Denne vinteren har me hatt veldig lite snø,
men kulda har bite seg skikkeleg fast og det ber landskapet preg av.
Sjeldan er det så tørt og goldt som det har vore denne vinteren.
Strålande sol frå skyfri himmel i vekesvis i trekk er ikkje kvardagskost her ved kysten.
Bli med på ein liten rundtur på øya vår :)
Låg ettermiddagsol over Boknabergsvatnet.
Omfangsrik, vintersnau eik ved Gunnarstadvatnet.
Her er det fint å rusle uansett årstid.
Ikkje eit grønt strå å sjå.
Heilt dødt var det likevel ikkje, her er to geiter ute og luftar seg i godveret.
Dei gjekk saman med nokre fjorlam.
Kanskje ikkje "perleporten", men ei perle det er han :)
Er det ikkje fint?
Fint er det også i Straumen.
På Dagsland møtte me desse godlyndte, om enn noko "nedrulla" høglandsfea.
Godt kledd for ei vinternatt/vårnatt ute :)
På Vatnalandsvatnet ligg det framleis is, men eg trur ikkje det er lurt å gå utpå ;)
Litt utpå har isen smelta og vatnet ligg ope.
Boknasundet mot nord.
Seglmerke på Tå.
"I Boknasundet e leiå smal,
men kan'kje kryssast med hest og sal"
Jan Spurkeland
Framleis god påske :)