardag der ein ikkje kan prioritere bloggsurfing til ei kvar tid.

lørdag 15. januar 2011

Utlodding :)

Teljaren på bloggen min nærmar seg etterkvart hundretusen besøk. Då eg 3. juli 2007 la ut mitt aller første innlegg (her) og fekk kommentarar frå niese og nevø hadde eg på ingen måte drøymt om kva dette skulle utvikle seg til! Takk til Mona som hadde idéen og hjelpte meg igong :) Eg har gjennom blogginga fått kontakt med menneske frå "heile verda", nokre har tilfeldig eller sporadisk kome innom, andre har blitt faste gjester som rett som det er gler meg med hyggelege kommentarar. 
TUSEN TAKK!
 Nokre få av desse har eg også møtt og blitt venner med. Då eg starta opp tenkte eg at dette skulle vere ein stad der eg skulle vise fram bilde frå hagen min og naturbilde frå turar eg var ute på. I starten var eg også meir anonym enn eg er nå. Etterkvart har eg også delt meir tankar og litt av familielivet. Dette er vel gjennomtenkt og eg har som rettesnor at eg ikkje skal legge ut noko på bloggen som eg ikkje hadde vore komfortabel med hadde vore i ei avis som alle kunne sjå og lese. Så er det jo sånn for meg som for alle andre; ingen er berre det du ser...

Grunnen til at eg ikkje ventar til teljaren verkeleg rundar hundretusen med dette innlegget er at eg gjerne vil lodde ut ein bordkalender (lite lurt å vente til han er "gått ut på dato") til ein av dei som kommenterer dette innlegget, det vil også bli eitpar smågevinstar som vil innehalde tre kort. Har du lyst på kalenderen legg du inn ein kommentar på dette innlegget. Eg kjem til å trekke vinnaren 20. januar. (om du ikkje er den heldige har eg eitpar kalenderar til som eg sel for kr 100+porto om nokon skulle ha lyst på)


Når eg legg bort kalenderen frå ifjor og startar eit nytt år er det ei tid for ettertanke.
Eg vil gjerne dele eit sitat frå dagens Haugesunds Avis. 
Det er Simon Næsse som har sett desse tankane på trykk.

"Sånt sett blir vel dette en plan for året.
Tre små huskeregler.
For det første skal jeg prøve å tenke at alt er mulig.
For det andre må jeg huske at ethvert møte med andre mennesker
 kan føre til noe spennende og positivt.
For det tredje så må jeg selv være med å skape den rettferdigheten
 jeg selv synest livet bør innholde."

God helg :)

lørdag 7. august 2010

Sommaren er slett ikkje over :)

Sjølv om sola gøymer seg bak skyene no og då ligg temperaturen rundt 18-20 gr om dagane, så det er framleis litt sommar her :) Dessutan slepp eg å vatne etter alt regnet i det siste! Og om sola ikkje er framme på himmelen har eg bilde frå solrike dagar.
Smalballblom lyste fint opp for ei lita stund sidan. Nå har rylliken tatt over. Tidlegare denne veka fekk eg veska eg vann hos Tankespinn og Fargeklatter. Laila Karin har titt og ofte utloddning på bloggen sin :) Nå har bloggen hennar runda 25 000 besøk og i den anledning var eg den heldige(bilde har eg lånt hos henne her) :) Ei skikkeleg fin sommarveske! Tusen takk Laila Karin :) Ønskjer alle som er innom bloggen min GOD HELG :)

mandag 24. mai 2010

Vinnarloddet er trekt!

Nå har eg hatt høgtidleg trekking av hage-bildeboka mi. Eg samla alle namna på lappar i ei skål, rørte godt rundt og lot mannen min trekke ein lapp.
TATATA, og vinnaren er eigaren av bloggen Vform! GRATULERER!
Vform bur i Finnland og malar dei vakraste bilde. Kikk innom den vakre bloggen hennar her.
Håpar at ho blir nøgd når du får boko heim :)

tirsdag 11. mai 2010

Teljaren har passert 80 tusen besøk!

Eg kan nesten ikkje tru at det er sant at teljaren på bloggen min har tikka over 80 tusen besøk. I det høve vil eg gjerne lodde ut ei bildebok frå Heimdalhagen. Boka er laga på Japan foto. Har du lyst på boka legg du igjen ein kommentar på dette innlegget før klokka 24 søndag 23. mai. Her er nokre smakebitar frå boka :) Ved å klikke på bilda får du eit betre inntrykk.
Eg har blitt litt kjent med mange og betre kjent med nokre få gjennom blogginga. Tusen takk til deg som trufast kjem igjen og igjen og i tillegg tar deg tid til å kommentere innlegg etter innlegg. Eg set umåteleg pris på det :)