tirsdag 30. juni 2009

Rosene blømer.

No blømer rosene i hagen. Rosene er dei aller vakraste blomane hos meg.
Eg har ei "prestegårdsrose" som sikkert er nærare hundre år gammal. Eg veit ikkje namnet. Knoppane er lys rosa, men blir melkekvite etter som dei opnar seg. Rosa er rotekte og det kjem stadig nye rotskot. For eitpar år sidan dukka det opp ei grein med enkle roser, vakre dei også. Rosa blømer overdådig og luktar himmelsk! Eg har eit espalie framføre rosa der eitpar breiskolm klatrar (det grøne midt på bildet). Vidare følgjer bilde av mange av dei andre rosene i hagen. Kvar ledige stund blir brukt i hagen for tida, i dag har eg brukt fridagen til å luke alle bed. Herleg ver her, 22-23 gr. Eg likar det betre enn 28 som me har hatt dei siste dagane.
Nyt dagane :)

mandag 29. juni 2009

Campanula

Blåklokker er nokre av favorittane mine i hagen. Uheldigvis er dette sneglesnadder så dei fleste står i krukker og kassar der det er vanskeleg for sneglane å kome til.
Desse to første bilda er av knoppane til fagerklokke, Campanula percifolia 'Grandiflora' Betlehemsklokke, Campanula isophylla (under). Dei fem neste bilda er av fagerklokke Campanula percifolia 'Grandiflora'. Desse står i staudebedet og blir ganske høge med store klarblå klokker. Ei og anna 'Alba' innimellom (kvit). Stjerneklokke, Campanula poscharskana har eg i trekassar og krukker. Dei har lange hengande stilker med masse stjerneforma klokker. I korga framme på sykkelen eg har til pynt har eg krypklokke, Campanula portenschlagiana (dei tre siste bilda). Campanula er lette å få til. Dei treng ikkje mykje gjødsel og dei fleste tåler godt tørke. Om du ikkje har problem med masse sneglar er det greie planter i hagen. Her hos meg overlever dei vinteren greit, men me har svært milde vintrar her.

lørdag 27. juni 2009

"Når netter er ljose som dagar..."

Midtsommar, sol og varme. Sommaren har kome for fullt! Sola skin til seine kveld og ho er oppe grytidleg om morgonen. Dei fem første bilda blei tatt onsdag rett før midnatt.

Fredagkveld klokka halv åtte, 23,5 gr. Ei lta skøyte tøffar gjennom Boknasundet. Boknafjorden ligg speglblank i sør. Revebjøller og markjordbær veks langs landevegen. Det er grønt og frodig rundt Boknabergsvatnet. Klokka er mellom halv tre og tre då eg ruslar same vegen tilbake. Det er tropenatt, fuglane er begynt på morgonsongen sin. Boknafjellet speglar seg i Boknabergsvatnet. Boknasundbru ligg opplyst nede til høgre på siste bilde. Heimdalhagen er fylt med vivendelange og fuglesong då eg kjem heim.

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det.
Nå skal vi vandra isaman ute, under dei lauvtunge tre, under dei lauvtunge tre.
Nå skal vi vandra isaman ute, der blomar i graset står. Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, som kruser med dogg vårt hår, som kruser med dogg vårt hår.
Vi skal ikkje sova frå høysåteangen og grashoppespelet i eng, men vandra i lag under bleikblå himlen til fuglane lyfter veng, til fuglane lyfter veng.
Og kjenna at vi er i slekt med jorda, med vinden og kvite sky, og vita at vi skal vera isaman like til morgengry, like til morgengry.
Lyrics: Aslaug Låstad Lygre