Strålande solskin og temperatur heilt opp mot 15-20 grader i påsken
og fram til og med helga som var har gjort at naturen
nærast har eksplodert i det siste.
Slik også i hagen hos meg!
Frå dette,
til dette på få dagar.
Lyng og rhododendron i friskt samspel.
Heile vinteren har vore mild så det er ingen frostkader på plantene i vår heldigvis.
Også i staudebedet er det god vekst. Mest påskeliljer og perleblomster som blømer til nå.
Løytnantshjarte har eg i både kvitt og raudt.
Desse var nye i fjor for dei eg hadde var forsvunne av ukjent grunn.
Denne raude fann eg avbrekt ved rota i dag.
Kanskje katten eller eit anna dyr som har vore der, ikkje veit eg.
Er spent på om den vil spire på ny.
Gravmyrt breier seg utover og tar seg tilrette så den må haldast i sjakk,
men den er vintergrøn og fin synest eg.
Vårkjærminne.
Forglemmegeisøster.
Forglemmegeisøster.
Eg har masse vårkål rundtomkring, mellom anna i plenen.
Dei får stort sett stå og lyse opp om våren for dei visnar tilbake etter bløminga.
Til å bli glad av :)
Nå er temperaturen tilbake til vanleg vårtemperatur,
rundt 7 grader i dag, og kuling frå nord så nå er bremsen sett på igjen :)