tirsdag 28. juni 2011

Kulturlandskapet, prega av fiskarbonden.

Eg er tilbake til same kulturlandskapet eg viser i sist innlegg. Landskapet er prega av nålevande og tidlegare generasjoner. Her finn me husmurar og jordkjellar samla i eit lite tun.


Taket på jordkjellaren har rasa saman og bregner og andre vekster har funne livd frå nordavinden inni murane.
Nede ved sjøen ser eg over på andre sida av Lauplandsvågen der det ligg eit gammalt hus og ein båt som er lagt i opplag for godt. Det budde ofte talrike familiar på desse små bruka og fiske var ei viktig kjelde til både mat til familien og inntekt til det ein trong utanom det garden og havet gav.


Sjøhuset på Vågshaug er prega av ver og vind gjennom mange år.
Denne veggen med patina er utruleg vakker synest eg.
Det som for nokre er gammal rust er for andre, meg inkludert, eit smykke!

Ved dei gamle tuna er det hagar med steingardar rundt. Her veks aplar som sikkert har stått her i generasjonar. Her har barna sete på steingarden og dingla med beina medan dei har sett tennene i eplekart eller dei har skrelt og smaka på dei første mjuke og saftige kålrabiane om hausten.. Eg ser dei føre meg, høyrer rop og glad barnelatter. Men eg ser også for meg lange arbeidsdagar for både små og store, tøffe turar langs skulevegen gjennom utmarka vintersdag og sorg i heimen over tapet over eit barn, ei ung mor død i barsel eller over ein far som kom bort på havet. Det var ikkje berre idyll, slik det kan vere lett for oss å sjå på det idag.
Det gjer godt for kropp og sinn å rusle rundt her, stresse ned og la tankane flyte som dei vil.
Tusen takk til deg som legg igjen spor etter deg i kommentarfeltet, noko eg set stor pris på :)

søndag 26. juni 2011

Kulturlandskapet på Vågshaug, natur og dyr.

Vågshaug heiter småbruket mannen min kjem ifrå. I dag var eg der for å sjå om dyra våre og tok likegodt kamera med. Har lyst å vise kulturlandskapet her i tre innlegg. På dette første vil eg vise naturen, deretter blir det eit innlegg med kulturminne av ulike slag. Tilsist eit innlegg med blomar som trivst her.
Denne vesle kalven er fødd for eitpar dagar sidan. Kviga er "tenåringsmor" og skulle eigentleg ikkje ha kalva før til neste år. Kalven er veldig liten, men såg ut til å vere i fin form. Mora var ekstra påpasseleg då eg kom og rusla bort så eg kom ikkje heilt innpå dei.
Kan ein liten kalv ha det betre enn å  leve her dei første månadane i livet?
Her ligg også eit lite vatn, "Det litla Vatnalandsvatnet". Her veks det lauvtre langs vatnet, på Vassnes som stikk ut i vatnet veks det furu.

Her bada me masse då barna våre var små.




At det "blæs på toppane" her vinterstid ber denne eineren preg av.
Nede ved sjøen er det idyllisk og blikkstille i dag. Her renn bekken som kjem frå vatnet ut i vågen.


Her inne på vågen er det ei naturleg havn der innløpet, "vågkjeften", nå blir kryssa av ei bru der E 39 kjem frå Arsvågen.
Revebjøllene trivst overalt her.
Frå sjøen går eg oppover mot tunet igjen.
Oppe ved tunet går sauene våre på beite.

Det kjem fleire bilde ein av dei næraste dagane :)

Takk for alle kommentarar eg får. Det set eg stor pris på :)
 Ha ei fin ny sommarveke :)

lørdag 25. juni 2011

Hagevandring i kveldslys.

Det er masse rot og skrot rundt huset nå i desse dagar så då får eg snu kameralinsa mot det som blømer. Her er skogskjegg, iris og svinerot.

Ein sau med trillingar har funne nattero mellom hosta, stjerneskjerm, humleblom, marikåpe og astilbe.
Kryptimian og takløk saman med kystbergknapp som veks her frå naturen si side.

Eg har mange ulike takløk, nokre store og andre små.

Rynkerose-hekken er frisk og frodig med vakre rosalilla roser som luktar deilig. Nå er slike rosene meir eller mindre bannlyste fordi dei spreier seg så lett i naturen der dei ikkje høyrer heime. Eg visste ingenting om det då eg planta dei for nokre år sidan.  Eg får prøve å halde dei i sjakk, dei blir iallefall ikkje fjerna av meg. 


Skjønn farge og skønn lukt :)
Pelargonia har fått plass på hagebordet i påvente av at huset skal bli ferdig slik at dei får "flytte heim" til kjellarvindaugekarmen igjen.
GOD HELG :)

torsdag 16. juni 2011

Huset på Heimdal, ein liten oppdatering.

Det var eingong. Slik såg huset vårt opprinneleg ut då det blei bygd i 1855.
I 1969 var store termopanvindauge "in" og mor og far syntest det var storveis og flott med denne "ansiktsløftinga".  Dei gamle vindaugene var rotne i karmane noko som gjorde at når det regna skikkeleg rann vatnet innover stovegolvet. Rutene var enkle og når det var skikkeleg frost om vintrane var det vakre frostroser på rutene om morgonane før varmen i omnen spreidde seg i rommet og tinte isen. 
 Arka blei bygde på i 1980.
Når me nå renoverer huset prøver me å føre det tilbake til det opprinnelege så langt det er praktisk mogleg. Me vil ikkje fjerne arka, bislaget blir ikkje flytta dit det stod før og dermed blir heller ikkje  hovudøra slik ho opprinneleg var.
Austsida er nå ferdig mala. Arket skal sjølvsagt også malast og med tid og stunder skal det monterast sprossekassettar på vindaugene der.
Dei nye vindaugene kler det gamle huset perfekt :) Øvst på listene er det "blonder" tilnærma dei som var før. Huset blir også isolert skikkeleg, får ny bordkledning og vannstokken kjem tilbake på plass. Også inne blir det store endringar.
Nå er snekkerane ferdige med brystet i sør også og det er klart for å male der. Sjølve huset er kvitt, listfargen heiter Byge og er frå Jotun. Det er ennå lenge før alt er ferdig ute og inne, det er mykje å ta tak i i eit såpass gammalt hus som vårt. Men medan me ventar kan me glede oss til "nytt" hus :)

tirsdag 14. juni 2011

Godgutt og sjarmør :)

Eg har strikka dress til Ask Leonard. Litt i største laget ennå kanskje, men gullet veks så fort at han må bruke dressen før han blir forliten. Modellen skal vere laus og ledig på. 
Skjønne, skjønne gutten :)
Farfar sin skøyar og farmor sin skatt :)
Heile familien sin godgutt og store sjarmør :)
"Ferdige å fotografera snart farmor? Eg sige snart heilt i skrukk ser du vel."
Fint at Ask Leonard bur så nær at han kan besøke farfar og farmor ofte,
 han er vår store, store glede :)