søndag 28. november 2010

Adventsdikt til eit femårs barn.

Eg høyrde dette diktet på P1 i radioen i dag og fekk lyst å dele det vidare. 
Nå er det lenge sidan eg hadde ein femåring i hus, men det er mange minne som dukkar opp når eg leitar fram adventskrans og lys, og stjerner og sjuarma-lysestake til vindauga...



Adventsdikt til eit femårs barn

Tone Ringen

Førjuls tid trør enno stilt i dørene her heime.
Eg hentar fram frå skuff og skap dei same tinga,
år for år.
Så vart eg kan tar eg ei lita hand i mi og leier
små tankar til eit ukjent land,
der kvardagsrøynda teier.

For det er Stillas veker no, når mørkret,
mjukt og tett,
gjev alt av ljos ein undrings glans
av von og draum og lengt.
Du vesle son, det eg ber fram til minnet ditt nett no
skal vekse til ei handlings tru
når du vert mann, ein gong.

Ingen skal få øyde desse dagane, dei få.
Året har så mange veker, der vi ikkje rår.
Som eit ljosskip sigler huset, stilt og lett som snø.
Vi to helgar no ei soge,
sidan vel du sjølv.


fredag 26. november 2010

Når alt kjem til alt...

Når alt kjem til alt
kva betyr desse våre vakre fasadar
desse våre skilt mot omverda
desse våre produkt
Når alt kjem til alt
kva er det som tel
Er det ikkje ei hand å halda i
eit ope blikk vi kan møta
nokon å vera trygg hos
nokon å vera nær
Er det ikkje andlet, smil
tårer vi delte
som står att og lyser
mellom det som nådde
djupast inn
Sigerspallen
kva var den mot varmen
frå eit anna menneske
når alt kjem til alt
Bente Bratlund
God helg :)

torsdag 25. november 2010

Julekort og bordkalender.

Eg har fått heim ein god del julekort med tanke på julemesser eg skulle vore med på. Nå blir det ikkje til at eg kjem til å delta på dei to siste messene likevel av helsemessige årsaker. Dumt å "brenne inne" med alle julekorta. Så om du ikkje har handla inn og kan tenke deg nokre av desse så ta kontakt på e-post; 
marie.vaagshaug@gmail.com
eller ta ein telefon så skal du få fleire opplysningar.
Det første er med ei raud rose med snø på utsida og vinterbilde + plass til å skrive helsing på innsida. Du får med konvolutt.
Det andre kortet har ei kremfarga rose med snødryss på utsida og 
vinterbilde og plass til helsing inni.
Eg har også nokre bordkalenderar igjen.
Eg har masse bilde på lager også så om du kan tenke deg å gje i julegåve så ta kontakt om det også :)

tirsdag 23. november 2010

Novemberkaktus og farsdagsroser.

Her kjem eit bittelite livsteikn frå meg. Grunna tidleg mørkt om kveldane og travle helger har det blitt lite fototurar i det siste. Så då vender eg kamera mot det som står framfor nasen :) Novemberkaktusen min har vore nydeleg ei god stund, men er nå på retur.
Rosene i farsdagsbuketten står ikkje på salongbordet lenger, men dei var fantastisk fine då dei kom i hus!

Eg hadde det kjekt på coop på laurdag :) Ikkje det heilt store salet, men litt blei det :)

Nå kjem vinterkulden her i sørvest også så då frys nok siste rest av det som framleis blømer i hagen.
Nå er det tid for å gjere det koseleg inne med levande lys. Snart er det advent også :)

torsdag 18. november 2010

Førjulsmarknad på coop-en :)

Eg har vore så heldig å bli spurt om eg vil vise og selje bilde på førjulsmarknad på Coop-marked her på Bokn nå på laurdag. Eg er veldig glad for tilbodet og dette gledar eg meg til. Eg har forstørra og ramma inn bilde med motiv her frå Bokn i tillegg til dei eg hadde frå før.
Desse to første bilda er tatt om hausten.

