torsdag 28. februar 2008

Sky Watch Friday

Do you remember my elm? Well, here is another series of the same tree.
The weather varies a lot in the winter where I live.
Thank's for your comment on my sky watch post last week!
I wish you all a nice weekend!

onsdag 27. februar 2008

Krokus / Crocus

Det er ikkje mykje som blømer i hagen min nå, men krokusen lyser opp. / Nothing much in flower in my garden right now, but the Crocus is blooming.
Ønskjer alle bloggvenner ein god dag!
I wish all my bloggingfriends a nice day!

søndag 24. februar 2008

Kvinnefellesskap / Women fellowship.

"I pottemakerens hånd" var temaet for denne helga for meg. Leire, eit fasinerande materiale, grå og klissen, men det kan bli til det flottaste kar i dei rette hendene. Me kjenner oss tidvis som skjøre, sprukne, skada kar. Ulike og med forskjellige oppdrag skal me få vere i Guds hender. Pottemakermester Rita Aasen tala og Unni Sæves Vignes song denne helga. Her var det "mat" for alle sansar. Me er ulike, men like mykje verd! Mange av dekorasjonane inneheldt ting som Rita Aasen har laga.
Rita Aasen skriv dikt og ho har gjeve ut fleire bøker som er blitt bestselgerar. Vakre telysestakar som i utgangspunktet var krus som var blitt misslukka. Går livet vårt istykker er me likevel ikkje ubrukelege. Får pottemakarmeisteren forma oss kan me begynne på nytt. Ein god kvilestad! Festbordet dekka lørdag kveld.
Matsalen var også pynta etter same tema. Godt å gløyme kvardagen sine krav for ei lita stund, koma ein stad og berre vere. Andeleg påfyll. Gamle vennskapsband er styrka og nye band er knytta.
I have been to a Christian community with other women this weekend. The theme this weekend was; in the potter masters hand.

torsdag 21. februar 2008

Sky Watch Friday

My theme this week is sky reflection in water.
The photo above looks upsidedown. The photo below is upside down but looks right. Do you see what it is? The answer is here, it's a telephon post and my birdfeeder. I'm going away for the weekend so I may not have the time to visit everyone on Sky watch this Friday. I will try to catch up next week. I will recommend my "A walk through an outlying field" post on the 19. February.
I wish you all a happy sky watch and a nice weekend!

Dagens post. / Today's mail.

Eg må berre vise kva som dukka opp i postkassen min i dag. Det er rart kva eit lite innlegg om sko kan føre til! Eba blei inspirert og laga dette nydelege kortet til meg. Trur ikkje det er meir privat det som står enn at eg kan vise det til bloggvennene mine. Eg blei heilt rørt, både av det nydelege forseggjorte kortet og av det ho hadde skrive til meg. / I just have to show you what turned up in my letter box today. I wrote a small post on my blog about my shoes and Eba got inspired to make me a beautiful card. I'm toucht by the beautiful work and her nice words.
Tusen, tusen takk! Som du ser skal kortet stå framme til pynt!
Thank you very much Eba! I'm going to use the card for decoration!

tirsdag 19. februar 2008

Utanfor allfarveg. / A walk through an outlying field.

Skodda heng tungt over Bokn i dag. Det er blikkstille og sju grader. Eg og eit par venner la ut på tur. Turen gjekk først langs ein grusveg, deretter gjekk me ein sti vidare gjennom utmarka. Turen tok omlag to timar. Vegen er lett å gå og det køyrer sjeldan bilar her. Landskapet er vakkert sjølv i skoddetungt ver. Dråpane hang som glasperler på kvar kvist og strå. Dei speglar av ein ein grå himmel. Me kjem etter ei stund til gammalt kulturlandskap. Her står nokre hus og hytter. Hyttene ligg fint i terrenget.
Det er ennå bær på kristornbuskane. Me har nesten ikkje hatt snø i vinter og fuglane har nok funne annan mat. Snøen kan ennå komma og då blir buskane fort reinska. Bortsett frå bæra var det ingen prangande fargar. Her er det ton-i-ton i grønt og brunt. I det me gjekk over på stien høyrde me det klemta i ei mengd sauebjøller, ein stor flokk med villsau dukka opp over ein bergknaus. Dette er landskap dei stortrivst i. Trolsk stemning. Bileta er tatt mellom klokka 10.30 og 12.30, ikkje mykje dagslys i dag. Gammal gardsveg, her andar det av fred. Fuglane har ikkje begynt på vårsongen ennå.
Stien gjennom utmarka er merka, greit for dei som ikkje er kjende. Kjekt å gå fleire i lag, men det er ikkje alltid like lett å få det til å passe på dagtid. Ein stor flat stein, ei "bru som bind" stien saman. Denne flotte einerbusken var sikkert tre meter høg. A couple of friends and I went for a two hours walk today. The weather was very foggy, but mild and calm. We walked through a beautiful landscape.