Viser innlegg med etiketten Ymse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ymse. Vis alle innlegg

søndag 17. august 2014

Snop for auga :)

Sjølv om regn og stormar i det siste ber bod om at det går mot haust
har sola varma godt mellom uversdagane. 
Eg har vore ute og fotografert, og inne og redigert :)
Her får du litt snop for auga :)













God sundagskveld :)

lørdag 10. mars 2012

Ein konvolutt med "vårglede" :)

 Av og til kjem ei uventa glede smygande når ein minst ventar det. 
Idag då eg henta posten låg det ein brun konvolutt med namnet mitt på i postkassen..
Det er ikkje så ofte eg får private brev i desse sms-tider så eg var ganske spent då eg opna konvolutten.
O lukke!
Inni låg ein stikling av engletrompet frå Ida.
Visst var eg glad for stiklingen, men det som gleda meg aller mest
 var at Ida tok seg bryet med å pakke og sende han til meg.
Du er berre god Ida :)
Tusen takk :)





Nå håpar eg at eg får dette til.Eg har aldri hatt engletrompet før.
Eg har sett stiklingen i godt fukta jord med ein plastpose med eit lite hol i over og sett han lyst og kjølig.
Om dette er feil måte må nokon skrive korleis det skal gjerast i kommentarfeltet.
Om eg får han til å spire vil eg sette han på terassen når det er frostfritt ute.




God helg til Ida og alle andre som kikkar innom bloggen min :)

tirsdag 21. februar 2012

Heldige meg :)

Då eg henta Ask Leonard på laurdag for å låne han i helga 
låg det ein forsinka morsdagspresang og venta på meg. 
Monica, Øystein sin sambuar, hadde verkeleg gjort seg flid med presangen. 
Ei pappeske var pynta og omgjort til eit vakkert lite skrin.


Lokket var dekorert med "glassdråpar", blonder og skjønne små blå roser. 
På sida  hang ein dekorativ nøkkel.




Oppi skrinet låg ei heil bunke med bilde av Ask Leonard. 
Rundt bilda hadde Monica knytt eit nydeleg blondeband som var festa med ei fin nål.


Her er det bilde frå Ask Leonard var bitteliten og fram til i dag. 
Skjønne gutten :)


Skrinet skal stå framme til pynt, dei fleste bilda blir liggande der som eit "skrytealbum",
 medan nokre få skal få komme i glas og ramme. 
Eg set verkeleg stor pris både på skrinet, skatten som låg inni  og omtanken bak  presangen.
  Tusen takk Monica :)

torsdag 12. januar 2012

Puter frå Eurofoto.

Eg var inne på Eurofoto sine nettsider og sjekka ut det meste av kva ein kan kjøpe med bilde på. Eg fekk lyst å prøve ut programmet for å lage  puter med eigne foto. Her ser du resultatet. Ein kan velge innramming om ein vil. Ein kan også skrive på putene og vel størrelse på bokstavar og kva skrift ein vil ha. Putene blei ganske bra, men eg skulle gjerne brukt litt meir pengar om eg hadde fått eit anna stoff som lin eller litt grovvevd bomull. Putene er i glatt polyester noko som gjev dei eit nokså billig preg. Fargemetninga blei også litt i meste laget. Men alt i alt er eg nøgd med resultatet.






Om nokon veit om stader der ein kan kjøpe puter med eigne bilde av anna stoff så skriv det gjerne i ein kommentar :)

tirsdag 10. januar 2012

Julegåver.

Fekk lyst å vise nokre av gåvene eg fekk til jul :)
Først gåva som var den finaste utanpå. Den fekk eg frå mi kreative svigerdotter.
Vakrast innpakka gåva eg har fått nokon gong :)



Fint det som var inni også. Det pyntar opp på badet nå.


Gåva med det aller finaste innhaldet var dette skjønne bildet av Ask Leonard 
me fekk av han og foreldra. Herlege godgutten vår! 
Bildet er kome opp på stoveveggen rett innafor døra slik at alle som er innom får sjå det :)


Den mest praktiske gåva  fekk eg av døtrene mine, skikkeleg utstyr for å halde meg på beina på glattisen.
Midt i blinken for meg som går til jobb og elles også er mykje ute.
Eg fekk også musikk frå dei, noko som alltid er kjærkome.

Noko forseggjort og fint innpakka til å bruke på badet,
 noko fint til å henge på veggen og noko fint å høyre på :) 
Og ikkje minst praktiske "isbroddar". 
Ingen grunn til å sitte inne om det er iset og glatt ute. :) 

søndag 3. juli 2011

Kjære Gabriel, av Halfdan W. Freihow.

Når  sommarregnet kjem i strie straumar er det kjekt å bruke litt tid på å lese. Eg er akkurat ferdig med boka Kjære Gabriel, av Halfdan W. Freihow. Boka er skriven om og til sonen som har atypisk autisme og ADHD. Boka er gripande, varm, vakker, og vemodig. Her blir det opna dører til ei verd som er framand for dei fleste av oss.

