
Eg har mottatt fire Kreativ Blogger awardar dei siste dagane og no er det vel på tide at eg gir han vidare til bloggar eg likar. Først vil eg seie tusen takk til
Interiørgleder, Litt av meg,
Som dagene går og
Ida's little corner of the world. Eg blir like glad kvar gong nokon gjev meg ein award!
Så over til dei eg vil gi awarden til. Det er mange vakre, kreative, koselege, inspirerande og flotte bloggar. Ikkje lett å velje berre nokre få. Denne gongen har eg valt bloggar som er nokså nye, dei fleste har starta opp med blogging dette året. Det er så kjekt å bli kjent med nye bloggar, nokre av dei blir straks favorittar som eg ofte besøker.
Den første eg vil gi awarden er
Oleiv Lenes Krativitet. Ho har ein koseleg blogg med bilder tatt ute og inne og med innlegg om handarbeid, familie og litt av kvart elles.
Den andre eg vil gi awarden til er
Maritas Hage. Bloggen er ein hageblogg og eg storkosar meg hos henne.
Moseplassen er også ein av mine nye favorittar, her finn eg mange tips om planter og hage. Her er også nydelege bilder.
Gårdslivblogg handlar om livet på ein gard, om hage og natur. Midt i blinken for meg, her føler eg meg heime.
Den siste eg vil gi ein award denne gongen er
Eba & Co, her er det bilder av vakre og koselege heimelaga kort. Eg fekk sjølv
dette stilege kortet frå Eba i februar. Som det ser har eg lenka til både dei eg har fått awarden frå og dei eg har gitt han til, alle er vel verd eit besøk!
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
Eg har også fått mine
"femten minutt i rampelyset". Kjekt at
Bokn kommune og Bygdabladet vil lenke til Heimdal på sida si, men det er litt skremande også. No blir eg vurdert av mange som kjenner meg. Eg vil seie til mine nye gjester at dette er ikkje noko tidskrift på nokon måte, men min personlege blogg som vil vere farga av min ståstad, mine interesser og mine meiningar. Du er hjarteleg velkomen inn som gjest når du måtte ønskje :) Legg gjerne igjen ein kommentar, det set eg stor pris på!