Viser innlegg med etiketten Fargeveke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fargeveke. Vis alle innlegg

søndag 22. februar 2009

Today's colour; black & white. / Svartkvitt.

I dag går det i svartkvitt rundt om på mange bloggar. Sjølv har eg berre fotografert i fargar så mine bilder er blitt svartkvite gjennom redigering. Eg har ikkje vore flink nok til å lagre bilda mine med back up så eg har misst ei mengd bilde då dataen krasja, litt har eg heldigvis lagt inn på CD og noko ligg hos Elite Foto og Foto Knutsen. No skal eg kjøpe meg ekstern harddisk. Sur måte å lære på dette...
Kjellardøra mi gjer seg godt i svartkvitt.
Lampen over kjøkkenbordet er kvit. Svart Eva solo-kanne fekk eg til jul, traktaren er sølvgrå. Ekstra lagringsplass i svart og kvitt. Som nokon kanskje har fått med seg har eg litt dille på knappar. Eg likar godt desse på ein svart jakke eg har. Fødselsdagsgåve frå jentene mine, svart hjarte med blanke steinar. Eg likar smykket godt og brukar det ofte. "Svart på kvitt", her er statusen på besøksteljaren på bloggen min. Bilde er tatt i går.  Du finn lenke til mange blogginnlegg hos Mette på bloggen Koseleg. Det er ho som kom med idéen om ei fargeveke.

lørdag 21. februar 2009

Today's colour; purple. / Lilla.

I dag er det lilla/fiolett som gjeld i fargeveka. Eg synest at lilla er vakkert, men det har aldri vore "min" farge. Eg likar lilla blomar, saman med rosa blått og kvitt medverkar lilla til ein harmonisk heilskap. I dag vel eg å vise "ein enkel tulipan" fotografert i ulike stadie. Ikkje alle bilde er av god kvalitet, men det får så vere. Tar også med sjalet mitt som eg har vunne. Herleg mjukt og varmt sjal i bølgemønster og ulike fargesjatteringar, gult, oransj, turkis, grønt og med hovedvekt på blått og lilla. Sidan det innheld så mange fargar passar det til det meste. I vinterhalvåret brukar eg det nesten dagleg. Ta ein tur innom Mette på bloggen Koselig, der ligg det mange lilla lenker.

fredag 20. februar 2009

Today's colour; orange. / Oransje, varme og lys.

Fredag er oransje i fargeveka. Oransje er soloppgangen og solnedgangen sin varme farge. Første bilde mitt er tatt sist i november, på denne tida på året er sola over horisonten berre nokre få timar midt på dagen.
"Ro langsmed land i stille sund, mens mainatt raudnar i nord", står det skrive i ei vise. Bilde under er ikkje tatt ei mainatt, men ein sein junikveld.
Smalballblom på bilde over og under. Til sist må eg ha med eitpar roser i ulike oransje nyansar. Ta ein tur innom Mette på bloggen Koselig, der ligg det mange oransje lenker.

onsdag 18. februar 2009

Today's colour; green. / Grøn som graset.

Onsdag er grøn i fargeveka. Grønt er ein farge som gjev meg ei god kjensle av ro. Eg likar grønt frå sjøgrønt til mosegrønt og alle nyansane imellom. Grønt symboliserer vokster og grøde for meg. Her er nokre av mine grøne favorittar.
Desse to første er frå hagen min. Blågrøn staude og gras og einer i ulike variantar og nyansar. Her meskar sauer og lam seg på friskt vårgrønt gras. Først i juni er graset så høgt at det bølgar seg i solgangsbrisen. Sollyset speglar seg i bølgeteppet. Her ser me toppen av nokre lauvtre som strekker seg mot himmelen. I det lauvet sprett om våren ser me kor ulike nyansane er etter kva treslag som veks på staden. Utpå sommaren blir fargen meir sams før trea eksploderer i raudt, gult og oransj når hausten og frostnettene melder seg. Kastanjetre i hagen min strekker greinene med lysegrønt lauvverk mot vårsola. Blåbærlyng i motsol. Lyng i ulike nyansar. Grøn skog og grøn sjø. Ta ein tur innom Mette på bloggen Koselig, der ligg det mange grøne lenker.

tirsdag 17. februar 2009

Today's colour; blue. / Det blåaste blå.

Tirsdag er blå i fargeveka. Det er ingen løyndom at blå er favorittfargen min! Det føste bilde er eit sommarminne frå 2007. Vakkert kort som eg fekk hos Hulda no i januar.
Blå istappar.
Blå himmel og blå dame.
Kikk innom hos Mette som har bloggen Koselig koselig og klikk deg vidare på dei ulike lenkene og sjå kva dei andre som er med på denne utfordringa har funne på.

mandag 16. februar 2009

Today's colour; red. Mandagen er raud.

Koselig koselig har kome med ei utfordring; ei fargeveke. Fargen for i dag mandag er raud. Eg har valt raude tulipanar i dag. Når julepynten er pakka vekk pleier eg å kjøpe tulipanar til helgene utover. Kikk innom hos Koselig koselig og klikk deg vidare på dei ulike lenkene og sjå kva dei andre som er med på denne utfordringa har funne på.