Viser innlegg med etiketten ABC. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ABC. Vis alle innlegg

fredag 21. august 2009

fredag 31. juli 2009

ABC V for vatn.

I tillegg til sollyset er vatn livgjevaren framfor noko anna til alt som lever på jorda. Her hos oss har me fått vatn i store mengde dei siste par vekene. Akkurat no er det vanskeleg å forstå at det er under ein månad sidan eg laga dette innlegget her om mangel på vatn.
Naturen blir frisk og rein etter at vatnet har vaska lufta rein. Det er så lett å syte og klage over den minste ting, spesielt veret. Tenk kor heldige me er som kan tappe reint og klart vatn inne i våre eigne hus. Me slepp å gå kilometervis for å hente dyrebare dråpar. Dei fleste av oss kan dusje og vaske tøy så ofte me vil utan å tenke på at brønnen blir tom. Viktig å tenke over av og til. Kikk innom ABC-bloggen til Petunia, der finn du lenker til mange kreative V-innlegg :) God helg :)

fredag 24. juli 2009

ABC- U for utelampe, uver og ugras.

I dag presenterer eg bilde frå arkivet så du dreg sikkert kjensel på dei om du har følgd bloggen min ei stund. Første bilde: Verdas sterkaste utelampe!
Uver i vente. Ugras. Du finn lenker til mange flotte u-innlegg på Petunia sin ABC-blogg.

fredag 17. juli 2009

ABC-T for torn.

Ingen roser utan torner heiter det. Og det kan alle som skjer ned rosetrea om våren skrive under på. Kvasse er dei, men dei kan også vere vakre!
Fleire t-innlegg på ABC-bloggen til Petunia.

fredag 10. juli 2009

ABC-S for svaleungar.

I gårkveld var eg ein tur i løa og tok desse bilda gjennom ei sprekke mellom to fjøler i veggen. På kanten på siloen hadde eit svalepar reiret sitt. Svalungane er nok snart flygedyktige. Dei sat tolmodige og venta på at far eller mor kom med mat.
Først såg eg berre ein unge, men så kikka ein til fram. Det var sikkert fleire ungar i reiret også, det var ikkje så lett å sjå. Bilda er ikkje så gode, eg måtte både zoome og beskjære kraftig. Gå til ABC-bloggen til Petunia for fleire innlegg.

fredag 3. juli 2009

ABC- R for revebjelle.

Q-en hoppa eg glatt over sist helg, men no er eg på banen igjen. Rosene står i full flor hos meg no og kunne passa godt i eit R-innlegg, men eg har lenge tenkt at R-en skulle vere revebjeller. "Ville" revebjeller veks overalt i hagen, høgreiste og vakre blomar som tåler mykje vind. Dei er lette å luke bort der eg ikkje vil ha dei. Dei er toårige, første året kjem det berre ein bladrosett året etter blømer dei og døyr om hausten. Fleire ABC-innlegg på ABC-bloggen til Petunia :)

torsdag 18. juni 2009

ABC-P for palett.

P for naturen sin eigen fargepalett.
ABC-bloggen finn du mange kreative p-innlegg :)