"I hagen ved skauen" oppmodar andre bloggerar til å vise vårteikn kvar søndag
slik kan me sjå kor langt våren er komen til dei ulike delane av landet vårt.
Dette er eg med på når det passar for meg
og i dag har eg tid og lyst å kome med mitt bidrag :)
Etter ein snøfattig og kald vinter begynnar det endeleg å grønkast på bakkane.
I går, laurdag, hadde eg ei god økt med våropprydding i hagen.
Eg klipte mellom anna rosetrea mine.
Til mi store glede ser det ut til at det er liv i alle trass i ein for oss som bur i sone 1-2
heller kald vinter med mykje barfrost.
Klarblå Vårkjærminne lyser mot meg, eg synest dei er så vakre :)
Nå blømer vårlyngen ved granrota :)
Ei linselus lurer seg med på bildet ;)
Pusur fotfølgjer meg når eg jobbar i hagen så nokre kosepausar må me ha :)
Han ser litt morsk ut kanskje, men snillare katt skal du leite lenge etter :)
Litt fargar i bedet også etterkvart.
Gladfargar :)
Dei første perleblomane står i knopp,
snart blir dei mange. Ein vårfavoritt!
På trappa :)
Klikk på bildet over så finn du lenker til mange andre vårteikn frå det langstrekte landet vårt.
I går hadde me nydeleg vårver, idag, på konfirmasjonsøndagen her på Bokn,
blæs det friskt og regnar. Ikkje ønskever akkurat, men lite å gjere med det.
God søndag :)