Oktober nærmar seg slutten og hausten går snart over i vinter. Her har me stort sett hatt det frostfritt til no så framleis står nokre av blomane eg har ikrukkene frodige og fine. Likevel har hausten sett sitt merke på det meste. Trea er stort sett utan blad, dei ligg strødde utover plenen. Rosehekken ser ut som "brennande tornebuskar" på rekke og rad.
fredag 30. oktober 2009
På tampen av oktober.
onsdag 28. oktober 2009
Sjarmør i pels.
søndag 25. oktober 2009
Katten sit i tunet.
Balder er ein ekte gardskatt som har oversikt over det meste som skjer på garden. Han likar å vere ute og han kjenner kvar ei kro i fjøs og låve. Då eg var ute på fototuren min i går låg han og sov i sola, men vakna då han høyrde at eg kom.
Katten
sit i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.
Olav H. Hauge
lørdag 24. oktober 2009
Mellom bakkar og berg.
Her kjem nokre bilde som eg har tatt rundt om på garden vår i dag. Dei to første er frå nabogarden der me leigar. Første bilde viser restene av ei gammal rogn.
torsdag 22. oktober 2009
Award og utfordring :)
Eg har fått denne fine awarden frå mi gode bloggvenninne Juni.
Eg blir utfordra til å fortelle sju ting om meg sjølv og å dele awarden vidare til sju andre.

7 ting om meg:
1. Eg er veldig glad i alt som lever og gror i naturen, både dyr, fuglar og blomar.
2. Eg er veldig glad i jobben min i barnehagen.
3. Eg er fasinert av alle årstider, men forventningen om våren og lyset om sommaren er aller best.
4. Eg har tre fantastiske barn, dei er saman med mannen min, dei aller viktigaste i livet mitt.
5. Eg er eit utprega B-menneske, eg likar seine kveldar og søv gjerne til klokka ni om morgonen om eg ikkje må opp før.
6. Eg er sosial og likar å vere saman med menneske.
7. Eg skulle veldig gjerne hatt hatt ei fast turvenninne eller turgjeng som eg kunne gått ilag med to-tre gonger i veka, eg kan vere litt treig til tider.
Så til den delen av awardane som eg likar minst, nemlig å dele vidare. Ikkje det at eg ikkje finn nokon å gje han til, snarare tvert imot. Derfor gjer eg dette på den enklaste måten; eg utfordrar deg som er innom som har lyst å skrive litt om deg sjølv til å ta awarden med deg til din eigen blogg :) Alle de som er innom hos meg og kommenterer titt og ofte er verd denne :)
Ingen nemt, ingen gløymt :)
tirsdag 20. oktober 2009
Aller siste rest.
I dag vil eg vise litt av aller siste rest i hausthagen. Femtunge er framleis frodig og i full bløming.



Abonner på:
Innlegg (Atom)