søndag 30. november 2008

Første søndag i advent.

Adventskransen er på plass. Eg har same kransen eg har brukt i årevis, men med ein ny vri i år. For hundre år sidan blei det planta ein allé med almetre langs ein hellegang mellom huset og løa hos oss. Dette har nok vore veldig vakkert då trea var i "rett" høgde. Sidan almetrea blir svært høge og omfamnsrike har me måtta fjerne eit etter eit av dei som stod nærast huset etter kvart som dei blei for store. Då me saga ned eit i 2005 gav me bort noko av stammen til ein som lagar fine trearbeid. Som takk fekk me tre nydelege trefat, eit til meg og eit til kvar av søstrene mine. Alle er ulike, både frå naturen si side og frå trearbeidaren si hand. Mi er tatt ut or treet akkurat der treet deler seg i fleire greiner.
Alm frå Heimdal 2005 står det under.
Eg er veldig tradisjonsbunden når det gjeld advent og jul. Hos meg er og blir adventsfargen lilla.
Så er første lyset tent også i år. Me tenner det for glede, heiter det i eit av adventsdikta våre. Kanskje er ikkje det sjølvsagt for alle. Har lyst å ta med dette diktet av Bente Bratlund.
Uventa
Gledene kan vi aldri forutseia
eller dela opp i tilmålte porsjonar.
Uventa kjem dei smettande og
leitar etter opne liv.
Midt i kransen har korta eg kjøpte av Hulda fått sin naturlege plass.
Eg har også pynta med sjuarma lysestake og stjerner i vindauga.
No står alle orkideene mine i knopp eller blom, fleire av dei i lilla.
Eg ønskjer deg ei god adventstid :)

tirsdag 25. november 2008

Ein liten smak av vinter.

Mandag gjekk eg tur i dagslys og kamera var med på turen. Ved Bokn kyrkje tar eg av frå asfaltvegen og følgjer ein traktorveg mot utmark og skog. Vegen går jamt oppover frå eg går heimefrå til eg er kome halvegs på rundtturen eg går. Her er eg på høgaste punktet før det går bratt nedoverbakke. Her har me utsyn over fjorden og kvitkledde fjell nordaust for Bokn.
I dalbotnen ligg Stollstjørna. Himmelen speglar seg i eit tynt islag.
Herfrå går eg vidare gjennom skogen. innimellom trea i livd for ver og vind står eit bord for dei som vil ha ein liten pause.
Ein liten bekk sildrar gjennom landskapet.
Tett på ein grankvist.
Ein bitteliten istapp med ørsmå luftbobler.
Snøkrystallar.
Naturen sin eigen julepynt.
I kveld regnar det igjen etter ein liten forsmak på vinteren. I morgon kan eg la isbroddane ligge heime når eg går til jobb. Det er meldt ni varmegrader til i morgon! Det minner meg om ei strofe i ein sang av Vamp; og ute er det høst og nesten vår.

søndag 23. november 2008

Utfordring

I ein mørk vinterkveld som denne er det kjekt å minnast lyse sommardagar! Bilde frå ein rusletur ved sjøen i midten av august.
Eg har fått denne utfordringa eit par gonger, sist av
5 ting eg likar..
vere saman med mann og barn,
kose meg med hagearbeid,
tanketurar i naturen, såkalla tankegang, hehe
fotografere og redigere bilde,
våren.
5 ting eg ikkje likar..
urettferd,
sladder,
generalisering,
høgder,
å reise med båt når det blæs,
5 artistar/musikk eg likar..
Odd Nordstoga,
Vamp,
Bruce Springsteen,
Jan Ingvar Toft,
Okersol.
Eg utfordrar deg som har lyst :)

lørdag 22. november 2008

Vinteren er her.

Så er vinteren komen til sørvestlandet. Etter tett snødrev i heile går har dagen i dag vore nydeleg med sol frå nesten skyfri himmel. Måtte ut og ta bilde i åttetida i dag då det grydde av dag.
Trass i godveret har eg vore innomhus nesten heile dagen i dag. Eg har vore på julemesse i nabokommunen. Eg var heldig og vann juleløpar. Det var litt av kvart å få kjøpt, eg kom heim med lefser, potetkaker og nordlandskaker. Skal ha besøk i morgon og då skal gjestene få heimebakst til kaffien :)
GOD HELG!

lørdag 15. november 2008

Tuntreet i fokus.

