Klaserosa 'Sweet dream' er småvokst, men tåler ein regnfull vestlandssommar utruleg godt. Sjølv nå sist i oktober står ho frodig og frisk i full blom.
Til sist ein blom frå mi eiga stove. Novemberkaktusen eg viste i knopp for eit par dagar sidan ser slik ut i dag. Nydelege blommar! / This cactus is mine.
Takk for koselege kommentarar på innlegget under. Eg storkosar meg med tilbakemeldingane. Ønskjer alle ein fin torsdag! / Have a nice day!
onsdag 31. oktober 2007
Svigermor sine blommar. / My mother in law's flowers.
Då me henta sauene i går var me innom hos svigerforeldra mine til kaffi. Det er obligatorisk når me jobbar med dyra våre hos dei. Svigermor er veldig gjestfri og kaffetraktaren blir sett på med det same ho ser oss. Eg tok bilete av nokre av blommane hennar. Svigermor har fine blommar både inne og ute. På biletet under ser me også litt av utsynet frå stovevindauga. / Flowers in my mother in law's living room and flowers in her garden.
Minne frå tider som var... / Some old horse shoes...
Det blømer litt ute ennå. Her er ein vårblom som er "døgnvill". Primula.
Haustastersen står i full flor tross regn, regn og atter regn.
tirsdag 30. oktober 2007
Heim frå beite. / Home from the pasture.
I dag har me henta sauene heim frå beite. Nå har dei gått på beite på garden til svigerforeldrene mine sidan mai. Me selde ein del lam for ei tid sidan, nå var her førtitre dyr igjen som skulle heim. Her har mannen min ropa på dei og då kjem dei springane og samlar seg ved grinda. / Today we took our sheep home from the summer pasture.
Først hadde me dei inn i sauefjøset og delte dei i to flokkar. Det var ikkje plass til alle i vogna på ein gong. Sauene er vane med å køyre så det går veldig greit å få dei i vogna.
Ein av villsauene følgde med inn. Ho klarte ikkje å få tak i kraftfor i eta fordi horna var i vegen. Me gav henne litt i ei bøtte, før ho fekk sleppe ut til dei andre villsauene.
Villsauene er vakre dyr. Dei er vare og lette på foten. Eit gjerde er ingen hindring. Ikkje så kjekt når E 39 går på andre sida av gjerdet. Det blei nok ikkje slik som me hadde tenkt... / Our "wild sheep" lives outdoor summer and winter.
Villsauland. / Wild sheep land.
I dag har eg ikkje hatt tid til å kommentere i så mange bloggar så eg sender ei helsing til alle her. Tusen takk for alle gode ord! / Have a nice day!
mandag 29. oktober 2007
Fritid / Spare time
Frihelg! Berre ordet smakar godt! Eg hadde planar om ein lang og frisk tur i naturen denne helga, men det blei med planen. Eg orka ikkje når eg blei møtt med dette veret. / My plan was to take a long walk in the nature on Saturday, but it was raining and blowing so much that I decided to stay indoors.
Brukte heller laurdagen til å gjere skikkeleg reint og rydde litt ekstra i skuffer og skap. Eg "dulla" litt ekstra med plantene mine. Såg at denne sto full av kvite små blommar.
Bitte, bitte små, dei likna på liljekonvall. Den grå dagen lysna litt...
Eg har ein liten novemberkaktus med nokre få knoppar. Bilete over er tatt for nokre dagar sidan, bilete under på laurdag. Dagen lysna ennå litt meir...
Då det kvelda tente eg levande lys i heile stova, eg hadde mange halvbrende telys etter kulturkvelden. / In the evening I lit a lot of candles in my living room.
Kunne ikkje klare meg heilt utan elektrisk lys, måtte ha lys til å sjå handarbeidet. Spanderte på meg eit wienerbrød sidan det var helg. / I did some needlework and had coffie and a Danish pastery. My husband was working.
Kikka i mor si gamle strikkebok. Eg syntest alltid omslaget var så nydeleg. / An old knitting book.
Her var det strikkeoppskrifter til klede til heile familien.
Sånn var det då! / Those were the days...
Siste mote frå Paris! / Fashion from Paris!
Då eg var lita jente likte eg så godt denne vesle pusekatten bak på boka.
