torsdag 30. august 2007

Favorittfurua mi!

I vår eigen bittelitle skog står ei gammal furu. Ho strekker greinene høgt mot himmelen. Mange stormar har ruska gjennom kruna opp gjennom åra og furua har fått mange sår og mista ein del greiner.Eg hugsar furua som eit stort tre alt då eg var lita jente. Eg veit ikkje kor lenge ho har stått der. Om vinteren når sola står lågt skin stamma som ho skal vere av koppar, ekstra fint med kruna kvit av snø. Mange barn har klatra og leika i furua gjennom åra. Eit lite minne om det er tauet som er kveila om to morkne greiner. Sterke røter går langt ned i jorda og har halde furua oppreist i storm og stille. Eg høyrde ein gong at om ein er opprørt og lei seg og treng at nokon held om seg, men ein er aleine skal ein gå ut i skogen og legge armane rundt og kinnet inntil eit tre. Då vil freden seinka seg i sjel og sinn... Eg har ikkje prøvd det, men skulle eg gjere det skulle dette vore mitt tre.

onsdag 29. august 2007

Måneskin

Vakker og trolsk nattehimmel. Eg vil ønskje alle som er innom bloggen min ei god natt!

~La dagen leggje seg til ro i nattas fløyelskiste. Der skal han liggje mjukt og gløymt med alt det vonde triste. La det du kjente tungt i han få kvile i si mjuke seng; Guds nåde er det siste.

~Men alt du gjorde godt i dag, sjølv det du ikkje visste. Dei gode tankar, varme ord, det skal du ikkje misste. Det Gud har skrive med sin penn, det skal du ein gong sjå igjen; Hans nåde er det siste.~ Sven Aasmundtveit

Sommarminne, -hortensia i nydelege nyansar.

Hortensiaen på bilete over er praktfull! Bilete er tatt i svigermor sin hage.
Dei andre bileta er av min hortensia. Blomane er først delikat lysegrønne og går sidan over i lilla og mørkeblå nyansar.

Hortensia eignar seg godt i dekorasjonar. Blomar på bordet og levande lys, koseleg!

tirsdag 28. august 2007

Sist i august...sommaren er på hell.

Revebjølla opnar dei siste knoppane i toppen på stilken. Strandnellik blømer for andre gong, men meir spredt og ikkje så rikt som tidlegare i sommar. Alpeklematisen har fått mange nye lange skot. Han blømer på dei nye skota.

Krypjonsokkoll har spredd seg godt og blømer på nye utløperar. Lobelia som har blømt heile sommaren står ennå frodig og vakkert blå. Mange haustteikn i naturen, men ennå er det mange vakre blomar i hagen min.

søndag 26. august 2007

Løvetannfallskjermar

Eg har leika litt med ramer og redigering. Eg må nok lasta ned eit meir avansert program, eg er usikker på kva program og korleis. Er det nokon som har noko å anbefale?
Ønskjer alle som er innom bloggen min i dag ein fin og god dag!

Haustteikn

Så går august også mot slutten, sommaren er over for i år. Ute i naturen er haustteikna mange, planter og tre er opptatt av å setje frø. Eg synest desse nøttene er nydelege, det er som om sjølve nøtta er dekka med silke. Ennå må dei henge på treet ei stund for å modne. Då eg var tenåring sykla me tur for å henta nøtter. Nøttene knekte me med tennene, heldigvis var dei ikkje heilt harde på skallet. Eg kan ennå kjenne smaken av dei ferske nøttene når eg ser på desse bileta. Hausten har mykje å by på. Ein må berre kome seg ut, sjå omkring seg og trekke den friske lufta djupt inn.
Lønnetre bugnar også av frø i desse dagar. Dette treet står i vår eiga litle li rett utanfor huset vårt. Lønna blir svært fargerik seinare på hausten, om veret er nokolunde fint slik at blada får modna på treet.

lørdag 25. august 2007

Lyngheiane blømer.

Nå blømer røsslyngen på Bokn. Det er vakkert når heile landskapet er kledt i lilla. Heldigvis har me ennå ein del lyng igjen, men her som andre stadar gror landskapet sakte men sikkert igjen. Driftsformene i landbruket endrar seg. Det er lite dyr som beitar i utmarka. Før blei lyngen svidd med jamne mellomrom, slik at sauene skulle få nye gode skot å ete. Her hos oss har me svidd ein god del lyng og begynt med villsau. Det er meir arbeid enn me hadde trudd. Det er ikkje enkelt å gjerde dei inne, dei både smyg og hoppar. Me er heldige om lamma oppnår ei vekt på ti kilo, så det er inga gullgruve. Me får sjå kor lenge me held på. Villsauer er flotte dyr som har innstinkta i behald. Lamma er skjønne, dei er i ein fargeskala frå svart via grått og brunt til kvitt. Som oftast har dei fleire fargar. Det finns ikkje mykje som er meir roande enn vatn! Me har hatt nydeleg ver dei siste dagane, naturen ber likevel bud om at hausten er på veg.

fredag 24. august 2007

Spanske margeritter.

Blir ikkje så mykje tid til blogging i dag heller, men her er iallefall nokre fine blomar til deg som kjem på besøk. God helg til alle som kikkar innom!