lørdag 28. mars 2009

"Spring cleaning" in the garden. / Våropprydding.

I dag har eg hatt første skikkelege arbeidsdag i hagen dette året. Eg hadde ei lita økt då eg planta vårkjærminne for ei veke sidan, men då var det så kaldt at det blei ikkje lange stunda ute. I dag derimot har det vore blikkstille og eit florlett skydekke så med godt med klede var det herleg å vere ute. Eg har luka og reinska opp i fleire av beda.
Ikkje så veldig frodig her, men så er me jo framleis i mars månad også da. Kjekt med litt vintergrønt på denne tida. Einer i ulike former og fargar på dei neste to bilda. Her har eg lagt markduk med bark oppå for at det skal vere lettare å halde. Dvergtrådsypress og blåeiner. Dei nye skota på løytnantshjarte er vel verdt å ta nærare i augesyn. Eg har også kvite løytantshjarte, her er skota lysegrønne. Euphorbia 'Red Wings'  står med knoppar heile vinteren og det er ei stund sidan han opna dei første blomane. P.japonica 'sarabande' er også vintergrøn, bladverket minner mykje om rhododendron. Dei nye skota til ulike typar sedum liknar små plastroser. Det ser ut som om rhododendronbuskane kjem til å bløme rikt i år, dei har masse knoppar. Hortensia  som eg fekk til fødselsdagen i fjor ser ut til å ha klart vinteren godt, det blir spanande å sjå om det kjem blomar i år.                                                                                                                       Denne Campanula sorten har overvintra i sykkelkorga. ”Tete-à-tete” Her har eg ikkje fått fjerna dei fjorgamle stilkene til skogskjegg ennå. Eg har planta små påskeliljer mellom skogskjeggplantene. Krokusen er no på hell. Kastanjer som ligg på bakken leitar etter rotfeste. Lukt av jord, viper som dansar på himmelen, tjeld som ropar sitt trillande rop og Balder som stryk seg malande rundt beina mine, det er ikkje mykje som kan måle seg med det!
No håpar eg berre på fleire fine dagar slik at eg kan kose meg ute. 

torsdag 26. mars 2009

ABC, D for dør.

D For dør. Eg har ikkje noko nytt bilde i dag, eg vel å vise kjellardøra eg har hatt på bloggen fleire gonger før. Legg merke til speglbilde av sjøhus og sjø i vindauga. Mange kreative innlegg på hos Petunia :)

onsdag 25. mars 2009

A sunny spring day. / Sol og vår.

Strålande sol over Bokn i dag! ”Tete-à-tete” held no på å springe ut. Eg har ein god del av desse vakre små påskeliljene. Eg var så heldig å få eit heilt brett gratis på eit hagesenter for eit par år sidan. Påsken var over og det var masse til overs, det var berre å forsyne seg. Eg har ein hekk av skogskjegg der har eg planta påskeliljer mellom skogskjeggplantene. Skogskjeggen visnar heilt ned kvar haust så påskeliljene viser godt igjen om våren.
I det vesle bedet rundt granstubben har eg både vintergrønt, vårlyng, sedum, takløk, blått bjørnegras og stauder. Eg har også planta krokus i plenen rundt rota.
No håpar eg berre på eit mildare drag i lufta sånn at det blir kjekt å jobbe i hagen på ettermiddag og kveldstid etter at eg er ferdig på jobb.

lørdag 21. mars 2009

Flower cutting in the letter box. / Av leggar i posten.

Dei siste dagane har me hatt sol og fint ver her i sørvest. Planen min var å jobbe i hagen i dag, men då gradestokken viste fire grader i dag tidleg og det i tillegg var overskya var eg lite mota på hagearbeid. Etter helgehandel henta eg posten og der var det ei gåve til meg frå bloggvenninne Ida. Konvolutten inneheldt avleggar av vårkjærminne, irislauk og ringblomfrø.
Eg fekk også eit kort med fine ord både på framsida... ...og ikkje minst på baksida! Gjett om arbeidlysta dukka opp! På med varme klede, no var gradene stige til 6,7 og det var faktisk ikkje kaldt ute. Avleggaren var litt pjusk, men grøn og fisk i fargen. Eg planta han under ein rosebusk. Eg gler meg til eg kan dele han opp i fleire. Etter nokre år har eg eit vakkert blått "vårteppe" mellom sprikande rosegreiner. Rosene blømer først utpå sommaren så det er kjekt med noko som blømer tidlegare. Ein blå blome frå ei "blå" dame til ei anna :) Tusen takk Ida! Eg lovar å dele vidare til andre etterkvart som vårkjærminne-avleggaren spreier seg! Gravmyrten er også i gong, den er vintergrøn og blømer nesten året rund her på desse trakter. Då eg først var i arbeid fekk eg kome i gong med litt luking og rydding også. Irislauken og frøa får vente til litt lenger utpå våren.  Denne vesle billa blei forstyrra då eg fjerna fjorgammalt lauv frå bedet. Ikkje alle likar insekt, men eg synest dette var eit vakkert lite kryp. Nydeleg fargespel på dekkvenger og ryggskjold. Så er første spretten på hagearbeidet i år gjort. Mykje arbeid framover, men du verda kva eg får igjen for det!
God vårhelg :)

fredag 20. mars 2009

ABC, C for collage.

Fleire kreative innlegg på c hos Petunia :)

tirsdag 17. mars 2009

Hunting for rain drops. / På jakt etter regndropar.

Eit kompaktkamera som mitt har sine klare avgrensingar når det gjeld macrobilde, men eg prøver meg så godt eg kan. Eg har vore ute ein regnversdag og fanga himmelen i ein regdrope.

Regn

av Sigbjørn Obstfelder

En er en og to er to,

vi hopper i vann,

vi triller i sand.

Zikk-zakk

vi drypper på tak,

tikk-takk,

det regner i dag.

 

Regn, regn, regn, regn!

øsende regn,

pøsende regn.

regn, regn, regn, regn!

Deilig og vått,

deilig og rått

mandag 16. mars 2009

Playing with PhotoScape.

For eit par veker sidan lasta eg ned eit for meg nytt fotoredigeringsprogram. Programmet er gratis. Eg har leika meg litt med eit bilde eg tok ein morgon skodda låg tjukk og sola streva med å kome gjennom. Klikk på bilda for å få eit betre inntrykk. Første bilde er orginalen.

På bilde under har eg lagt på bakgrunnslys. Bilde gjev no eit heilt anna inntrykk, det tunge og dystre er borte. Eg har også runda hjørnene og lagt på ei enkel rame.
Her har eg gjort bilde lysare og mønsteret i treet kjem betre fram. Legg merke til korleis lyset speglar seg i benken. Til sist eit lite utsnitt av bilde i svart kvitt. Spanande å få fram ulike uttrykk med redigering.