I dag har eg klipt og gjødsla rosetrea, luka og skore plenkantar.
I føremiddag var det skya og kaldt, men etterkvart kom sola fram og varma godt.
Då var det kjekt å vere ute og grave i jorda og gjere det fint rundt meg.
Enn så lenge er det ikkje så mykje som blømer,
men med tid og stunder håpar eg at eg kan glede meg over frodige roser her.
Det står til liv i staudekrukkene.
Vårkål har vandra inn i hagen på eiga hand.
Han er ikkje like velkommen overalt, men vakker det er han.
Mange ulike narsisser står nå i knopp i hagen min og nokre få har også opna seg.
Blå perleblomster står tett i tett langs staudebedkanten.
Lyng kan me ha glede av lenge.
Takløk invadert av "vilt" sedum.
Harmoniske fargar i ein liten sinkstamp.
Mose og takløk i skjønn forening.
Spennande å planlegge korleis eg skal plassere krukker, sinkstampar og andre ting rundt "nytt" hus.
I morgon er det søndag, då skal eg ta hagebøker og kaffi med meg ut og berre nyte!