torsdag 31. januar 2008
Sky Watch Friday.
These photos are taken in different weather on different days. Some of them are taken early in the morning, some are taken in the middle of the day and some are taken late at night. But the one hundred years old elm tree is the same!
Bruer som bind. / Bridges.
Avslutta kapittel. / Chapter closed.
Villsauprosjektet vårt er avslutta. Etter to-og-eithalvtår vil me ikkje meir. Sauene hoppar, smett og smyg. Og med E 39 på andre sida av gjerdet oppstod det mange trafikkfarlege situasjonar. Fleire sauer har måtta bøta med livet i møte med vogntog. I eit kuppert terreng er det ikkje lett å lage gjerdet så tett at dei ikkje kjem seg over, under eller smett forbi ved eit berg eller langs sjøen. Eg gjekk med ein stadig ank om at politiet skulle ringe og seie at sauene våre hadde ført til personskade eller enda verre ting. Heldigvis skjedde ikkje det.
Villsauene har eit heilt anna lynne enn vanlege sauer. Sjølv om dei kom heilt bort til oss når me kom med kraftfor til dei var dei alltid på vakt, spesielt i sommarhalvåret medan dei hadde lam å passe på. I fjor gjekk det forholdsvis greit, men i år har me ikkje fått hand på lamma før nå.
Eg er svært fasinert over desse vakre dyra, dei ber villdyret i seg. Dei er usedvanleg tause, dei er sterkt knytte til flokken, dei er raske på foten og blir dei jaga gøymer dei seg bak buskar og steinar. Flotte kamuflasjefargar har dei også. Dei er små og eit fint lam veg berre ti tolv kilo slakta, halvparten av det vanlege lam veg.
Dette flotte verlammet(under) skal bli avlsver på nye beitemarker.
Ei fin lita søye, født i år.
Ikkje lett å oppdage denne søya mellom lyng og einerbuskar. Eg synest ullfellen har nydelege fargar.
"Han far sjølv" skal nå inn i ein ny flokk. Imponerande hovudpryd på denne karen, han blir tre år til våren.
Eg er glad for at andre vil overta dyra og at dei skal få leve ei stund til. Eg er veldig letta over at me har fått selt dei, likevel er det litt vemodig. Lukke til til dei nye eigerane!
Our wild sheep are sold to other farmers today.
onsdag 30. januar 2008
Blomedekorasjon. / Flower decoration.
Eg vil vise nokre detaljar frå blomedekorasjonane på selskapsbordet. / Details from the flower decorations on my mom's table on her birthday.
Her er litt av gåvene. Mor likar veldig godt vakre bilete av natur og blomar, dikt likar ho også. Så gåvene ho fekk falt i smak. Det vankar nok meir gåver til helga.
Some of the presents she got. She love books wiht beautiful photos of nature and flowers.
Tusen takk for alle dei fine kommentarane eg fekk på sist innlegg!
Thank's for your kind comments on my last post!
tirsdag 29. januar 2008
85-årsdag. / 85 years old.
I går fylte mor åttifem år. Ho hadde ei koseleg feiring saman med gode venner. Søndag som kjem skal me lage til stort familieselskap for henne. Her er jubilantaen med to av gåvene ho fekk.
Bordet er dekka og alt er klart til å ta imot gjester.
Ei av venninnene mine er blomsterdekoratør og ho stod for blomsteroppsatsane.
Er dei ikkje nydelege?
Her er nærbilete av dei to orkideene ho fekk.
Søndag blir det feiring igjen, då skal me lage til familieselskap til henne.
My mom was eightyfive years old yesterday, she celebrated with her friends. Her family are coming to visit on next Sunday.
søndag 27. januar 2008
Førebuing til mor sin fødselsdag.
I morgon fyller mor åttifem år. Då skal ho skal ha selskap med venner. Det store familieselskapet blir søndag som kjem. Eg har laga eit par kaker i dag. Først prøvde eg meg på ei ostekake, Oreo drøm, som eg såg "kokke Lise" laga på frokost-tv. Oppskrifta finn du her.
Først hakka eg Oreokjeks i hurtigmiksaren.
Kjeksmassen blanda eg med smelta smør. Eg vant denne fine kakeforma for ei tid sidan. Ein kan steike, fryse og servere på same fatet. Heilt topp! Denne forma passar ypperleg til ostekake.
Kremen er ei blanding av Philadelphiaost, kremfløyte, sukker, gelatine, smelta sjokolade og nokre grovhakka Oreokjeks. Det skulle vore kvit sjokolade, men så velassortert er ikkje Coop-en her så eg måtte bruke mørk. Smaken er nok like god, men det hadde vore finare med kvit ostemasse.
Eg er ikkje særleg flink til å pynte kaker, så det blir ganske enkelt.
fredag 25. januar 2008
Sky Watch Friday. Again!
torsdag 24. januar 2008
Sky Watch Friday.
When I was out taking a photograph for this week sky watch I became aware of a pastel coloured cloud. After transmiting it into my computer I discovered that it was a mother-of-pearl cloud. I run out and took some more photos! I feel very lucky because I have never seen a cloud like this for real before.
Have a really nice sky watch Friday :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)