Ei vinterbleik nostalgirose. Biletet er tatt i min eigen hage i dag!
Godt nytt år!
søndag 30. desember 2007
fredag 28. desember 2007
Sky Watch Friday from September to November.
torsdag 27. desember 2007
Romjul på Heimdal.
I dag har eg tid til å sette meg ned med blogging ei lita stund. Eg har hatt ei god jul saman med familien. Julafta er me alltid heime sidan me har mjølkekyr. Då er det kjernefamilien og mor mi som er saman. 1.juledag lagar me god "midt på dagen" julefrokost. Deretter samlas me hos svigerforeldra mine til kaffe og kvelds. Då møter me som regel søskena til mannen min, nieser og nevøar på den sida av familien. Svigermor vartar opp med bugnande fat med herleg heimebakst! Alltid kjekt å samlas hos henne. 2.juledag kom søstera mi med familie til kaffi hos oss, då var det min tur til å varte opp. I dag skal eg berre slappe av utanom litt dyrestell.
Juletreet hos oss er edelgran. Eg pyntar med pynt eg har samla gjennom mange år. Den vakre klokka på biletet under fekk eg som gåve i adventskalenderen då eg var tolv-tretten år.
Eg er veldig glad i glasenglar.
Ein liten stall i glass.
"Inntrykte"kuler er favoritt mellom kulepynten.
Fuglar må eg ha på treet, dei minner meg om jul i barndommen min.
Ein liten engel som har mista eine foten stakkar.
Eg er veldig glad i blanke kuler. Eg må sjølvsagt ha nokre med blått på!
Dekorasjonen eg laga før jul.
Eg fekk mellom anna duftlys av sonen til jul, det eine passa perfekt i denne englepynten.
Eg ser at mange vil ha mest muleg kvit julepynt nå. Hos meg er det framleis rødt som dominerer. Eg er veldig glad i tradisjonar så det blir ganske sikkert rødt til neste år også.
GOD ROMJUL!
søndag 23. desember 2007
Julestemning.
fredag 21. desember 2007
Vintersolkverv. / Vinter solstice.
Tomorrrow morning at 6.08 am. we will have winter solstice. from now on the days will be a little bit longer every day towards summer! Today's sunrise is at 9.44 am, and sunset will be at 15.29 pm. where I live. Well, I don't think I will see the sun at all today because of the fog.
These three first photos are taken a couple of days ago at 10 am.
Late in the evening. The light comes from a gas terminal near by.
-days that will light up all the grey ones that lay's in between!
Merry Christmas!
Abonner på:
Innlegg (Atom)