 "Kjære Gabriel er et brev fra far til sønn. 
Med stor kjærlighet og dyp undring søker forfatteren å forstå hva som
 gjør Gabriel annerledes enn andre barn, og å sette ord på sorgen, 
men også på stoltheten og innsikten som knytter seg til opplevelsen
 av sønnens grunnleggende annerledelshet." 
Sitat frå bokryggen

I boka får me del i Gabriel og familien hans sine liv. Me får eit glimt inn i tankane til Gabriel og korleis verda fortonar seg for han. Han veit sjølv om "problemene mine" som han seier og undrar på om han kan bli "frisk". Han kjem etter mange samtalar og eigne funderingar fram til at; 
"Jeg vil ikke forandre meg. Jeg vil være sånn som jeg ble skapt"

Eg tar med nokre sitat frå boka.

"I godnattstunden klamrer vi oss bare til hverandre, 
ikke til tiden, for den har vi mistet, den er borte. 
I godnattstunden gjenstår bare kroppen og vissheten om nærhet, 
og løfte som nærheten gir om at alt er tilgitt og at imorgen vil vi ikke være alene." 

"Jeg ser i øyekroken at mamma står i døren og betrakter oss.
 Hun kommer bort til sengen, bøyer seg forsiktig over meg 
og kysser deg på kinnet. Du er for trøtt, du ligger for godt til å snu deg og se på henne, 
men vi hører stemmen din, som fra et annet sted: 
-Når jeg dør og kommer til himmelen, kan vi kose oss litt mer da?
Vi sier ingenting, men legger smilende hender mot hodet ditt. 
For en fantastisk gutt, sier øynene våre til hverandre.
I godnattstunder som denne, i øyeblikk av nåde  som dette,
 er alt overvunnet og alt forstått. Alt er et mirakel. 
Du er Gabriel og hele verden er ditt skattkammer.
Sov godt gutten min. I morgen skal vi leve videre."

Ikkje lett sommarlektyre akkurat, men boka har sett djupe og varige spor hos meg.
Eg anbefaler boka på det varmaste!

lørdag 26. februar 2011

Altfor, altfor tidleg...

I dag dukka denne vesle krabaten opp i kjellaren hos oss. Eg såg først berre dei brunspraglete undersidene på vengene, men på grunn av størrelsen rekna eg med at det måtte vere ein påfugløye-sommarfugl. Nokre av desse sommarfuglane overvintrar som vaksne individ i vedstablar og uthus. Kanskje har denne følgd med ein vedsekk frå løa eller så har han vore her heile vinteren. Dei siste dagane har gradestokken krøpe eitpar grader opp på plussida så kanskje det er det som har vekte han opp or vintersøvnen.
Eg pirka såvidt det var borti han og då openberra desse praktfulle vengene seg.
Han opna og lukka vengene nokre gonger før han igjen sat urørleg. Eg lot han krype opp på fingeren min og plasserte han oppå ei list sånn at me ikkje trør på han. Så håpar eg at han lukkar augo ei stund til for ute er det regn og surt og ennå er det lenge før blomane freistar med nektar.

onsdag 23. februar 2011

Tulipaner.

Her kjem nokre fleire tulipanbilde :)





Eg elskar "knaselyden" av tulipaner når dei skal i vasen :) Og så er dei så fine og fargerike :)

lørdag 19. februar 2011

Eit lite pust av vår :)

Eg vil ønskje alle som er innom hos meg ei god helg med eit lite pust av vår  :)





torsdag 25. november 2010

Julekort og bordkalender.

Eg har fått heim ein god del julekort med tanke på julemesser eg skulle vore med på. Nå blir det ikkje til at eg kjem til å delta på dei to siste messene likevel av helsemessige årsaker. Dumt å "brenne inne" med alle julekorta. Så om du ikkje har handla inn og kan tenke deg nokre av desse så ta kontakt på e-post; 
marie.vaagshaug@gmail.com
eller ta ein telefon så skal du få fleire opplysningar.
Det første er med ei raud rose med snø på utsida og vinterbilde + plass til å skrive helsing på innsida. Du får med konvolutt.
Det andre kortet har ei kremfarga rose med snødryss på utsida og 
vinterbilde og plass til helsing inni.
Eg har også nokre bordkalenderar igjen.
Eg har masse bilde på lager også så om du kan tenke deg å gje i julegåve så ta kontakt om det også :)

torsdag 18. november 2010

Førjulsmarknad på coop-en :)

Eg har vore så heldig å bli spurt om eg vil vise og selje bilde på førjulsmarknad på Coop-marked her på Bokn nå på laurdag. Eg er veldig glad for tilbodet og dette gledar eg meg til. Eg har forstørra og ramma inn bilde med motiv her frå Bokn i tillegg til dei eg hadde frå før.
Desse to første bilda er tatt om hausten.

Så to vinterbilde.

Dei to siste er tatt i mai.
Hei, til deg frå Bokn (eller nær omegn) som er innom bloggen :) Kom og sjå på laurdag, det er ingen kjøpeplikt :) Eg har også kalenderar, fotokort og julekort å tilby :)