søndag 31. august 2014

Heime

Har du lyst å komme inn ei lita stund? 
Du er velkommen til å "bla" litt i Heimdal-albumet  mitt om du har lyst :)










Sola lokkar gjennom blondegardinene så nå vil eg ut å nye finveret :)
God sundag!

søndag 17. august 2014

Snop for auga :)

Sjølv om regn og stormar i det siste ber bod om at det går mot haust
har sola varma godt mellom uversdagane. 
Eg har vore ute og fotografert, og inne og redigert :)
Her får du litt snop for auga :)













God sundagskveld :)

fredag 1. august 2014

Finaste sommaren i manns minne.

 Veret i sommar har vore heilt fantastisk! Varmt og fint i veke etter veke. 
Det ser ut som om det blir verskifte nå og det er heilt greit for alt som spirer og gror tørstar etter vatn.

Her kjem ein liten fototur gjennom sommarhagen min :)
Velkommen med om du har lyst :)


Hortensiane blømer rikt i år etter at vinteren var så mild.


Sedum, takløk og grastuer på sørsida av granrota.


Skaugum-begoniane har fått både vatn og gjødsel så dei er store og frodige.


Begoniane har eg overtatt etter mor så dei set eg ekstra stor pris på.


Nokre bilde frå terrassen.


Ver så god og sitt :)














Her er den blå hortensiaen.


Noko i bed og noko i krukker.


Ringblomst som har frøa seg i singelen får lov å stå.


Frodig mandarinrose.


På trappehellene.


Rosebløminga blei ikkje heilt som forventa då små larver gjorde store innhogg i bladverket.
Sprøyta med Oase, plukka infiserte blad, men larvene fekk overtaket.
The fairy har klart seg nokolunde. 
Larvene dukka opp for to år sidane, då ganske beskjedent på berre ei rose.
I fjor var det meir og då plukka eg kvart einaste blad som var angripe og brant dei,
likevel dukka det opp eit kraftigare angrep i år.
Blir litt matt... Tar i mot gode råd med takk!


Klatrerosa har gått fri, -i år i det minste.




Det går mot nok ei tropenatt.
Sjølv om "netter er ljose som dagar" er det kjekt å tenne lys når det blir kveld :)








Medan eg har laga dette innlegget rusla sommaren inn i august
 og eg kan blad over eit blad til i kalenderen.
Heldigvis er august også sommarmånad så eg håpar på mykje hageglede framover.

God sommar vidare :)