tirsdag 30. desember 2008

Utan nettilgang.

Eg har problem med dataen for tida derfor blir det ein ufrivilleg bloggpause for meg. Litt abstinenser blir det, men det går bra :) Ønskjer alle ei fin nyårsfeiring!

tirsdag 23. desember 2008

God jul.

Du grønne glitrende tre goddag,
velkommen du som vi ser så gjerne.
Med julelys og med norske flagg
og høyt i toppen den blanke stjerne.
Denne klokka fekk eg i adventskalenderen då eg var lita jente og ho er den kjæraste julepynten eg har.
No koma Guds englar med helsing i sky,
Guds fred og velsigning dei bjoda.
No stig ifrå jordi ein helgasong ny,
Som skal gjennom himmelen ljoda:
Guds fred og vel møtt,
Du barn som er født!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Dompapp høyrer jula til., denne løparen vann eg på ein basar.
Juleduken under sydde eg for mange år sidan, i år ligg han på kjøkkenbordet.
Dette fine paret kjøpte eg på ei julemesse for nokre år sidan.
Denne nissen har minstemann laga då han gjekk på skulen.
Denne fine klokka har også minstemann sin signatur.
Huset fekk eg til jul då eg var lita jente. Då leika eg med det dagleg, no er det berre framme i jula.
Så la oss gå med stille sinn
Som hyrdene til barnet inn,
Med gledestårer takke Gud
For miskunnhet og nådebud.
Blommar høyrer jula til! Amaryllis må eg ha!
Ein stor bukett tulipaner på spisebordet.
Eg ønskjer alle bloggvenner, familie og andre som besøker bloggen min ei God jul!

lørdag 20. desember 2008

Godt med tette hus!

Haust og vinterstormar er vanleg her på kysten, men i år har me hatt lite av det. I dag derimot har det ruska skikkeleg frå nordvest. I Boknasundet som er innaskjærs gjekk sjøen grov med skumtoppar på. Huset ligg i le for nordvesten så rundt dørene her var det nesten stille til tross for at me høyrde stormen dura skikkeleg. Dei som bygde huset her i si tid visste kva dei gjorde!
Eg må innrømme at eg ikkje var ute og målte krefter med stormen. Eg har vore inne og målt krefter med støvsugaren og moppen. Så no er det stort sett pynting og handling av mat som står igjen.
I morgon er det "svartesøndag". Siste søndag før jul var tidlegare den einaste søndagen i året som ikkje var raud på kalenderen. Denne søndagen skulle huset vaskast til jul. Elles var det veldig strengt med kva som var lov å gjere på ein heilagdag. Eg har ikkje tenkt å vaske i morgon, eg skal pakke inn dei siste julegåvene og ta julepynten ned frå loftet. Utpå dagen skal eg hente eldstejenta på flyplassen, det gler eg meg verkeleg til! Ein dag eller to seinare kjem "midtimellom", det gler eg meg også veldig til!
Hjarteknusaren på bilde under er minstemann hos oss som liten gutt. I dag fyller 24 år i! Her leikar han med morfar. No har morfar vore borte i mange år, men han er i minna våre.
Kjære "minstemann": Gratulerer med dagen! Velkommen heim til jul!

torsdag 18. desember 2008

Eva sine tørre vafler.

Om eitpar dagar er det "solsnudagen" og då vil dagane bli lengre litt etter litt. Det blir herleg!

Eie spurte om eg ikkje kunne legge ut oppskrifta på tørrvaflene mine og det kan eg gjerne gjere.

"Eva sine tørre vafler".

250 gr margarin

250 gr sukker

3 egg

250 gr potetmjøl

250 gr kveitemjøl

1/2 ts bakepulver

1 ts natron

Rør smør og sukker kvitt. Pisk egga saman og rør i litt om gongen. Rør inn det torre og sett røra kaldt natta over. Ta 1/4 av røra ut or kjøleskapet om gongen. Trill emner, klapp og kjevle (ikkje for tynt for då dett det frå kvarandre, ver veldig lett på handa). Bruk godt med mjøl på bordet, men kost av emnene før steiking. Steik vaflene lett gyldne. Avkjøl og legg i boks.

Lukke til for dei som vil prøve :)

mandag 15. desember 2008

Puss, puss så får du ein suss.

