Viser innlegg med etiketten Kalender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kalender. Vis alle innlegg

lørdag 27. september 2014

Kalender 2015

Eg vil også i år laga kalender. 
Nå er det vel helst aktuelt for familie og nære kjente,
men om det er andre som har lyst på er det kjekt.
Kanskje det er noko for utflytta boknerar?
Litt mimring og barndomsminne for kvar ny månad?
Eg er ikkje ute etter å tene pengar på dette, 
men eg må kunne dekke alle utgifter.
Eg bestiller kalenderane nå på mandag den 29.09
 sidan det er tilbod denne månaden. 
Kalenderar er "ferskvare" så eg tar berre nokre få fleire
enn dei eg har bestilling på så om du vil ha er det greitt
om du tar kontakt nå i helga. :)


























God helg :)

mandag 15. oktober 2012

Kalender 2013

Her kjem ein presentasjon av kalenderen eg har laga for neste år.

Framsida viser regnbogen som peikar ut at "gullgryta" ligg under Gullhaug på garden vår :)

Kalenderen startar med desember 2012. Dagen gryr ein kald desembermorgon.

Januar, låg vintersol saman med mjuk skodde gjev ein trollsk stemning.

Februar, ein blank og vakker vinterdag.

Mars, nabolaget mitt med Heimdal til høgre.

April, svanepar utanfor støa.

Mai, vår i heimdalhagen.

Juni, hagesesongen er skikkeleg igong.

Juli, utsikt frå stoveglaset.

August, ein liten feriegjest på besøk.

September, eit lite pust av haust.

Oktober, glassklart og kjølig.

November, vakker regnboge på ein elles grå dag.

Ta kontakt om du har lyst på kalender :)

torsdag 27. oktober 2011

Julegåvetips, Heimdal-kalender :)





I morgon bestiller eg kalenderane. Eg kjem ikkje til å kjøpe noko særlig meir enn det eg får bestilling på sidan kalenderar bokstaveleg tala går ut på dato :)
Eg tar 200 kr for kalenderen som er i ekte fotokvalitet. Kalenderen er 30x40cm.
Du finn oppsett til kalenderen HER.
Så om du vil ha, ta kontakt :)

søndag 23. oktober 2011

Kalender 2012

Eg vil også i år lage eigen kalender. Om nokon har lyst å kjøpe av meg så send meg ein mail; marie.vaagshaug@gmail.com, helst før 28.10
Øvste bildet blir framsida av kalenderen.
Januar, her har eg prøvd å fange litt vinterlys.
Februar byd også på korte dagar.
Mars, sist i  månaden lyser krokusen opp om me får nokre milde dagar.
April, mange skjønne små kjem til verda.
Mai, månaden då villapalen blømer.
Juni. det gode liv for små og store.
Juli, tid for hage.
August, ettersommar.
September, det går mot haust.
Oktober, varme fargar frå gult til brunt.
November, stort sett snøfri hos oss.
Desember, dagane er korte.


Kalenderen er 30x40 cm og er i ekte fotokvalitet.
Det er plass til å notere i dato-rutene.