Viser innlegg med etiketten Frøken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Frøken. Vis alle innlegg

torsdag 13. september 2012

Favoritt i hausthagen.


Anne på Moseplassen vil gjerne ha oss til å vise kva som er finast i hausthagen vår akkurat nå.
Her hos meg er hagen sterkt prega av alt regnet me har hatt i lang tid.
Likevel er det nokre planter som ikkje bryr seg så mykje om at det regnar,
ein av desse er fuksia som eg har eit stort eksemplar av.
Eg fekk han til fødselsdagen for nokre år sidan og har gleda meg kvart år etter det.
Så denne er nok min favoritt i hagen i desse dagar :)

 I det blomane spring ut er dei mørk lilla, men dei blir lysare etter kvart.


Eg har pleid å klippe han ganske mykje før eg tar han inn i potetkjellaren seinhaustes,
men i fjor ribba eg berre greinene for blad så i år har han vore mykje større  enn før om åra.


For ei stund sidan blæs det kuling og dermed brekte fleire greiner av 
så då måtte eg plassere han i livd bak huset for nokre dagar.

Kjekt når det me jobbar med trivst og gledar oss med flott bløming :)

Ta deg ein tur innom hos Moseplassen og sjå mange andre flotte haustfavorittar :)

mandag 8. august 2011

Frøken Rose 2011

Så er Anne på Moseplassen  igong med konkurranse igjen :) Eg hiv meg på som vanleg :)
 Denne gongen er det Frøken rose 2011 som skal kårast.
Mi frøken har eg hatt i bildearkivet ei stund og har hatt henne på bloggen før, men ikkje i nokon konkurranse. Dette bildet betyr veldig mykje for meg fordi det er tatt gravferdsdagen til mor.
Denne frøkena vil eg presentere som  Frøken Vinterkyss.
Frøken Vinterkyss symboliserer varme og gode minne.


Klikk på "bildeknappen" over her og sjå alle dei flotte kandidatane :)
Stem på det du likar best eller delta om du har lyst :)

onsdag 6. juli 2011

Frøken markblomst.

Så er Anne på Moseplassen ute med ny konkurranse. 
Denne gongen er det frøken marblomst som skal  kårast. 
Her kjem mitt bidrag: 
Ho heiter frøken Mari Hånd og er ei fin og fornem frøken.
Frøkena stod i sin finaste skrud mellom mange andre fine markblomster i ei blomstereng.
Om du likar frøken Mari Hånd så kikk innom Moseplassen og stem på henne :) Kanskje finn du andre flotte kandidatar du har lyst å stemme på eller kanskje har du lyst å delta sjølv. Trykk på bildet over så kjem du inn på konkurransen.

mandag 6. juni 2011

Frøken lilla.

Her kjem mitt bidrag til frøken lilla-konkurransen hos Moseplassen
Frøkena heiter Lilla Storkenebb. Ho har dusja og pynta seg, men litt blyg blir ho over det ærefulle oppdraget det er å reprensentere Heimdalhagen i konkurransen :)

Har du lyst til å delta eller stemme på min eller ein annan kandidat så kikk innom på Moseplassen :)

torsdag 22. april 2010

Stolt frøken Vårfryd!

Frøken "Silkefløyel Seljekvist" vann "frøken Vårfryd" Konkurransen hos Moseplassen :)
Frøkena er sjølvsagt kjempestolt der ho i desse dagar står med bleikgul topp og i yr begeistring strør ut pollenstøv over alle som går forbi! Både ho og eg har blitt intervjua på Moseplassen :)
Klikk deg inn her og les :)

onsdag 14. april 2010

Frøken Vårfryd 2010

Eg vil også denne gongen delta på konkurransen hos Moseplassen. Temaet for konkurransen er "Frøken Vårfryd". Det er mange ting eg frydar meg over no om våren, men eg vil vise det aller første vårteiknet eg fann i år. Ein mjuk liten gåsunge med doggdråpar på. Her er frøken Silkefløyel Seljekvist :)
Har du lyst å delta i denne uhøgtidelege konkurransen sjølv eller stemme på ein av kandidatane klikk deg inn på Moseplassen og sjå alle kandidataene :)

søndag 14. mars 2010

Frøken frø.

Eg kastar meg på konkurransen i siste liten med frøken Bustehåve. Denne frøkena avløyser ein vakker blå alpeklematis.
Du finn mange andre kandiatar hos Moseplassen. Kikk innom enten du har lyst til å delta sjølv, stemme, eller berre kikke :)

onsdag 3. februar 2010

Frøken Solslikk.

Eg vil gjerne delta i Moseplassen sin uhøgtidlege konkurranse. Her kjem min kandidat.
Dama heiter frøken Apal Blom. Ho lyste mot meg og mot sola i fjor vår.
Fruktblomar er noko av det vakraste som finns og så luktar dei så herleg! Frøken Apal Blom er ein villapal(sureple). Epla er små og kvinsure, men treet blømer overdådig. Stikk innom Moseplassen for å delta i konkurransen eller for å stemme på ein av kandidatane.

lørdag 16. januar 2010

Frøken frost.

Her kjem mitt bidrag til konkurransen hos Moseplassen.
Eg presenterer med dette frøken Snøkrystall! Ho er kledd i kvit tidlaus vinterdrakt påsydd små paljettar som reflekterer sollyset om dagen og måneskinet om natta. Kikk innom hos Moseplassen for å stemme på dei ulike vakre Frøken Frost kanditatane :)

fredag 6. november 2009

Frøken hagegjest.

Moseplassen er igong med ny konkurranse. Denne gongen er det frøken hagegjest som er temaet. Her kjem min kandidat, ho heiter frøken Lime Sommarpust.
Har du lyst å vere med på konkurransen? Klikk deg inn til Moseplassen :)

søndag 11. oktober 2009

Frøken haust.

Her kjem mitt bidrag til "frøken haust" konkurransen arrangert av Moseplassen.
Frøkena mi heiter; Frøken Fordums Prakt. Har du lyst til å lese meir om konkurransen eller har du lyst å delta? Klikk deg inn hos Moseplassen!

tirsdag 3. mars 2009

Miss seed. / Frøken frø.

La meg presentere frøken Våryr. Eg er ikkje så flink med såing av frø, eg kjøper helst plantene når dei er blitt lubne og fine. Likevel tyder ikkje det at det ikkje blir sådd frø i hagen hos meg, -masse frø! Ikkje så veldig velkomne kanskje, men du så vakre! Frekk og freidig klorar løvetannen seg fast med ukueleg livsmot og prisar våren med sine knallgule soler. Og frøa sviv rundt i hagen som små fallskjermar ved det minste vindpust.
Dette er mitt bidrag til konkurransen på Moseplassen denne gongen.