torsdag 30. april 2009

ABC -i for inkludert.

Som alle veit så lever og andar eg for blomar og hage heile sommarhalvåret, så bilde frå hagen blir sikkert inkludert i kvarteinaste ABC-innlegg her hos meg, hehe. Slik hagen min ligg til er naturen inkludert i hagen, eller eg skal kanskje heller seie at hagen er inkludert i naturen. Ingen strame linjer eller formklypte hekkar hos meg. Gamle romantiske stauder er inkludert. Det er ei saleg blanding av former og fargar. Favorittfargen min blå er godt representert. Gult -og limegrønt lyser opp før så mykje anna er begynt å bløme. Ville bregner er også inkludert i stauderabatten. Dei er vakre frå dei faldar seg ut om våren til dei står brune eller rimkvite om vinteren. Rhododendron i ulike storleikar, former og fargar føler seg også heime her. Den sorten som blømer først av alle står i full flor, dei andre kjem litt etter litt. Stubben av det som eingong var juletre(på rot) då far var barn og som sidan blei planta ut i hagen er også inkludert som hagedekorasjon. Ein liten azalea som eg har hatt i mange år flytta eg bort til stubben. Sedum skal ikkje ha mykje jord for å finne rotfeste. Mange ulike treslag vernar hagen mot kald vind frå nord. Nye knoppar -og nyper frå ifjor. Alpeklematisen eg planta for få år sidan veks seg frodigare for kvart år. Og som me ser her har klematisen inkludert den gamle svarte sykkelen eg sette her i fjor. Eg har fem store gentspirea-buskar og skulle gjerne hatt ein eller to til, men dei er vanskelege å få tak i for tida. Om nokon har ein å selge lovar eg at han skal bli inkludert mellom dei eg har frå før. Påskeliljer og andre løkblomar er inkludert innimellom det meste. Gaukesyre veks naturleg under kastanjetrea. Gaukesyre smakar sursøtt, men er giftig i store mengder. Det må vere ganske store mengder trur eg for eg åt min del av desse fine kløverforma blada då eg var lita jente og eg kan ikkje hugse at eg fekk vondt av dei. Tilsist ei plante som veit å inkludere seg sjølv, uønska, men likevel vakker. Løvetann er for meg symbolet på ukueleg mot og livsvilje. Deler av vegen til svigerforeldra mine er nyasfaltert og der poppar det opp løvetann på rekke og rad gjennom asfalten. Kikk innom hos Petunia for fleire i-ar i alfabetet.
God langhelg til alle :)

søndag 26. april 2009

A present and spring collage. / Gåve og vårcollage.

For ei lita stund sidan kommenterte eg hos Ida på bilde av vakre erigeron-blomar. Ho hadde ein frøpose liggande som ho sporenstreks sendte til meg. Her var det ikkje berre ein liten pose frø i ein konvolutt, nei det var ei nydeleg forseggjort gåve.
Sjølve frøposen låg oppi denne fine posen. I tilleg fekk eg ei lita bok med vakre små dikt skriven av vår felles bloggvenn som kallar seg Langs samme vei. Tusen takk Ida! Dette sette eg stor pris på! Frøa er sådde i ein liten drivhusboks og står no i kjøkkenvindauga til spiring. Håpar at eg får til dette. Gler meg til bløming! Travle tider med sauer og lam for tida. Har holt på med alelam i helga, ni til no. Litt tid i hagen i går, klør i fingrane etter å få jobbe meir der. Litt planar som skal realiserast i år også. Eg sat ein sein  kveldstime og leika meg med form og farge og bilda mine.  Fin avkobling. God siste veke i april :)

fredag 24. april 2009

ABC -H for Heimdalhagen.

Det kjem nok ikkje som noko stor overrasking at min H idag står forHeimdalhagen. No er våren komen for fullt hos oss og det spirer, gror og blømer i hagen. Velkommen inn i hagen til ei lita hagevandring saman med meg. Vil du sjå fleire H-innlegg eller ønskjer du å delta sjølv så kikk inn til  Petunia :)
Bilde over og bilde under er av same staudebedet, tatt mot huset og frå huset. Eg likar godt effekten av motlys på bildet under. Her veks mellom anna raud og kvit løytnantshjarte, natsisser og Euphorbia 'Red Wings. Langs kanten står perleblomen i full flor. Påskeliljer i mange ulike variantar lyser opp i desse dagar. I ei bergsprekk har eg planta hagesildre, saxifraga. Gravmyrt veks under ein klokkebusk, han strekker utløperar i alle retningar og klorar seg fast. Euphorbia 'Red Wings'  har friske limegrøne blomar. Lupinene er på veg opp av jorda. Astilbeblad. Forsythia. March marigold. Den første rhododendronen opnar knoppane. Løynantshjarte har store knoppar. Dei kvite er ikkje kome like langt. Småhjarte. Perleblomen er ein av vårfavorittane mine. Vårkål har forvilla seg inn i hagen. Han får stå rundt nokre tre og lyse mot sola medan plenklypparen tar dei som veks midt i plenen. Neslesommarfuglen er ein flittig gjest i hagen. Sidan me har ein bitteliten "skog" i tilknyting til hagen er det mange ulike fuglar som lever her. Her representert av gråspurven.

Småsporven gjeng i tunet og tippar korn og ribbar strå  Og hev så god ein une og lær åt katten grå.  Pip, pip, det so seg lagar alle dagar  at Monsemann meg jagar, men kan meg aldri få.

Eg er so lett på vengjen, og Mons må sleikja seg om trut;  kvitt, kvitt, den gamle drengen, han fekk so mang ei sut.  Og om i vide ringar hauken svingar,  eg bort meg kverv og kringar og slepp av leiken ut.

Eg lever dagar lette og er fornøgd, å ja, å ja!  kvar dag eg fær min mette som eg det best vil ha.  Pytt, pytt, kven spør om føda? Nok i løa!  der ligg den rike grøda der kan eg berre ta.

Og tidt eg fær i joli ein godbit fin av Veslemøy,  og frys eg hev eg skjol i det gode varme høy.  Og so  - kvit-kvitt, godmår'n! so kjem våren, so kjem våren,  då fri på vengjen boren eg byggjer reir på øy.

Arne Garborg