Eg har lenge tenkt å lage ei fotohistorie med utgangspunkt i desse bilda av eit av favorittrea mine, ei alm som er tuntre i hagen hos oss. Alma er minst hundre år gammal og ho har vore på bloggen min fleire gonger før. Alle som kjenner meg veit at eg er glad i naturen og alt som lever der, dyr, fuglar, tre og planter. Eg er fasinert av skiftingane som årstider, sollys, vind og væte fører med seg. Eg har tatt mange bilde dette året der denne alma står i fokus, men der naturen rundt, veret og årstidene også er eindel av historien. Ved å klikke på bilda får du eit mykje betre inntrykk. Første bilde er frå 12. januar, det er tatt i det det begynnar å mørkne om kvelden. Ein vakker måneskinskveld, 21. januar.
Nordavind og kulde og med eit lett snødryss 2. februar.
Skodda lettar. 10. februar.
23. mars kom vinteren hos oss i år.
Seinare same dag. Snødrevet har letta, eit kvitt teppe har lagt seg over frosen jord.
Sist i april kan me skimte nye blad på dei nedste kvistene på alma.
Sola bryt gjennom skoddedisen 4. mai.
Ein strålande blikkstille dag går mot slutten, 5. mai klokka ni om kvelden
Klokka ni om morgonen 8. mai, frigjeringsdagen.
Sevja stig og trekruna blir grønare for kvar dag som går. 11. mai.
23. mai, tydeleg forskjell på tolv dagar.
Sommaren er her med nyslåtte bakkar 13. juni. Det var skiftande skydekke og frisk nordavind denne dagen.
Midt i juli. Me hadde ein nydeleg sommar i år! Litt regn innimellom gjorde at naturen heldt seg frodig og grøn.
Sola gjev gjenskin i skyene sør for oss og gyllar kvelden i eit rosa skjær. 4. august klokka halv ti om kvelden.
Her ser me litt av same effekten 18. oktober, men no er klokka berre fem om ettermiddagen. Hausten er her og alma står igjen med sprikande nakne greiner.
Syklusen i naturen gjentar seg år etter år, sol og væte i tilmålte porsjonar. Storm eller stille, flaum eller tørke, varmt eller kaldt, mykje kan vere ulikt frå år til år, men årstidene kjem og går styrte av sollys og temperatur.
Så har alma stått her i storm og stille igjennom fleire generasjonar medan menneske har kome og gått til og frå fjøs og onnearbeid. Her har dei sprunge berrføtt som barn i lyse sommardagar og rusla heim i doggvått gras etter leik og moro i seine nattetimar i ungdomstida. Her har dei også gått med tunge akslar i sorg og ikkje visst korleis dei skulle møte morgondagen. Latter og gråt, barndom og alderdom, krig og fred, alle livets fasettar. Ein mosaikk av fargerike, lyse ellr mørke brotstykke av levde liv. Eg veit ikkje livslengda på eit almetre, men eg håpar at ho står her også i mi levetid.

søndag 9. november 2008

Å fargelegge ein gråversdag.

Eg vakna av regnet som tromma mot ruta i dag. I tillegg blæs det stiv kuling så det var ikkje mykje utlokkande. For ein grå og trist dag var dei første tankane som gjekk gjennom hovudet mitt. Medan eg laga til frokost kom ei strofe frå diktet Hverdag av Louis Jacobi opp i tankane mine; -det er du som gjør din dag og tinning grå... Her sit eg i ei varm stove med ein god kopp kaffe, eg har fri, middagen putrar på komfyren og "minstemann" er heime på helgebesøk. I ettermiddag skal me til svigerforeldrene mine på kaffi og fløytekake, skal feire farsdagen hos dei. Og når eg har verdas beste svigermor er det ei stor glede. Eg har ei stille stund med berre radioen som selskap, den "unge mannen i livet mitt" var på dans i går og er ikkje oppe ennå og "midt i livet mannen i livet mitt" er ute og steller dyra. Er det ein grå dag? Nei, slett ikkje! Det er eg sjølv som fargelegg dagen min! Eg viser blomebilde frå solrike sommardagar, blomar som lyser opp i ein gråversdag i november.
Ute har vinden stilna og regnet letta, eg trur eg tar gode sko og regntøy på og går når me skal ut etter middag. Ein time i frisk luft er prikken over i-en på ein god dag. Då kan eg kose meg med kake med godt samvet også, hehe.
God søndag :)

torsdag 6. november 2008

Tuesday at dawn.

The view from my bedroom window on Tuesday morning at dawn.
This is the same branch I showed you on last sky watch post. The post is here. See the difference!