torsdag 31. desember 2009

Strålande vinterver.

Med skjerfa godt knytta over øyrene la eg og "midtimellom" ut på tur i dag. Det var kaldt, men blikkstille og strålande sol.
Heimdal med Boknasundet i bakgrunnen. Rimkvit vegetasjon i motlys. Eg elskar desse motiva! Litt macro høyrer med. "Piggtrådmann" mot blå snø. Frå Håland, over og under. Bilde er tatt frå Boknaberg mot sundet. Etter ein liten time har me Heimdal i sikte igjen. Med desse bilda frå turen i dag vil eg takke alle som har følgd bloggen min dette året. Takk for mange koselege tilbakemeldingar og GODT NYTT ÅR!

tirsdag 29. desember 2009

Når naturen pyntar.

Når naturen tar vinterkåpa på og i tillegg gøymer sola med eit skylag av bomull blir dagane blå. Dei kalde blå nyansane gjer alt som for nokre dagar sidan var brunt og fargelaust ubeskriveleg vakkert.
Sykkelen i hagen er også pynta. Ikkje fargerik som i sommar, men fin likevel. Isskulptur frå takrenna. Småfuglane treng "smular frå dei rike sitt bord" i desse dagar. Litt juleraudt innimellom kvitt og blått. Framleis god romjul :)

lørdag 26. desember 2009

onsdag 23. desember 2009

Takk!

Eg vil takke for all medkjensle og omtanke i kommentarar her på bloggen, på facebook, sms og for alle blomar og klemmar eg og mine har fått i desse siste tunge dagane.

fredag 18. desember 2009

Eit lys for mor.

Eg tenner eit lys for mor som døydde i dag torsdag 17 desember.
Han kom så stille
sto ved sengekanten
strøk deg over håret
Han førte deg ut av tiden
ut av sykdommen og angsten
sammen gikk dere inn i livet
hvor tiden er kjærlighet uten grenser
inn i livet hvor gåtene blir åpnet
spørsmålene har svar
nå har du hvile ved Hans hjerte
nå er du fremme
Tove Houck

mandag 14. desember 2009

På leit etter "perler og diamantar".

Nei, eg har ikkje vore hos gullsmeden på julehandel. Laurdagføremiddag då me var ute etter brakebusken skein sola frå skyfri himmel og det var nydeleg ute i skogen.
Ho er ikkje høgt på himmelen i desse dagar sola, ikkje varmar ho noko særleg heller, men du så fint det var då ho dukka opp etter at skodda låg grauttjukk heile fredagen. Grantoppane er dekka av kongler. Eineren stod rimkvit, det var som om han var dyppa i sukker. Små iskrystallar var i ferd med å tine i sola. Dei funkla som diamantar. Naturen sin eigen julepynt? Perlekjede av isdråpar i spindelvev. Vakkert! Doggen i mange små nett viser at det er mykje liv her ute i skogen også i desember. Ein tur i skogen er ein fin måte å starte helga på. Snart kjem solsnudagen, då går det sakte, men sikkert mot lysare tider! Det ser eg fram til :)