Dei siste dagane har me hatt strålande vakkert ver her i sørvest! I ettermiddag varma sola skikkeleg og det var deilig å vere ute :) Aldri er himmelen blåare enn i klare skyfrie haustdagar.
Trass i regnfulle veker er det framleis litt som held stand i hagen. Nostalgirosa er stor og frodig og ber ikkje preg av regnet me hadde tidlegare.
Hortensiablomane over og under er på same busk.
Montbresia har også blomar igjen heilt ytterst på stilkane.
Frø av judaspenge (under).
Det er frodig utanfor døra. Får håpe det blir lenge til frosten øydelegg dette.
Medan eg går rundt med kamera kjem denne karen ruslande.
Balder likar å posere, men han bryr seg nok døyten om bilde. Han er berre ute etter kos :)
Me kosa oss i sola ei stund, eg i stolen og han under :)
Til sist vil eg gjerne takke for alle positive tilbakemeldingar eg har fått på bilda i innlegget under dette!Nyt hausten :)