Ho har også vore her på Bokn på fototur. Eg fekk vere med som kjentmann. Kjekt å gå tur saman med ei som er like hekta på fotografering og natur som meg :) Det er nokre veker sidan, men av ulike grunnar har eg ikkje lagt ut bilda før nå. Bilda til Ruth finn du
her og
her. Kikk innom henne og sjå hennar bilde også :)
Vakre blomar må eg alltid ha med :)
Første stopp var ved Vatnalandsvatnet. Det blæs ganske friskt, men sola skein så det var fint likevel.
Idyllisk plass å bu.
Ein flokk skotsk- høglandsfe gjekk fredeleg og beitte.
Skjønn lita "bamsejente" :)
Dei neste fire bilda er frå Straumen, idyllisk plass dette også.
Her er det mange som har sommarparadisa sine.
I eit lite vatn i Jøsen hadde eit svanepar funne sitt sommarparadis (under).
Ein gråstein treng slett ikkje å vere berre grå.
Her fann me også denne vakre villrosebusken.
Ved Gunnarstad står det ein allé av høge flotte tre, mange av dei eik som må vere veldig gamle.
Her er det fint å gå same kva årstid me har.
Gunnarstadlia ligg ved Gunnarstadvatnet. Dette er ein av dei finaste plassane på Bokn synest eg.
Takk for besøket og turen Ruth :)
Velkommen tilbake :)
Eg håpar å ta turen til deg også snart :)