Viser innlegg med etiketten Vårteikn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vårteikn. Vis alle innlegg

torsdag 5. mai 2016

Då er endeleg våren komen :)

 Mai, den beste månaden i året for meg.
Fargane er tilbake i naturen, det blir mildare i lufta.
 Og lyset, 
eg elskar at det er lyst frå tidleg morgon til langt på kveld!


Hagen livnar også til. 
Akkurat nå er det gule påskeliljer og grønt gras 
som dominerer fargepaletten.


Lyngen har blømd lenge, 
og nå opnar også dei tidlegaste rhododendronane knoppane sine.


På ein gammal gard som vår er det kjekt å ta vare på noko av det gamle.
Granstubben som smuldrar litt bort for kvart år, 
var ein gong juletre (på rot) i farmor og farfar si stove.
Rart å tenke på at far og søskena hans gjekk rundt
dette treet og song julesangar for hundre år sidan.

Kvernsteinen er eit minnesmerke over travle kvardagar
for generasjonane som budde her før meg. 








På tide å slå plenen kanskje?
Akkurat denne flekken med så mykje vakker og lysande gul vårkål 
skal få stå litt til for her er det masse nektar å finne for humle og bier.


Peon.
Det ligg mykje livskraft i vårens spirer.


Bregneskota er så vakre.


Enkarse med to cm stilk, 
plukka av små barnehender, 
står i eit eggeglas på kjøkkenbordet. 
Plukka til farmor i glede,
gitt med ein varm klem, 
og orda;
-eg er så glad i deg farmor.

Vakrare blir det ikkje.

søndag 28. april 2013

Vårteikn #7

 "I hagen ved skauen" oppmodar andre bloggerar til å vise vårteikn kvar søndag
 slik kan me sjå kor langt våren er komen til dei ulike delane av landet vårt.
Dette er eg med på når det passar for meg 
og i dag har eg tid og lyst å kome med mitt bidrag :)


 Etter ein snøfattig og kald vinter begynnar det endeleg å grønkast på bakkane.


I går, laurdag, hadde eg ei god økt med våropprydding i hagen.
Eg klipte mellom anna rosetrea mine. 
Til mi store glede ser det ut til at det er liv i alle trass i ein for oss som bur i sone 1-2 
heller kald vinter med mykje barfrost.


Klarblå Vårkjærminne lyser mot meg, eg synest dei er så vakre :)


Nå blømer vårlyngen ved granrota :)


Ei linselus lurer seg med på bildet ;)
 Pusur fotfølgjer meg når eg jobbar i hagen så nokre kosepausar må me ha :)



Han ser litt morsk ut kanskje, men snillare katt skal du leite lenge etter :)



Litt fargar i bedet også etterkvart.




Gladfargar :)



Dei første perleblomane står i knopp,
snart blir dei mange. Ein vårfavoritt!


På trappa :)


Klikk på bildet over så finn du lenker til mange andre vårteikn frå det langstrekte landet vårt.

I går hadde me nydeleg vårver, idag, på konfirmasjonsøndagen her på Bokn, 
blæs det friskt og regnar. Ikkje ønskever akkurat, men lite å gjere med det.

God søndag :)

søndag 14. april 2013

Vårteikn #5

Bloggen "I hagen ved skauen" har oppmoda andre bloggar om å vise vårteikn.
Denne gongen blir eg også med og viser dei første vårteikna i hagen min.













Kikk innom her du også og sjekk ut kor langt våren har kome rundt om i landet vårt :) 

God søndag :)







søndag 17. mars 2013

Vårteikn 17.03

Eg vil gjerne vere med på Elin med bloggen "I hagen ved skauen"  
si oppfordring om å vise vårteikn framover våren. 

(klikk på lenka for å sjå fleire vårteikn)

Her kjem nokre bilde av det som har dukka opp i hagen hos meg til nå :)
Her hos oss har det vore barfrost og tele i jorda i lang tid, 
men idag har gradestokken krope over 5 +.
Med ganske frisk vind er det likevel ganske kaldt ute.
Skal bli kjekt å klikke meg inn på andre bloggar som er med
 på denne utfordringa og sjå kor langt våren er komen andre stader i landet vårt :)








Ha ei fin veke og leit etter vårteikn du også :)