mandag 26. april 2010

"Rosene er røde" :)

"Utruleg kor lite som skal til, sa mannen, han hadde fått ein hestelort innpå auga."
Nå har ikkje eg fått rusk på auga, eg har fått nokre små gruskorn i den eine nyra. Men, sett ut av spel det er eg.
Så fint då at mannen min kom heim med ein nydeleg bukett med roser. Eg gløtta så vidt med augeloka der eg sat sterkt påverka av paralgin forte. Å så snill du er... Det passa jammen godt at eg fekk desse i dag, sa han, han hadde fått dei av ei dame han hadde hjelpt då ho sto fast i snøen i vinter. Jaja, så har me dei ilag, og det kunne ikkje ha passa betre :)
Så om du kikkar innom du som gav han rosene; TUSEN TAKK!

lørdag 24. april 2010

Våronn i nydeleg ver.

Endeleg klaffa det med tid og ver! Eg har jobba lenge i hagen i dag. Eg har luka alle staudebeda og klypt rosetrea. Dette er berre begynnelsen, men godt begynt er halvt fullendt seiest det :)
Perleblomar, vårkjærminne og gravmyrt er vakre vårteikn. Små og store påskeliljer lyser opp. Nokre er fullt utsprungne, andre står i knopp. Vårkål har kilt seg fast mellom ei skiferplate og husveggen. "Likar du smør?" Kjenner eg er ganske lemster etter uvande kroppspositurar, hehe, det skal bli godt å sitte i godstolen i kveld :)

fredag 23. april 2010

Liv i leiren :)

Det nærmar seg no slutten på lamminga her hos oss. Sjølv om me har vore uheldige å få fleire daudfødde lam er det likevel berre ein sau som går med eitt, dei andre har to. Det er litt trist med det same når lam er daude sjølv om me er til stades og hjelper til ved fødselen, men det er likevel greit å ikkje ende opp med mange alelam. Dei krev masse ekstra arbeid og kostar oss like mykje som me får igjen for dei. Her er eit knippe bilde av dei største lamma som er komne i fellesbinge. Resten er i småbingar saman med sysken og mor.
Når mødrene får kraftfor og står og et er det god plass i bingen til å leike litt :) Etter ei stund roar leiken seg. Dei største et silofor i tillegg til melka dei får av mora. Trøytte etter leiken er det på tide med ein liten blund. Sauene er ferdige med måltidet og sjekkar at dei små har det bra. Denne vesle krabaten ligg i "kuvøse", det vil seie oppi ein plaststamp med varmelampe over. Mora har hatt mjølkefeber og har fått kalsiumsprøyte i kveld. Ho er på betringens veg og me håpar at lammet snart kan gjenforenast med mor og tvillingsysken. Ønskjer alle ei fin vårhelg :)

torsdag 22. april 2010

Stolt frøken Vårfryd!

Frøken "Silkefløyel Seljekvist" vann "frøken Vårfryd" Konkurransen hos Moseplassen :)
Frøkena er sjølvsagt kjempestolt der ho i desse dagar står med bleikgul topp og i yr begeistring strør ut pollenstøv over alle som går forbi! Både ho og eg har blitt intervjua på Moseplassen :)
Klikk deg inn her og les :)

Dråpar på blad.

Det at bloggaktiviteten min er litt laber for tida tyder ikkje at eg ligg på latsida, det tyder berre at eg har viktigare ting å ta meg av i desse dagar :)
Det kjem nok bilde av kalvar og lam på bloggen også etterkvart :)
Ha ein fin dag :)

lørdag 17. april 2010

"...og ute er det vår og nesten høst..."(Vamp).

Etter at me hadde nokre få solrike dagar tidleg i veka er det nå hustrig, kaldt og vått ute. Hadde det ikkje vore for at møkkalukta riv i nasen når eg opnar ytterdøra kunne det like gjerne vore haust. Men berre nesten. Tar eg på meg tjukk jakke og går ut i den grå vårdagen er det ganske mange vårteikn å sjå om eg berre ser etter dei.
Dei små tulipanane kjem fint. Vivendelblada blir større for kvar dag. Ulike påskeliljer, nokre i knopp, medan andre er fullt utsprungne. Gravmyrten har blømd sidan snøen smelta. Perleblomane står med knallblå knoppar. Det same gjer vårkjærminne som eg fekk som avleggar i posten frå Ida ifjor. Vårkjærminne står under eit rosetre, men eg lurer på om det er så lurt å ha dei der sidan rosene helst vil stå utan for mykje rundt røtene. Er det nokon som har tips om dette? I fjor stod Euphorbia 'Red Wings' stor og frodig, i år er det berre denne vesle einslege kvisten som blømer etter denne harde vinteren. Løytnanshjarte i kvitt og rosa er vakre også før dei er utvokst og utsprungne. Nå håpar eg på sol og litt mildare ver igjen slik at eg kan kome skikkeleg igong med hagearbeidet. Eg grueglede meg til veldig mykje, men kjekt arbeid. Det er alltid litt stress til eg har fått unna våroppryddinga.
GOD HELG :)