Nå står lauvtrea nakne med sprikande greiner mot hausthimmelen.
I går var himmelen høg, klar, og blå som på bildet over.
I dag er det regn og ruskever. Begge deler høyrer seinhausten til.
Blomeprakten frå i sommar er borte og fargane har bleikna.
Ein og annan roseknopp held stand.
I ein einsleg ringblom finn ei lita fluge ly.
Slyngpelargoniane som har hange utanfor kjøkkenvindauga
heile sommaren og hausten har blitt klipte ned og flytta inn i kjellarvindauga.
To små takløk i ei gammal skei har også fått plass der saman med meir varmekjær familie.
Desse to har stått her nokre veker alt og blømer trass i lite lys.
Potter og sauer ventar på våren :)
Hagereiskapa er også under tak.
Så nå er hagen klargjort for vinteren :)