torsdag 30. oktober 2008

lørdag 25. oktober 2008

Stormfull helg.

Eg veit ikkje om eg klarer å formidle stormen og regnet på bilda. Her hos meg er det verkeleg "rusje ver" som me seier her.
Herleg å vite at det er helg og at eg med godt samvet kan sette meg i godstolen med koseleg lesestoff. I kveld er det siste nummer av Norsk hagetidende og Kjetil Hamre, Bokn sin lokale poet, si nye bok "i ord i bilder" eg skal kose meg med.
Levande lys høyrer med i mørke haustkveldar!
Tusen takk til alle som legg igjen kommentar hos meg og
god helg til alle besøkande :)

torsdag 23. oktober 2008

Sunshine for a little while.

We have had a lot of rain and wind where I live lately, but on Tuesday morning we had a little break in the bad weather. The sea was calm and the sun was shining for a short while.

tirsdag 21. oktober 2008

Purple bells. / Lilla klokker.

Form, farge og kampen for tilværet. Sola skin på knoppane som opnar seg mot lyset med eit tilbod om nektar til insekt på jakt etter mat. Ein edderkopp ventar også på svoltne insekt, ikkje for å gje dei eit måltid, men for at dei skal bli eit måltid. Livet i naturen er ein evig syklus. Det handlar om å bli mett eller om å bli mat.

mandag 20. oktober 2008

Norsk nettfoto.

Det var ei stor ære for meg å bli spurt om å vere med å legge inn bilde på bloggen Norsk nettfoto. Sidan eg berre har eit vanleg kompaktkamera blir motivet det viktigaste i mine bidrag. Eg redigerer også litt i ulike program. Bildet under er det første bidraget mitt. Eg prøvde å fokusere på auga til admiral-sommarfuglen då eg tok dette. Om du klikkar på bilde ser du tydeleg snabelen som syg nektar inni blomen. Admiral er ein av våre vakraste og største sommarfuglar. Eg var så heldig å få fleire bilde av denne vakre gjesten i hagen. Bilda er tatt 24.09 i år. Når sola skin på det svarte glitrar det i metallisk grønt. Sola lyser gjennom vengen.
Vakkert mønster også på undersida.
Besøk gjerne Norsk nettfoto, der er det mange blinkskot frå ulike eminente hobbyfotografar!

lørdag 18. oktober 2008

Vinter rest. / Vinterkvile.

No er me komne så langt ut i oktober at frostnettene kan vere like om hjørne og det er derfor på tide å ta inn planter for vinterlagring. Fukcsia blir ribba for bladverk og blomar. Litt trist når dei ennå står frodige. "Drops" på veg til komposten.
Ei sekketralle er godt å ha når eg skal ta inn store regntunge krukker. Fukcsia-plantene står mørkt i potetkjellaren gjennom heile vinteren. På ettervinteren sjekkar eg at jorda ikkje er heilt uttørka. Pelargonia blir sett i kjellarkarmen for å få litt lys gjennom dei mørkaste vintermånadane.
Kjellardøra er flytta ned frå første etasje der ho tidlegare var hovudøra i huset vårt. Døra er som resten av huset 153 år gammal. Utsyn mot ein regntung oktoberdag. Eg har mykje arbeid igjen før hagen er klar for vinteren, men veret blei så surt i dag at eg vil vente litt med resten.
God helg :)

onsdag 15. oktober 2008

Leve i stunda.

Det er ikkje kvar haust me opplever slike vakre fargar her på kysten kor eg bur. Mildt, vått og blåsande ver gjer at blada berre blir brune eller blæs av medan dei ennå er grøne. I haust har me hatt ei kald natt der temperaturen nesten nådde frysepunktet. I tillegg har me berre hatt ein hauststorm til no og det var så tidleg at blada ikkje var klar til å sleppe taket i trea ennå. Her kjem nokre fleire bilde frå Bokn i haustdrakt, denne gongen frå turstien mellom Boknaberg og Føresvik. Her geld det om å leve i stunda og ta vare på opplevinga.
I kveld blæs og regnar det skikkeleg så i morgon er nok mykje av denne vakre haustprakten borte.
Eg takkar for alle kommentarar eg får på innlegga mine! Det set eg veldig stor pris på :)