Hei igjen :)
Det blir lite blogging på meg for tida dessverre.
Tida går til jobb, familie og hage.
Me hadde nokre dagar med full sommar her og då fekk eg malt rekkverket på terassen.
Kjennes godt å få det gjort.
Me er veldig nøgde med terassen. Kjekt å pynte med blomar nå når sommaren endeleg er her.
Korga på bordet er fylt med søte små alyssum.
Ei georgine har fått plass i hjørnet.
Etter at eg ikkje hadde sommarblomar ifjor grunna husrenovering
er det ekstra kjekt å pynte rundt dørene i år.
Desse er nye av året og eg har ikkje fått namnet med meg.
Nord for bislaget er det lite sol og eg har derfor planta blomar som klarer seg godt i skuggen.
I den minste sinkstampen hadde eg solelskande takløk og sedum frå før og eg får sjå om dei vil trivast her.
Nokre rhododendron opnar knoppane i desse dagar medan andre er på retur.
Overstrødd med blomar, men snart ferdig for iår.
Strandnellik.
Løytnantshjarte.
Det er ei stund før rosene står i flor.
Her har eg samla stauder som tåler å stå vått saman med krukker med femtunge, verbena og fucsia.
Humleblomen har ingenting imot å stå med "beina i vatn" store deler av vinteren.
Sibiririsen har opna den aller første blomen.
Fylt tusenfryd er verkeleg ein fryd for auga.
Stemor høyrer med.
Rosa rugosa Moje Hammarberg står full av knoppar og første rosa har opna seg.
Syriner høyrer med i ein gardshage :)
Ein stor del av fritida går med til hagestell, men når det er noko av det kjekkaste eg gjer er det heilt greit :)
Eg takkar så mykje for alle dei koselege kommentarane eg får av dei som er innom bloggen min :)
Gode sommardagar til deg :)