Viser innlegg med etiketten Himmel / Sky. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Himmel / Sky. Vis alle innlegg

tirsdag 10. juni 2014

Sol og sommar :)

Varmen og det fine veret i det siste har gjort at hagen er fargerik og frodig :)
Å pusle rundt der er noko av det kjekkaste eg gjer.
Bli med ein liten runde da vel ;)



På skuggesida har eg planta fargesterke blomar som lyser skikkeleg opp.


Stolen står stort sett til pynt medan eg ligg på kne med rompa i veret ved eit bed og lukar ;)
Men det er sånn eg vil ha det. Å stelle med blomane gir trivesel både for meg og dei :)




Den gamle slipesteinen har stått her i generasjonar. 
Eg har sveiva mange gonger når far skulle slipe øks, knivar eller ljå.
Då slåmaskinskniven skulle slipast bytte eg og søstrene mine på å sveiva
for det var både tungt og tok lang tid.
Ikkje like kjekt då alltid, men gode minne nå.













 Prestegårdsrosa Rosa x alba 'Maxima' (over og under)



Austinrose 'Mary Magdalene', (over- under)



Mandarin (over- under).



Moje Hammarberg, (over- under).




Milde kveldar for folk,



og for fe.


Mjuke fargar på kveldshimmelen i det sola går ned.


"Kvelden rød, gir morgen sød".
Men i dag kom regnet, men ikkje meir enn eng, åker, og hage hadde godt av :)

torsdag 6. februar 2014

Daggry.

Dagane blir litt lengre for kvar dag og ekstra fargerike er dei når det dagast og avdagast.
Sist innlegg viste eg bilde av solnedgang og blåtime.
I dag byd eg på tre bilde frå eit daggry for nokre dagar sidan :)




Kjekt å få det på minnebrikka før fyrverkeriet er over :)

søndag 2. februar 2014

Det kveldar i januar.

Sjå for deg at du står utanfor huset mitt og ser mot vest 
klokka kvart over fire ein ettermiddag midt i januar.



Så snur du deg mot sørvest.


Snu deg litt til og du ser rett mot sør.


Deretter vender du blikket mot aust og ser månen stige over Vardafjellet.


Stå der ei stund medan naturen går inn i blåtimen.


Stå på nordsida av huset i ly for vinden ein halvtimes tid.


Sjå månelyset spegle seg i Boknasundet.



Snu deg mot sør og sørvest før du skundar deg inn
til godstolen framfor omnen og får varmen i kroppen igjen :)


Dette er ein av få dagar med snø hos oss i vinter.
Bart, tørt og stormfullt er stikkord for vinteren så langt.

Litt lysare for kvar dag nå! Herleg!

lørdag 14. desember 2013

Desemberdagar.

Det er smått med dagslys i desse dagar. 
Det er stort sett mørkt når eg går på jobb og mørkt når eg kjem heim.
Då er det lettare å gripe til strikketøyet enn kamera, 
men av og til blir det litt knipsing.
Alt til si tid.


På trappa står ein lyngkvast, elles er kviletid for det meste ute nå.


Fredag og natt til laurdag for ei veke sidan hadde me eit skikkeleg ruskever her, storm med orkan i kasta.
Ferjeneavgangane mellom Arsvågen og Mortavika var innstilt og brua over Boknasundet var stengt.
Løene våre fekk hard medfart så der trengs det reparasjon.


Legg merke til rekka med vogntog på Austrebokn.


Etter kvart som stormen roa seg kom snøen og la seg som eit teppe over gard og grend.



Små og store kosa seg ute i blåtimen.


Ikkje mykje som minna om stormdagen dagen før her...


Etter ei stund ute i snøen er det godt å gå inn i ei varm og god stove.


Dagen etter hadde me åtte plussgrader og regn. 
Litt melisdryss til jul hadde vore kjekt :)

God helg :)

onsdag 25. september 2013

Haustdagar.

Når dagen startar som dette....




...og sola etter ei stund fløymer inn i stova....


...er det deilig å gå ut og møte dagen.


Andre dagar er det godt med "hole hus med tette tak".


Ønskjer eg deg som kikkar innom :)