Det har vore lite julestemning frå naturen si side i jula og romjula,
det har vore storm og regn stort sett.
Då er det kjekt å vere saman med venner og familie
og pusle med ting innomhus.
Me klarte akkurat å kome inn i nyoppussa rom til jul.
Veggene var utan bilde og vindaugene utan gardiner,
men kjekt var det likevel.
Då juletreet stod ferdig pynta utpå julafta blei det rektig så koseleg.
Og då julegjestene kom, med denne vesle pjokken som hovudperson, kunne det nesten ikkje bli betre :)
Bildet er tatt i romjula, julafta var Ask Leonard stasa opp med svart bukse og kvit skjorte med sløyfe.
Då me gjekk inn i det nye året var endeleg gardiner og dei fleste bilde på plass.
Gardinene har eg kjøpt frå Helen Fredholm som importerer dei frå Skottland.
Du finn meir informasjon om dei
her.
Eg falt pladask for desse vakre blondegardinene første gong eg såg dei på Helen sin blogg.
Opptakerane, eit breitt blondeband har eg også kjøpt frå henne.
Ho sel mange ulike blonder. Om du har lyst å ta dei nærare i augesyn finn du dei
her.
På veggene er det ei blanding av litt av kvart.
Familiefoto og bilde eg har tatt sjølv har eg flest av. Eg har av og til blitt spurt av andre
om dei kan få male eit av bildemotiva eg har hatt på bloggen min.
Dette har eg sjølvsagt sagt ja til.
Ser på det som ei stor ære faktisk at andre likar det eg viser så godt
at dei får lyst å lage sin versjon av det.
Maleriet over er malt etter eit foto eg tok av det gamle fjøset
hos svigerforeldra mine i sommar.
Ho som har mala dette er Vivan Østerberg som bur i Finnland.
Eg har blitt kjent med henne gjennom blogging.
Då ho viste resultatet på bloggen sin, du ser det
her,
fekk eg lyst å kjøpe det og henge det på veggen.
ho har mala det etter eit foto eg tok av kjellardøra vår.
Det siste bildet under her hengde på veggen over divanen
i daglegstova vår då eg var lita jente.
Det er nok ikkje verd noko i pengar, men det har stor affeksjonsverdi for meg.
Far fortalde at farfar hadde kjøpt det til ei av søstrene hans då ho var alvorleg sjuk.
Far miste fem søsken som barn og unge vaksne.
Og dette bildet minner meg om dei tantene og onklane eg aldri fekk møte.
Huset frå 1855 har sjel og i tillegg har det skeive vegger og golv, men det får våge seg :)
Så er det opp til oss sjølve å lage huset til ein god heim å bu i :)