torsdag 26. februar 2009

Sky Watch Friday, winter sunshine.

If you want to see more photos from my mountain walk please click here. Please visit Sky Watch Friday blog for more photos.                                                                     

tirsdag 24. februar 2009

Hoarfrost. / Rimfrost.

These photos are from a walk in the countryside in my neighbourhood on Des 28th. The woman on the photos is my daughter. / Eg har lyst å ta dykk tilbake nokre veker til ein romjulstur eg og "midtimellom" gjekk. Me var ute og gjekk i tre timar i eit fantastisk landskap her på Bokn. Sola skein frå skyfri himmel og det var ikkje eit vindpust. Det var frost, men ikkje snø og all vegetasjon var dekka av rimfrost. Sola stod lågt på himmelen så det var berre når me kom litt høgt i terrenget at me kom inn i solskinet. Me hadde ein liten pause der me sat med andletet mot sola og kjende korleis ho varma sjølv om det var den 28. desember.
Me følgde ei merka løype. Først gjekk me til Borgenvik. Her har eg har gått mange gonger, men aldri har landskapet vore så vakkert. Det var som om alt var duppa i vatn og deretter i sukker. Sola kikka såvidt over åskammen. Det ligg fleire små vatn langs stien. Sola varmar. Me er framme i Borgenvik. Her (under) er me på den nymerka stien som går mot Boknahåve, me er komne litt høgare i landskapet og har utsyn mot skjærgarden. Me høyrde det ringla mjukt i sauebjøller langt borte og lyden kom stadig nærare. Me stoppa opp og venta til me såg sauene koma i samla flokk over åskammen. Det var blikkstille elles og det var ei god kjensle å stå og lytte på sølvklangen i bjøllene.   Eg kalla litt forsiktig på dei og flokken kom heilt fram til oss, dei ville nok sjå om det kanskje vanka ein liten neve med kraftfor. Etter ei lita stund rusla dei vidare i vintersola. Her var me verkeleg i villsauen sitt rike. Me gjekk vidare i motsett retning. Me gjekk ikkje heilt fram til Boknahåve denne gongen. Fantastisk utsyn mot nord. Siste bilde er av ei myr me gjekk over på heimvegen. Håpar at du som er innom og ser har kosa deg på tur med oss. (Ta deg tid til å klikke på bilda.)

søndag 22. februar 2009

Today's colour; black & white. / Svartkvitt.

I dag går det i svartkvitt rundt om på mange bloggar. Sjølv har eg berre fotografert i fargar så mine bilder er blitt svartkvite gjennom redigering. Eg har ikkje vore flink nok til å lagre bilda mine med back up så eg har misst ei mengd bilde då dataen krasja, litt har eg heldigvis lagt inn på CD og noko ligg hos Elite Foto og Foto Knutsen. No skal eg kjøpe meg ekstern harddisk. Sur måte å lære på dette...
Kjellardøra mi gjer seg godt i svartkvitt.
Lampen over kjøkkenbordet er kvit. Svart Eva solo-kanne fekk eg til jul, traktaren er sølvgrå. Ekstra lagringsplass i svart og kvitt. Som nokon kanskje har fått med seg har eg litt dille på knappar. Eg likar godt desse på ein svart jakke eg har. Fødselsdagsgåve frå jentene mine, svart hjarte med blanke steinar. Eg likar smykket godt og brukar det ofte. "Svart på kvitt", her er statusen på besøksteljaren på bloggen min. Bilde er tatt i går.  Du finn lenke til mange blogginnlegg hos Mette på bloggen Koseleg. Det er ho som kom med idéen om ei fargeveke.

lørdag 21. februar 2009

Today's colour; purple. / Lilla.

I dag er det lilla/fiolett som gjeld i fargeveka. Eg synest at lilla er vakkert, men det har aldri vore "min" farge. Eg likar lilla blomar, saman med rosa blått og kvitt medverkar lilla til ein harmonisk heilskap. I dag vel eg å vise "ein enkel tulipan" fotografert i ulike stadie. Ikkje alle bilde er av god kvalitet, men det får så vere. Tar også med sjalet mitt som eg har vunne. Herleg mjukt og varmt sjal i bølgemønster og ulike fargesjatteringar, gult, oransj, turkis, grønt og med hovedvekt på blått og lilla. Sidan det innheld så mange fargar passar det til det meste. I vinterhalvåret brukar eg det nesten dagleg. Ta ein tur innom Mette på bloggen Koselig, der ligg det mange lilla lenker.

fredag 20. februar 2009

Today's colour; orange. / Oransje, varme og lys.

Fredag er oransje i fargeveka. Oransje er soloppgangen og solnedgangen sin varme farge. Første bilde mitt er tatt sist i november, på denne tida på året er sola over horisonten berre nokre få timar midt på dagen.
"Ro langsmed land i stille sund, mens mainatt raudnar i nord", står det skrive i ei vise. Bilde under er ikkje tatt ei mainatt, men ein sein junikveld.
Smalballblom på bilde over og under. Til sist må eg ha med eitpar roser i ulike oransje nyansar. Ta ein tur innom Mette på bloggen Koselig, der ligg det mange oransje lenker.

torsdag 19. februar 2009

Today's colour; yellow. / Gult er kult.

Torsdag er gul i fargeveka. For meg er gult ein farge som gjer meg glad :) 
Dei aller første blomane i hagen min om våren er gule. Påskeliljer og krokus står og lyser i ein heller vintergrå hage og ber bod om at våren er på veg. Gulldodre er ein av dei første som prisar våren i hagen min. Vårkål har eg masse av i plenen. Dei speglar sollyset og ser ut som om dei er laga av glanspapir. Løvetann er ikkje alltid like velkommen, men vakker det er han. Då eg var lita jente var tiriltunge ein av dei aller vakraste blomane eg visste om. Støvbererar på ei akeleie.
Ei av dei første rosene som blømer hos meg er Friesia.
Blomkarse har ulike varme fargar og han er alltid veksevilleg.
Smalballblom likar seg også godt i Heimdalhagen.
Gjerdesolhatt  vender blomane sine mot haustsola.
"Kosekroken" ein sommarettermiddag. Eit gult hus i ein vinterkvit Heimdalhage. Ta ein tur innom Mette på bloggen Koselig, der ligg det mange gule lenker.