Me lever og bur i eit land med store kontarastar mellom årstidene. Eg har tatt nokre "fargelause" bilde i dag og viser dei saman med bilde med same motiv tatt på sommartid.
Blygrå, vil eg kalle dagen i dag.







Kvar årstid har sin sjarm. Og det at me har vinter gjer at eg set ekstra pris på sommaren. Eg må også innrømme at det er godt å puste på og sleppe hagearbeid året rundt. Trur eg hadde gått lei då. Her me bur blir det ikkje så veldig kaldt, så kulda er eigentleg ikkje noko stort problem her. Mørke derimot likar eg ikkje, eg elskar dei lange lyse kveldane me har om sommaren. Snøen me har hatt dette året hjelper på og gjer dagane lysare heldigvis.
Så var januar over, den lengste vintermånaden for meg. Ser fram mot lyse milde vårdagar :)