Så to vinterbilde.

Dei to siste er tatt i mai.
Hei, til deg frå Bokn (eller nær omegn) som er innom bloggen :) Kom og sjå på laurdag, det er ingen kjøpeplikt :) Eg har også kalenderar, fotokort og julekort å tilby :)

onsdag 17. november 2010

Seinhaust.

Lerketrea gulnar og misser nålene i desse dagar. Det gule står så fint til den friske grøne granskogen bak.
Bjørketrea står nakne med brune greiner

Vakre fargar som passar perfekt saman. Koparfargen på den unge bjørkeleggen går igjen i den visna einstapen på andre sida av Toskartjørn.
Eg vil takka for alle gratulasjonane eg har fått under sist innlegg :)

mandag 15. november 2010

Eg vil gjerne presentere :)

Ask Leonard, verdas skjønnaste litle gutt. Han er iallefall verdas skjønnaste for oss i næraste familie. Her er han ei veke gammal. Han bur i Haugesund saman med mamma Monica Heggheim og pappa Øystein Vågshaug. Bildet er tatt av mamma.

Må vegen kome
deg i møte.
Må du alltid ha
vinden i ryggen.
Må sola skine varmt
på andletet ditt,
regnet falle mjukt
på engene dine,
og, til me møter kvarandre igjen,
må Gud bevare deg
i si handflate.

Keltisk velsignelse


Velkommen til verda vennen vår :) 
Helsing farmor.

lørdag 13. november 2010

Nedtona og avstemt.

I august såg dette bedet ut som dette.
 I slutten av oktober var alt avblømd og dei sterke fargane borte. Strå og blad som er igjen har fått nedtona og avstemte fargar frå lys besj via oransje til mørk brun. Eg lar strå og frøstandar stå over vinteren til glede for småfuglane og meg sjølv. Synest det er vakkert nå også eg. Dessutan er det fint når stråa står rimkvite om vinteren.
God helg :)

onsdag 10. november 2010

Ikkje heilt vinter ennå.

Sola er på veg opp over horisonten. Temperaturen er litt under null grader. Ein klar stille dag er i emning.
Nostalgirosa mi held stand trass i minusgrader om nettene i det siste.


Også eit par av dei andre rosebuskane nyttar vinterlyset til å vise dei siste rosene for i år.


Snart er vinteren her for fullt så det gjeld å lagra dei siste blomane på minnebrikka :)
Ha ein fin dag :)

søndag 7. november 2010

Vandring på smale stiar, traktorvegar og langs stille vatn.

Av ulike grunnar har det blitt lite fototurar og også lite blogging i det siste, det er så mange ting ein skal rekke i ein travel kvardag. Om eg ikkje alltid har kamera med meg har eg stort sett mobilen i lomma og det blir ikkje så værst bilde med den heller. Her kjem nokre smakebitar frå eit par turar.
Desse tre første har eg tatt på veg heim frå jobb. Det hender at eg tar ein omveg gjennom skog og utmark. Turen tar ca 50min og er overkommeleg, men går eg rett heim tar det ti minutt så det freistar litt for mykje etter ein aktiv dag på jobb. 
Det gjer godt for både kropp og sjel å gå i dette vakre landskapet. 
Haustveret skiftar og det ruskar ofte her ute ved kysten, men me har også blikkstille dagar med knallblå himmel og speglblanke vatn. Bilda nedanfor er tatt ein ettermiddag i det det avdagast.




Takk for alle lukke til ønskingar på innlegget under :) Salet tok vel ikkje heilt av akkurat, men litt blei det nå :)
Eg fekk masse skryt og det var veldig kjekt. Har kjøpt inn nokre fleire store kalenderar til neste salsdag. Eg har laga ei presentasjonsside på facebook som du finn her. Der kjem det meir etterkvart. Er det noko der du kunne tenke deg så ta kontakt via mail :
GOD HELG!