Søndag hadde me besøk. Søndagen min blei nok trist på ein måte, grunna denne sorga eg fekk innblikk i. Takk for alle hjartevarmande kommentarar på innlegget under. Eg gjorde det som var naturleg for meg. Eg er forsiktig med å ta ordet "kall" i munnen min, likevel trur eg at ei av mine viktigaste oppgåver her på jord er å vere medmenneske...
Eg vil ønskje alle som er innom ei god ny veke. / Thank's for all nice comments on my latest post! I wish you all a nice week!
søndag 28. oktober 2007
I den ordlause time
livet skifter så fort
et ord
en telefon
en samtale
et bud
så er alt forandret
~~
som en gnist i tørr skogbunn
flammer virkeligheten opp
mot lys
eller mørke
~~
og livet
er aldri mer hva det var
så fort
I den ordløse time
jeg vil gi deg vakre ord men jeg er ordløs
jeg vil gi deg trøst men smilet er frosset
jeg vil gi deg lindring men hånden kjennes kraftløs
jeg vil gi deg tro men bønnenne vender tilbake
allikevel kan du lene deg mot meg
så står vi begge i Hans armer
Medmenneske
gå stille gjennom døren som åpnes mot din neste
slik at du ser hvem han er
lukk så døren bak deg og bli der inne
ikke bare i medgangs lyse dager
men vent med ham
gjennom nattens lange timer
slik at dere ser soloppgangen sammen
Alle dikta er skrive Tove Houck
Etiketter:
Dikt og visdom/Poems and wisdom,
Sky Watch Friday
lørdag 27. oktober 2007
Mi tru.
Først eit par sitat:
Den som strevar etter eit liv utan liding, misser livet.
Den som søkjer eit liv utan sorg, misser gleda.
Og den som traktar etter fellesskap utan konflikt, misser fellesskapet.
Jurgen Moltmann
~~
Me er ikkje lova fråver av liding,
men nærver i liding...
Per Arne Dahl
___________________
Når jeg sier jeg er en kristen, roper jeg ikke "Jeg er frelst!"
Jeg hvisker "Jeg går meg vill." Derfor valgte jeg denne veien.
~~
Når jeg sier jeg er en kristen, snakker jeg ikke med stolthet.
Jeg tilstår at jeg snubler og trenger noen som kan lede meg.
~~
Når jeg sier jeg er en kristen, behøver jeg ikke å være sterk.
Jeg tilstår jeg er svak og ber om styrke til å fortsette.
~~
Når jeg sier jeg er en kristen, skryter jeg ikke av suksess.
Jeg tilstår at jeg har feilet og kan aldri betale min gjeld.
~~
Når jeg sier jeg er en kristen, utgir jeg meg ikke for å være perfekt.
Mine feil står synlige, men Gud synest jeg er verdifull!
~~
Når jeg jeg er en kristen føler jeg fremdeles smerte.
Jeg har min andel bekymringer derfor søker jeg hans navn.
~~
Når jeg sier jeg er en kristen, ønsker jeg ikke å dømme.
Til det har jeg ingen myndighet. Jeg vet kun at jeg er elsket!
Ukjent forfatter.
fredag 26. oktober 2007
Handletur og kulturkveld. / Shopping and a concert.
I går var eg på bytur. Eg kosa meg med å gå i mange butikkar. Eg kjøpte litt til stova. Endeleg noko skikkeleg til å ha hageblada mine i. Kan ikkje kaste dei som gamle aviser. På toppen har dei finaste hagebøkene mine kome til sin rett. / I drove to the nearest city and went shopping yesterday. I bought this chest of drawers for my garden magazines. On top I put some of my garden books.
Denne korga falt eg for. Ho passar inn overalt. / I just loved this basket.
Serviettar og lys kjøper eg alltid når eg er ute og reiser. / I always buy napkins and candles when I'm in the city.
Litt til fest. Og litt til kjøkkenbordet når eg får ei eller to venninner på besøk.
Om kvelden var eg på kulturkveld. Eg er med i mållaget og eg var med og smurte rundstykke og laga til. / I went to a concert in the evening. It was very nice!
Visegruppa Rekved deltok. Folk kosa seg både på framsyninga og med kveldsmat, kaffi og ein god drøs etterpå.
Eg har ikkje fått svara på kommentarane denne gongen heller, vil derfor takke alle for koselege helsingar. Det er veldig kjekt å knytte nye vennskapsband med damer frå heile landet. / Thank you for your comments on my last post.
GOD HELG! / I wish you a really nice weekend!
Abonner på:
Innlegg (Atom)