Med skjerfa godt knytta over øyrene la eg og "midtimellom" ut på tur i dag. Det var kaldt, men blikkstille og strålande sol.
Heimdal med Boknasundet i bakgrunnen.
Rimkvit vegetasjon i motlys. Eg elskar desse motiva!
Litt macro høyrer med.
"Piggtrådmann" mot blå snø.
Frå Håland, over og under.
Bilde er tatt frå Boknaberg mot sundet.
Etter ein liten time har me Heimdal i sikte igjen.
Med desse bilda frå turen i dag vil eg takke alle som har følgd bloggen min dette året. Takk for mange koselege tilbakemeldingar og GODT NYTT ÅR!
Når naturen tar vinterkåpa på og i tillegg gøymer sola med eit skylag av bomull blir dagane blå. Dei kalde blå nyansane gjer alt som for nokre dagar sidan var brunt og fargelaust ubeskriveleg vakkert.
Sykkelen i hagen er også pynta. Ikkje fargerik som i sommar, men fin likevel.
Isskulptur frå takrenna.
Småfuglane treng "smular frå dei rike sitt bord" i desse dagar.
Litt juleraudt innimellom kvitt og blått.
Framleis god romjul :)
Eg vil takke for all medkjensle og omtanke i kommentarar her på bloggen, på facebook, sms og for alle blomar og klemmar eg og mine har fått i desse siste tunge dagane.
Nei, eg har ikkje vore hos gullsmeden på julehandel. Laurdagføremiddag då me var ute etter brakebusken skein sola frå skyfri himmel og det var nydeleg ute i skogen.
Ho er ikkje høgt på himmelen i desse dagar sola, ikkje varmar ho noko særleg heller, men du så fint det var då ho dukka opp etter at skodda låg grauttjukk heile fredagen.
Grantoppane er dekka av kongler.
Eineren stod rimkvit, det var som om han var dyppa i sukker.
Små iskrystallar var i ferd med å tine i sola. Dei funkla som diamantar.
Naturen sin eigen julepynt? Perlekjede av isdråpar i spindelvev.
Vakkert!
Doggen i mange små nett viser at det er mykje liv her ute i skogen også i desember.
Ein tur i skogen er ein fin måte å starte helga på.
Snart kjem solsnudagen, då går det sakte, men sikkert mot lysare tider! Det ser eg fram til :)