søndag 24. oktober 2010

Det nærmar seg utstilling :)

Det nærmar seg utstilling og det er ikkje fritt for at sommarfuglane har begynt å flagre rundt i magen :)
Her viser eg eit utval av det eg har å tilby. (Klikk på bilda så ser du dei enkelte motiva betre.)
Sjølv er eg veldig glad i passepartout rundt bilde, men eg vil også selje bilde utan verken passepartout eller ramme slik at kjøparen kan ramme inn sjølv slik han/ho vil ha det.
Eg har valt kvit eller svart passepartout etter min eigen smak her, alle rammer er svarte. Eg har nokre bilde ferdig innramma, ein god del med berre passepartout, i tillegg her eg også bilde utan noko om nokon vil ha det.
Eg har også fått laga nokre få kalenderar, store til å henge på veggen og mindre bordkalenderar. Kalendrane er i ekte fotokvalitet så her er det berre å skjære til bilda når året er omme og henge dei på veggen om ein har lyst til det. Eg har fått eit par avtalar til der eg skal selje bilde så om det blir etterspurnad etter kalenderar bestiller eg fleire til dess. Må prøve meg fram, det nyttar ikkje å by fram 2011-kalenderar i 2012.
Kort har eg også handla inn, desse er enkle i fin fotokvalitet. Hadde vore kjekkare om dei var doble så kanskje eg vel ei anna løysing neste gong. Vurderer å kjøpe photoshop, lage korta utifrå malar der og så få dei opptrykte hos eit trykkeri. Veit om andre som gjer det på den måten og har fått tips frå henne.
Litt tidleg med julekort kanskje, men eg hadde lyst å prøve meg på eit par stykke :)
Eg har lagt ned mange timar  med arbeid i forkant, men har storkosa meg med dette! Nå er eg kjempespent på om folk ikkje berre kikkar og seier at dette var fine bilde, men om dei verkeleg kjøper og heng dei opp heime hos seg :) Det vil kjennast som ei stor ære og glede å komme inn i ein heim der det heng eit bilde med ein lite "Heimdal" nede i venstre hjørne :)

mandag 18. oktober 2010

Nyper.

Når rosene er borte og blada har dryssa av kjem små juleraude nyper fram på prestegardsrosa.

fredag 15. oktober 2010

Stjerneklokke

Stjerneklokker Campanula poscharskyana
 blømer frå vår til haust. Dette er ei takknemleg staude som likar det litt tørt og magert.
Ha ein fin fredagskveld :)

onsdag 13. oktober 2010

Yrande liv i oktoberhagen.

Sjølv om me snart er komne til midten av oktober er det framleis eit yrande liv i hagen. Eg tok desse bilda på søndag.
Ikkje mindre enn tre admiralsommarfuglar kosa seg saman på eit rote nedfallseple.
Fleire sat rundt omkring og lot sola varme seg.
Med eige innebygd sugerøyr treng ein verken kniv eller gaffel for å få i seg maten :)
Nokre av sommarfuglane hadde slitne og frynsete venger.
Om denne har "vore ute ei vinternatt før" vågar eg ikkje påstå, men  ei og anna haustnatt bar han iallefall preg av :) 
Gammafly er meir unseeleg og ikkje så fagerik som admiral, men er likevel vakker.
Gammafly har fått namnet sitt etter den kvite teikningen på vengen som er forma som den greske bokstaven "gamma".
Blomsterfluger er det også mange av.
Ikkje dumt å likne ei bie når fiendane er mange.

Ha ein fin onsdagskveld :)

søndag 10. oktober 2010

"Frøken høstbald"-kandidat.

Her kjem mitt bidrag til "Frøken høstblad"-konkurransen hos Moseplassen.
La meg få presentere frøken Grasiøs av Heimdal :) Frøkena er festa på ei lita kvitrogn, eit sjarmerande lite tre med vakre haustfargar og kvite bær.
Har du lyst å bli med på konkurransen eller kanskje du har lyst å bli med å stemme? Klikk deg inn på konkurransen her.

lørdag 9. oktober 2010

Glassklar himmel og speglblanke vatn.

Vakrare enn dagen i dag kan ein haustdag på sørvestlandet neppe vere! Her kjem nokre små glimt frå nærmiljøet her eg bur :)
Takk for at du kikka innom :) God laurdagskveld :)

fredag 8. oktober 2010

Eit lite stykke Norge.

Glimt frå ein vegstrekning på sørvestlandet ein vakker oktoberdag.
God helg :)

tirsdag 5. oktober 2010

Når det blæs og ruskar ute-

er det tid for å finne fram bilde frå ein fin soldag i september då hortensia stod på sitt vakraste :)
Det er meldt store mengder regn i morgon også, men om nokre dagar skal det sol igjen :)

lørdag 2. oktober 2010

Demring av dag.

Så er me komne så langt utpå hausten at eg er oppe før sola og får med meg soloppgangen. I dag gav sola meg ei vakker gullsprakande oppleving før ho gøymde seg bak eit lett skydekke der ho har blitt sidan. Det som ikkje kjem fram på bilda er at det blæs kuling, det uler rundt novene og susar i trea utanfor. Sjølv om vinden riv og slit i alt ute i dag kjenner eg på ei god ro. Dei siste vekene, helgene inkludert, har vore veldig hektiske, men denne helga føler eg at eg har "landa" og det kjennest godt. Eg skal rame inn bilde til Kolnes-utstillinga og pusle litt i huset. Eg kan godt ha det travelt, men "lause trådar" og "ballar i lufta" er ikkje mi greie, eg trivst best når trådane er knytta i rett ende og ballane er plasserte i rett nett.
GOD HELG :)