No var det vel ikkje denne typen pussing det er snakk om i visa til Trond Wiggo, men pussa det har eg gjort i dag. Sølvbestikk og litt messing og kopar. Kjekt med levande lys i blanke nypussa stakar.
Litt julestemning i kjøkkenkarmen.
Tørre vafler er lagt til "kakesamlinga". Det blir ikkje sju slag hos meg, eg har laga dei tre slaga eg likar best. Betre å lage det som blir ete, enn å bere kakene inn og ut.
Koseleg å sette fram dei gamle kakeboksane eg hugsar frå min eigen barndom.
Stova blir ikkje julepynta på nokre dagar enno, men ei julestjerne er komen på bordet.
For eitogeithalvt år sidan hadde eg ikkje peiling på kva ein blogg var og datakunnskapen var minimal, i går runda teljaren på bloggen min 40000. Blogging har blitt ein kjær hobby for meg. Sjølv om me sit kvar for oss er det likevel veldig sosialt. Eg har fått mange nye kontaktar og også gode venner. Takk til alle som kikkar innom sida mi og ikkje minst takk til dei som legg igjen spor som koselege kommentarar. 5-10% legg igjen ei lita helsing. Til deg som ofte er innom og som ikkje gjev deg til kjenne, kva med å legge igjen ei lita helsing? Hadde vore kjekt å visst litt om kven som er på besøk. Du treng ikkje ha blogg sjølv for å kommentere.
Så har eg fått ei utmerking for koselege helsingar frå Frå eit A4-liv.
Eg seier tusen takk! Kommentering att og fram er det koselegaste av alt med blogging synest eg! Det er meiniga at eg skal dele denne med tre stykke. Vanskeleg dette for eg burde gitt han til så mange. Eg vil velje tre av dei som er ivrigaste til å kommentere hos meg.
Først vil eg gje han til Ida, ho var den aller første som "tok meg inn i blogglandiavarmen". Det var ei udelt glede å besøke henne på Sotra i haust.
Neste som får han er Berit, barndoms-/brev-/blogg-venninne, ei av dei aller beste!
Sist men ikkje minst vil eg gje han til Lille meg som legg igjen kommentar på alle innlegga mine og som eg har fått veldig god kontakt med.
Til alle de andre som jamt og trutt kjem med koselege helsingar på bloggen min; eg set utruleg pris på dykk alle :)
Legg di hand i mi hand, så er vi sterke saman
Så er vi svake saman
Så er vi saman

lørdag 13. desember 2008

Award, utfordring og julebakst.

Ida, mi gode bloggvenninne har gitt meg ei utmerking. TUSEN TAKK IDA!

Det følgjer ei lita utfordring med utmerkinga. Fem ting eg er avhengig av:

1 Familie og venner.

2 Eit stor krus kaffi etter frokost.

3 Kamera.

4 Brillene mine.

5 Hagen min.

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ I dag har eg endeleg fått baka litt. Grove rundstykke og to slag småkaker.

"Vepsebola" er i boks. Kakeboksane har eg fått av mor, mange gode juleminne dukkar opp når eg tar fram desse.
Konfektkaker som inneheld nøtter og sjokolade.
Denne fine julegleden fekk me frå barnehagen som takk for at dei fekk koma på besøk og sjå kalvane våre.
God 3. søndag i advent :)

torsdag 11. desember 2008

December day.

My sky watch photo this Thursday.
Please visit Sky Watch Friday blog for more photos.

søndag 7. desember 2008

Ei lita utfordring.

Desse korte viterdagane i desember byd på lite lys og snøfattig som det er på desse trakter kan det ofte bli mange grå dagar etter kvarandre. Sjølv om skyene kviler over Bokn er det kanskje ei lys stripe langt mot sør der sola må forbi før ho igjen gøymer sitt "blide åsyn". Dette er vakre stunder det er kjekt å få med seg, både der og då og å fanga med kameralinsa. Desse bilda tok eg torsdagsmorgon i halvnitida.
Eg har fått ei lita utfordring frå Randi-hverdagsprat, Gårdslivblogg og Bondekone sin hverdag.
Reglane:
1 Du må lenke til den bloggen som tagga deg.
2 Lag ei liste med seks (u)interessante ting om deg sjølv.
3.Tagg fem andre bloggar, la dei vite det ved å kommentere på deira blogg.
6 (u)interessante ting om Marie:
1 Eg har kjent mannen min heile livet. Då eg var fire år stengte han og broren meg, søstera mi og søstera deira inne i eit lite kyllinghus. Det varte berre ei lita stund før dei sleppte oss ut, men det var ei nifs oppleving som sette spor.
2 Mi aller beste venninne har vore mi aller beste venninne i heile mitt liv.
3 Eg har berre vore utanfor Noregs grenser ein einaste gong.
4 Eg har sydd eit "hav" med dukar, løperar, bilde, puter og strikka dokkeklede og nissar gjennom åra som eg har gitt til basarar i Sjømannskyrkeforeningen eg er med i.
5 Eg var veldig blyg og sjenert som lita jente.
6 Eg likar ikkje vintermørke, men heldigvis går desse månadane fort. Eg prøver å kome meg ut ein tur i dagslys så sant eg kan. Heldigvis er eg mykje ute når eg jobbar i barnehage.
Eg gjev utfordringa vidare til dei som har lyst :)
Eg vil avslutte dette innlegget med Vinterbarn av Kari Bremnes. Her det mykje eg kjenner meg igjen i.
~Æ står og ser etter lys, æ står i vinduet om morran. Æ huske mora mi stod også sånn, ho sa ho syns desember va så tung. Æ syns desember va lett, æ syns desember va ei lampe. Æ gjekk i skjæret fra ein gylden skjerm og gledde meg urimelig te jul.~
~Desemberbarn æ leite etter dæ, e du tatt av våren som de andre? Skal du ikkje juble når det sner? Skal æ ikkje rope på deg mer?~
~Det står ei stjerne i nord, det kan umulig vær den samme som den vi hadde over huset da æ gledde mæ urimelig til jul.~
~Desemberbarn æ leite etter dæ, e du tatt av våren som de andre? Skal du ikkje juble når det sner? Skal æ ikkje rope på deg mer?~
Må kanskje føye til til slutt at eg går ikkje rundt og sturar no i desember. Eg strekker meg mot lyset så godt eg kan og kosar meg, men eg elskar lange lyse kveldar.
Framleis GOD ADVENTSTID!