fredag 26. februar 2010

På veg til jobb.

Eit nytt snødryss i natt og eit vidunderleg morgonlys i dag tidleg gjorde sitt til at eg tok kamera med på veg til jobb i dag. Dei to første bilda er tatt frå trappa heime.
Idet eg rundar hushjørnet har eg utsikt mot sundet og Boknasund bru som er ei av tre bruer som knyter Bokn til fastlandet. Eg snur meg mot soloppgangen idet eg kjem litt lengre opp i vegen. Alle vegar fører til Rom, heiter det, også denne om me køyrer langt nok :) Her står eg på hovudvegen og ser mot sør. Skal eg kome tidsnok på jobb må eg snu nasen nordover og sette opp farten. Må snu meg ein gong til og få med meg eit stadig sterkare sollys gjennom skydekket. Siste bildet er tatt på skuleplassen rett ved barnehagen. Dette var det eg såg av sola i dag. Kvikksølvet i gradestokken kraup oppover til tre pluss og snøen blei kram og fin til å lage snømann og snøhytte av. Fin avslutning på arbeidsveka :)

torsdag 25. februar 2010

Blått til lyst!

Snøen har lava ned i store mengder også i dag. Visst er det vakkert med alt det kvite, men ingenting er som fargar og ingen fargar er som blått! Ein av dei tidlegaste blomane i hagen min er ei lang rad med perleblomar. Under snøen og jorda ligg denne prakta lagra i små uanseeleg løk.
Når snødyna smeltar om ei stund kikkar gravmyrt fram under klokkebusken ved det søraustre hjørnet på huset mitt, denne er også mellom dei første som opnar knoppane om våren. I tillegg blømer han gjennom heile sommaren og langt utover hausten. I slutten av april står alpeklematis med bresteferdige knoppar, han gler meg med utsprungne blomar i mai. I slutten av mai dukkar akeleier i fleire fargar og fasongar opp. Storkenebb har eg i mange fargar og variantar. 'Johnson blue' er den vakraste av dei eg har i min hage. Enn så lenge slepp eg å luke :)

tirsdag 23. februar 2010

Arkivalbum med vårminne frå ifjor.

Ute ligg snøen tjukk, me har fått rikeleg påfull med puddersnø dei siste dagane. Det er vakkert ute, men eg må innrømme at eg ser fram til at naturen skal fyllast med fargar igjen. Eg har kosa meg med vårminne frå ifjor og vil legge ut eindel bilde dei næraste dagane. Først ut er epleblomar.
Tenk at alt dette vakre ligg gøymt i små brune knoppar som berre ventar på rett mengde lys og mildare ver før dei spring ut :)

torsdag 18. februar 2010

Vakker gåve!

Tenk at eg var den heldige som blei uttrekt hos Hulda! I dag kom bildeboka i posten. Å du, som eg har kosa meg :) Eg er varm tilhengjar av "Husfruas memoarer", men det er det mange som er så eg synest eg var heldig som vann.
Boka var sirleg og vakkert pakka inn og pynta. Fin utanpå og ikkje mindre fin inni! Vakre interiørbilde frå Ingeborgstua... ...og hagen rundt. Tusen takk Hulda :)

lørdag 13. februar 2010

Kinderegg, tre ting på ein gong :)

Morsdag, valentine og fastelavenssøndag. Tre gode ting på ein gong :)
Eg fekk vakre roser av mannen min til helga. Me har hatt både kake og boller på forskot idag fordi me har hatt gjester. Akkurat passe både middag og kaffimat igjen til oss to i morgon så då får eg det lettvint :)
Ønskjer alle ein fin "kinderegg, tre ting på ein gong", søndag :)

onsdag 10. februar 2010

Vinteren festar grepet.

Etter eit par dagar med plussgrader i helga har vinteren igjen festa grepet. Me har strålande soldagar og temperaturen vekslar mellom -2 midt på dagen til -6-8 om nettene.
Bilda er tatt frå vår private veg. Bildet under er tatt midt mellom huset vårt og hovudvegen. Den nedste svarte stripa er hovudvegen, dei andre svarte stripene er steingjerde som er grenseskille mellom ulike gardar. Her har eg snudd meg rundt "på veg heim"(under). Det er ein ganske bratt bakke ned mot huset der det kan by på problem å kome opp med bil om det blir veldig glatt eller mykje snø. Velkommen til gards :) Eg har ikkje så mykje nytt å komma med. Det blir helst til at eg går tur rett frå jobb utan kamera. Då har eg ikkje så mykje overskot til å fotografere heller, eg er trøytt og svolten og vil fortast mogleg heim. Ønskjer alle som trufast legg igjen kommentar hos meg fine dagar framover :) Og det same til deg som berre kikkar innom :)

søndag 7. februar 2010

Det tiner og tør.

Det tinar og tør, sildrar og dryp, men det er mykje snø å ta av. Med to-tre plussgrader går det ikkje så fort. Stille og fint turver i dag :)
Ha ei fin veke :)