onsdag 21. september 2011

Ein liten bukett roser.

"Har du en hobby som du er blitt glad i så trenger du ikke å kjede deg mer"!
Når eg sit med fotoredigering storkosar eg meg :)










Når dagane er travle og tidvis krevande er det godt å koble ut alle plikter og krav 
og berre gjere ting som gjev udelt glede av og til  :)

Håpar at du også kosar deg over resultatet saman med meg :)

søndag 18. september 2011

Når hausten er på sitt finaste.

Det er mykje regn og rusk om hausten på desse kantar av landet, 
men av og til glimtar naturen til med dagar som veg opp for alle dei grå. 
Himmelen er så blå, så blå med skyer som ser ut som små kvite bomullsdottar.
Sjøen ligg blank og speglar himmel og jord.






                                                                       
Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik
med fagre fjell og fjord og tronge vik,
det stig i all sin venleik stort og vilt
og atter møter meg så mjukt og mildt.

Og gleda strøymer i meg still og stor
med glans av bjørkeli og blåe fjord.
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.

onsdag 14. september 2011

Ein sommar er over...

For meg som er "hagegal" er det kjekt å lagre sommarminne som bilde som eg kan kose meg med
når hagen blir haustbrun og etterkvart går meir og meir i dvale.

Eg har vel aldri så lenge som eg har hatt hage vatna så lite som iår. Det har naturen sørga for sjølv.
Nå skal det vel også seiast eg eg aldri har hatt færre krukker enn denne sommaren. 
Reknar med at til neste år skal alt vere på plass igjen etter husrenoveringa. 
Gledar meg alt nå til å pynte rundt "nytt" hus :)

Ha ein fin kveld :)

lørdag 10. september 2011

Eit lite pust av ettersommar.

I dag blir det eit lite arkivdykk her hos meg. I midten av august var eg ute på ein liten kveldstur der eg hadde kamera med. Heldigvis går ikkje bilde ut på dato, det må isåfall vere julebilde som blir lagt ut i februar, hehe.
Skyene har lagt eit lite "blondeslør" over himmelen ein blikkstille kveld. 
Eit lite pust av ettersommar som tar farvel og bed oss ønske hausten velkommen.



August er det mykeste myke jeg kjenner
denne skjelvende streng mellom sommer og høst
denne dugg av avskjed i mine hender
Dette hemmelige milde inn over jorden
denne lyende stillhet:
Tal, Herre, tal!
Dette lyset som hviler
på modningens høyde,
dveler
og synker mot visningens dal
Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen
Denne ettårsfred over sted og forstand
Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land
Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste jeg kjenner,
myk som sorg og som kjærlighet
Einar Skjæraasen

mandag 5. september 2011

God mandag :)






Vil ønskje alle som kikkar innom bloggen min ein god mandag :)

lørdag 3. september 2011

Langt der borte i solskinet...




Langt der borte i solskinet er mine høgaste mål.
Kan hende når eg dei ikkje,
men eg kan kikke opp og sjå kor flotte dei er,
og tru på dei...
Louisa May Alcott