søndag 23. februar 2014

After glow.

Var ikkje klar over at vasen var gått tom for vatn før det var for seint,
rosene var tørka og hang med hovudet alle som ei.

Men eg klipte dei av og la dei tett i tett i ei gammal vakker stetteskål
slik at dei kan glede meg ei stund til :)






fredag 21. februar 2014

Eg deler ei rose med deg :)

Har leika meg litt i Picasa :)





Dagar som sand ut av hendene renn.
Om du tvilar, ja, så kjenn.
Den eine som den andre ut i vinden fer,
og tida som me har den reiser der. 

Frå Dagane av Odd Nordstoga

torsdag 6. februar 2014

Daggry.

Dagane blir litt lengre for kvar dag og ekstra fargerike er dei når det dagast og avdagast.
Sist innlegg viste eg bilde av solnedgang og blåtime.
I dag byd eg på tre bilde frå eit daggry for nokre dagar sidan :)




Kjekt å få det på minnebrikka før fyrverkeriet er over :)

søndag 2. februar 2014

Det kveldar i januar.

Sjå for deg at du står utanfor huset mitt og ser mot vest 
klokka kvart over fire ein ettermiddag midt i januar.



Så snur du deg mot sørvest.


Snu deg litt til og du ser rett mot sør.


Deretter vender du blikket mot aust og ser månen stige over Vardafjellet.


Stå der ei stund medan naturen går inn i blåtimen.


Stå på nordsida av huset i ly for vinden ein halvtimes tid.


Sjå månelyset spegle seg i Boknasundet.



Snu deg mot sør og sørvest før du skundar deg inn
til godstolen framfor omnen og får varmen i kroppen igjen :)


Dette er ein av få dagar med snø hos oss i vinter.
Bart, tørt og stormfullt er stikkord for vinteren så langt.

Litt lysare for kvar dag nå! Herleg!