lørdag 29. juni 2013

Feriemodus :)

Fredag starta ferien for meg. 
Når andre pakkar kofferten  og set nasen mot varmare strøk 
set eg nasen mot BoGrønt på Spanne og kjøper nye stauder ;)


Når me nå er komne til slutten av juni 
er det masse som er frodig og fargerikt i hagen.


Campanula Get Mee har stått her i sykkelkorga nokre år
og klarte den harde vinteren utan problem heldigvis.


Vannirisen blømer akkurat nå.



I desse krukkene har eg planta løvemunn.
Valde desse fordi sneglane ikkje har dei som favorittmat,
men for eit par kveldar sidan fann eg ikkje mindre enn fire
ekle kryp som gassa seg med blomar i den største krukka.



I staudebedet var det eindel mellomrom som trengte fyllast.
Her har eg sett etasjeprimula og stjerneskjerm.
Eg har dryssa litt skjellsand mellom staudene, 
håpar at det skal hjelpe mot småsyre 
som er eit stort problem i denne delen av hagen.
Så kryssar eg fingrane for at det eg har planta
synest det er greit med litt kalk.


Scabiosa, Tanacetum og Primula vialii er nytt selskap til mellom anna iris og peoner.



Oversiktsbilde over staudebedet.
Så er det å håpe at det nye
trivest og fyller godt opp etter ei tid.



Sibir irisen her er nå på retur, medan skogskjegg nå står på sitt vakraste.
På skogskjeggen har tusenvis av bier kosa seg dei siste dagane.
Humlene likte seg best på irisen.


Me har mange tre rundt oss, men dette store treet er tuntreet vårt.


Ein gammal benk har fått plass ved foten av treet.


Nå skal eg gjere det eg likar best dei neste dagane,
nemlig pusle med planter og nyte sola på terassen :)
God helg :)

onsdag 26. juni 2013

Litt av det som blømer nå.

Storkenebb i hagen akkurat nå.







Akeleie


Vortemelk


Prakthumleblom (er nå avblømd)


Peon, denne ventar eg på nå :)



tirsdag 25. juni 2013

På terassen.

Var på låven i gårkveld og fann ein gammal sliten kjøkkenkrakk som eg laga eit lite tablå på.
Det passar godt saman med dei gamle "bestemorkrukkene" synest eg.



Ei gammal flaske, ei gammal skei og eit par garnsteinar
 saman med eit lite "glasskap" med sukkulenter.


Takløk i skeia.




Lavendel er fødselsdagspresang :)


Nye krukker. Kunne tenkt meg berre kvite, men dei var utselde.
Kvit georgine og kvit rose er også presangar.


Greit å fylle året midt på sommaren for ein blomeelskar som meg :)



Pelargonia på bordet og i verandakassen veks og trivst.


I kveld er det Grønn glede på TV, gler meg til det :)

lørdag 22. juni 2013

Draum og lengt.


 Når alle ting fell på sin plass
Når lause trådar
hentast inn
og fargar føyer seg
i vevens møster
Når livsens brikker
finn sin plass
og bitar av eit liv
får fullendt bildet
i mi sjel
Når alle ting
fell på sin plass
finst ennå rom
for draum og lengt
Reidar Munkejord


Den eine draumen
Det er den eine
draumen
Å ikkje angra
alle draumane
eg ikkje nådde
med berre
ei håndfull tid
Reidar Munkejord

fredag 21. juni 2013

Bløming mellom berg og stein.

 I hagen vår er det mykje berg og stein og det likar eg godt. 
Det passar fint i ein gardshage her ute ved kysten.
Eg har prøvd å finne planter tilpassa både klima og jordsmonn.
Noko har eg lukkast med, medan anna har forsvunne igjen.


Rett under berget her er det eit hol som vatnet ikkje renn utav, her har eg planta vatniris.
Bløminga er kortvarig og ikkje allverda å skryte av, men bladverket er vakkert.
I tørkeperiodar må eg vatne, men det må eg likevel i alle krukker og kar så det er ikkje noko problem.


Vender du blikket litt opp og ørlite til høgre finn du "barskogen" min 
med einer i ulike former og fargar, minigran, og dvergsypress.
Kjekt med litt vintergrønt også.
Bregna har naturen planta.


Nedanfor dette partiet går det ei vatnåre så her har eg planta stauder som likar å ha det litt vått.
Hosta, humleblom, stjerneskjerm,strandkattehale, marikåpe og astilbe
.

Ein av tabbane eg har gjort er å ikkje sjekke lappane på plantene skikkeleg, 
her blei resultatet at den minste hostaen står meir eller mindre gøymt bak to store.


Oppå eit berg står strannellik i full flor akkurat nå. Vill bergflette kryp også oppover berget. 
Bergflette veks veldig seint noko som gjer at det er lett å holde kontroll på den.


Pusur gjev moralsk støtte og tuslar litt i vegen når eg jobbar i hagen :)


I alle sprekker og ved foten av berget har eg planta takløk og naturen sper på med vill bergknapp.




Til slutt i dette innlegget legg ut eit par utsiktsbilde.


Ha ein fin sommardag :)

torsdag 20. juni 2013

Hagen, min himmel på jord :)

Etter ein lang og kald vinter og ein veldig sein vår har hagen nå eksplodert i vakre fagar.
Heilt herleg!
Eg har vore sjuk nokre dagar, men er nå betre heldigvis.
Idag har eg rusla rundt litt i hagen med kamera.
Deler litt av det eg festa til minnebrikka med den som har lyst å sjå :)


Fyll lungene med ei deilig feminin lukt av roser.




Nokre meter nærare huset blandar lukta av roser seg med lukta av syrin,
det luktar juni og forsommar  :)



I skuggen under kastanjetrea.



Ved den gamle slipesteinen står sibiriris og skogskjegg.




Hellegangen går til gamlefjøset.




Utanfor hagen er det naturen sjølv som rår.


Markblomar er vakkert det også.


Sør for husveggen veks rosene seg store og frodige, mange er fulle av knoppar.


Frodig i sinkstampane som står på skuggesida av huset også.


Velkommen til oss :)



Grøntonar.


Så håpar eg at eg snart er frisk nok til å ta i eit tak igjen :)
Gode sommardagar til deg som er innom :)