lørdag 31. desember 2011

Julepynta kjøkken.

Julafta var kjøkkenet klart til bruk etter travle dagar og kveldar i det siste.

Skap og fliser er ikkje nye, men er fornya med svarte beslag til skap og skuffer. 
Me valde svart sidan hengslene på skapa er svarte. Benkeplata er svart med grått mønster. 
Kvitevarene er nye. Rya på golvet har eg kjøpt hos Sonja som har bloggen Sonjas side.
Rya tar opp blåfagen frå flisene. Gardin og duk har eg kjøpt på Tekstilhuset i Haugesund. 
Klokka fann eg på Stjernedryss på Oasen. Stjerna i vindauga kjem frå Jernia.


Alt i vår kjøpte eg eg ulike krukker til kjøkkenet frå Perfect home. 
Dei har stått nedpakka og det var kjekt å få dei på plass.




Vatnkrana leita eg lenge etter. Eg ville ha nostalgisk stil, men med ein hendel. Greit å blande det estetiske med det praktiske. Denne som eg enda opp med heiter Classic og er frå Tapwell.



Denne karen enda på kjøkkenveggen fordi han passa så godt i fagen. Eit av villsaulamma våre.


Lampen over bordet kjøpte eg hos Kot elektro i Stavanger.


Eitpar små englar som har slått seg ned i gardina skal snart pakkast vekk
saman med denne vesle nissen som står på benken.


Takk for alle kommentarar og tilbakemeldingar på sist innlegg. 
Det har blitt lite tid ved dataen for min del i det siste.

GODT NYTT ÅR TIL ALLE SOM FØLGJER BLOGGEN MIN :)

søndag 18. desember 2011

Endeleg!

Endeleg er me klare for innflytting i "nye" rom. 
Me har jobba heile helga for å få dei første møblene på plass.
Så fekk eg tent adventslysa i den nye adventsstaken eg kjøpte for ei stund sidan.





Det neste er å få opp gardiner, bilde og lampar. Eg har kjøpt to julegleder og to julestjerner, 
men må nok supplere med meir blomar etterkvart.


Tapetet er "Kroken 40241" frå Norsk arv noko som passar godt inn i eit gammalt hus som vårt.



Det neste som skal på plass er gardinene.


Juleservise som har vore mor sitt.står klar til å dekkast på til julegjestene :)



Ny lampe i gammal stil, kjøpt hos Kot elktro i Stavanger. 
Ein bitteliten lampebutikk med utruleg masse fint!



Lysglassa er kjøpte på Nille, fine synest eg :)


Denne fine juleposen som eg kjøpte hos Hulda for to-tre år sidan 
pyntar opp frå nokkelen på skapet.

Nå er det "berre" resten igjen før me kan be inn til juleselskap :)

søndag 27. november 2011

Berit ruskar ute.

Stormen Berit ruskar skikkeleg utanfor veggene i dag. Til og med Boknasundet som ikkje ligg direkte ut mot storhavet grov seg skikkeleg opp med kvite skumtoppar. Godt med "hole hus" på dagar som denne :)






Sauene våre går og beiter i livd frå huset og let seg ikkje afisere av stormen i det heile.


Ønskjer alle som er innom bloggen min ein god 
første søndag i advent :)

onsdag 23. november 2011

Etterlengta sol til seintblømande stauder.

I dag har det vore regntungt og mørkt heile dagen, men  her kjem hagebilde frå søndag då ei låg novembersol 
var oppe nokre få timar og gav dei få staudene i hagen som framleis blømer etterlengta lys.



Det er framleis litt liv i sykkelkorgene.
Stjerneklokker Campanula poscharskyana er ei takksam staude 
som blømer frå vår til  sein haust.


Krypklokke  Campanula portenschlagiana 
opnar også nokre klokker mot sola.
Ein og annan stemorsblom som har sjølvsådd seg kikkar også fram her og der :)


Ei einsleg nostalgi-rose er igjen i roserabbatten. Litt vinterbleik, men likevel vakker.


Nå er hagesesongen over for i år, men det er kjekt med ein liten bonus 
som desse hardhausane gjev meg så langt uti november som nå :)

Marie :)

søndag 20. november 2011

Kjuker.

Eg treng ikkje gå langt for å komme "ut i naturen". I vår bitte-litle skog er det eit naturleg mangfald og fargerikt felleskap. Her veks det mange ulike treslag. Skogen her har vore ein naturleg  leikeplass for barna her på Heimdal i generasjonar. Det var her natur-interessa mi blei vekka då eg var lita jente. Då eg som tolvåring fekk pengar til fødselsdagen la far til nokre kroner slik at eg fekk nok til å kjøpe meg kikkert. Eg fann nokre gamle teppe på loftet som eg laga meg kamuflasje av. Så sat eg der og kikka på fuglane som heldt til i trekrunene.I dag hadde eg ein liten tur her i "barndommens rike" i finveret.


Mellom mange friske tre stod denne døde bjørkestammen med fleire kjempestore kjuker. 
Eg har leita på nettet etter namnet på dei utan å finna noko som  likna heilt. 


"Merksnodige" soppar :)
Ein av naturen sine mange rarietetar :)
Nokon som veit namnet så skriv kommentar :)



Popcorn anyone?



Også på greinene som ligg på bakken veks det kjuker.


Eg fann faktisk litt liv i hagen også, det skal eg vise ein annan dag :)
God søndag :)


Oppdatering: Stor takk til Kristin Vigander som opplyste meg om at kjukene her heiter knivkjuker :)

søndag 13. november 2011

Klar for oppussing!

Hei til familie og venner som spør om eg ikkje kan vise bilde frå husrenoveringa, 
her kjem ei lita oppdatering :) Enn så lenge er det mørkt i dei "nye" stovene, 
men denne veka startar oppussinga. Velkommen inn til ein liten kikk :)


Døra på bildet over går frå gangen og inn i ei av stovene.  På bildet under ser me 
dobbeldøra mellom stovene og vindauge mot aust (fotografert frå stova i sør).


Kjøkkenskapa er dei same som mor hadde då dette var hennar kjøkken. 
Det er likevel ganske store endringar her; nye benkeplater, 
nye kvitevarer, nye beslag på skap og skuffer, ny vask og kran, 
parkett på golvet, ny dør til gangen og nytt vindauga. 
Døra mellom kjøkken og stove har me fjerna slik at det nå er ope der døra var før.


Den nye ventilatoren er smalare og han kjem derfor høgare oppe enn den som var her før 
noko som gjer at me treng eit par fliser til å fylle tomrommet med.
 Er ganske sikker at det skal vere nokre ein eller annan plass, men kor?


På bildet under ser me skapa over vasken. 
Skapa under skal eg vise når krana og oppvaskmaskinen er på plass.


Så nå er nedtellinga igong :) Om nokre få veker kan me flytte inn :)

mandag 7. november 2011

Morgonstemning.

Skodda lettar...






Ønskjer alle som kikkar innom bloggen min ein lys og fin dag :)