lørdag 31. august 2013

Fløyelskveld.



August

August er det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender.

Dette hemmelige milde inn over jorden,
denne lyende stilhet:
Tal Herre, tal!
dette lyset som hviler
på modningens høyde,
dveler
og synker mot visningens dal.

Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen.
Denne etterårsfred over sted og forstand.
Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land.

Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste myke jeg kjenner,
myk som sorg og som kjærlighet.
Einar Skjæraasen

søndag 25. august 2013

Ein vakker dag :)

Dei siste dagane har me hatt strålande sol og sommarvarme her hos oss :)
Likevel, den klare blå fargen på himmel og sjø ber bod om at det går mot haust.
Dagleg ser eg plogar av grågjess på veg mot sør.


Sein frokost ute idag. Lett å finne kvilepulsen når utsikta er som dette.



Både sommarblomar og stauder har hatt godt av varme og godver.


Søyleblomst i lilla og kvit på kvar side av ein hortensia som er uten blomar i år.



Elles er det haustblømande stauder som er fargeklattane i hagen i desse dagar.


Løvemunn blømer på nytt etter at eg klipte dei tilbake etter at dei var avblømde tidlegare.


Astilbe 'Sprite' er på sitt vakraste akkurat nå.


Grunna den kalde vinteren og den seine våren har den største
 hortensiabusken berre nokre ganske få blomar i år.




Ryllik i ulike fargar.


Kvitrognbæra er ikkje heilt kvite ennå, men vakre er dei likevel.



'Moje Hammerberg' blømer meir sparsomt enn tidlegare, nå er det nypene som pyntar opp.



Klematis, ny i fjor, blømer for første gong i år.


Klematis passar godt saman med klatrerose.





Godveret har gjort godt for rosene også :)


Kveldslys over same landskapet som morgonlyset på dei første bilda i dette innlegget.


Nå håpar eg sommaren varer, -lenge!

God veke til deg som kikkar innom bloggen min :)

lørdag 17. august 2013

Sommaren min :)



Sommaren min har hatt lyse dagar...


Kose meg med barnebarnet dagar...


Glede meg over blomane i mor sine sinkstampar dagar...


Kose meg saman med Ask og tantene hans dagar...


Vemod over at far og mor er borte dagar...


Glede over at eg har mor sine skaugumbegonia i full flor dagar...


Badedagar...


Innedagar...


Fager kveldsol smiler dagar...


Blå dagar...


Mørke og tunge dagar....


Duft av vivendel og barndomsminne dagar...


Når netter er lyse som dagar dagar...


Ut på tur dagar...


Nyte livet dagar...


Vakker solnedgang dagar...




Og nå er me komne til tenne lys om kvelden dagar...


DAGAR


Dei kjem til deg -alle som ein. Du veit ikkje av før dei er i huset.

Nokre fyk trappene -som glade barn. Sko-raset buldrar, du får proppar i øyra, men du er glad.

Andre ber tunge bører til bordet ditt. Sessar seg som heime. Sit til du ikkje ser anna enn mørke.

Berre ein ny og annleis dag kan hjelpe deg, og du tryglar han om å komme fort!

Arvid Hanssen.