onsdag 29. desember 2010

Himmelsk

Vil gjerne dele dagens soloppgang med Petunia sine Himmelsk-deltakarar :)
Ja også med alle andre som kikkar innom bloggen min :)





tirsdag 28. desember 2010

Ein vakker vinterdag.

Ein vakker vinterdag er i emning...

Eg kunne godt tenkt meg ver som dette framover, men om eitpar dagar ser det ut som om "vestlandsregnet" me er vande kjem tibake . Me får nyte vinteren medan me har han :)

mandag 27. desember 2010

Amaryllis





Amaryllis høyrer jula til :)

lørdag 25. desember 2010

Frå blåtime til høglys dag :)

Førstejuledagsmorgon, eg har ei stille stund for meg sjølv før huset vaknar til liv...

Ute demrar dagen. Det lyser frå Kårstøterminalen som om ein soloppgang var i emning i nordaust.
Eg snur kameralinsa mot sør og finn ein ljoske der sola snart skal kome opp.

Når solskinet får juletrepynten til å glitre kjem brandomsminna sigande. Noko av det finaste eg visste då eg var lita var å kome ned vegen mot huset heime og sjå juletreet glitre i solskinet på innsida av vindauga. Den beste stunda i julefeiringa nå er når eg og jentene mine set oss ned etter julemiddagen og syng mange av dei kjære julesongane våre. Før gjekk med alltid rundt juletreet, men nå er me litt for få til det. I minnet har eg mange julefeiringar. For mitt indre øyra høyrer eg far sin stemme i det han stemde i med "Nu vandrer fra hver en verdens krok", mor og tre småjenter blir etterkvart med i songen. I den tida gjekk me rundt juletreet kvar kveld i romjula. Desse tradisjonane følgde meg inn i min eigen heim og då våre barn var små høyrde jultregang med på juleafta før gåvene blei delte ut. Julenissen har stort sett vore fråverande her hos oss, gåvene har lege under treet.
Ønskjer alle gode bloggvenner og andre kjente ei god julefeiring vidare :)




Klem frå Marie

tirsdag 21. desember 2010

Den store barnedåpen :)

Søndag 19.12 blei sjarmøren Ask Leonard døypt i Vår frelsers kirke i Haugesund.
Hovedpersonen glippa litt på augene i det han fekk vatn på hovudet, men bortsett frå det sov han seg gjennom heile ritualet i kyrkja.
Prest Jostein Vestbø med Ask Leonard.
Farfar er stolt gudfar.
Festlokalet me var i etterpå var vakkert pynta av mamma Monica. 
Blomedekorasjonane er laga av mi gode venninne Randi Are. Tusen takk Randi :)
 Ho hadde brukt masse tid i førekant slik at alt skulle vere perfekt.
 Serviettane var bretta til søte babyskjorter :)

Bordkorta såg ut som små sko med snøring og det heile :)

Nesten for fin til å etast :)
Stolte foreldre Monica og Øystein saman med Ask Leonard.
Hovedpersonen gjekk fra fang til fang og tok det heile med stoisk ro :)
Momor sin tur :)
Tante Mona hadde gleda seg til å møte den vesle nevøen sin :)

Det største mysterium er ikke mer enn dét: at en ørliten kropp
er våknet til jorden. Den nyfødte ser. To luker i himlen går opp.

Selv femtrinnsraketter og kjernefysikk blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn med et eneste blikk beviser at Gud er til.
André Bjerke

tirsdag 14. desember 2010

"Nu solen går ned".

Dagane er korte nå i desember. Klokka tre om ettermiddagen sender sola sine siste gyldne stråler over landskapet før ho gøymer seg bak Boknafjellet. Det vesle "melisdrysset" me hadde for nokre dagar sidan er borte igjen og skøyteisen er ikkje lenger trygg. Typisk vestlandsk kystvinter med andre ord.



Nu solen går ned,
og aftenen breder på jorden sin fred.
    Samuel Olsen Bruun

torsdag 9. desember 2010

Sky Watch Friday, December sky.

Norwegian early morning sky.


Do you want to see more sky Watch? Click on SkyWatch "button".




mandag 6. desember 2010

"Snøen som falt ifjor" :)

Snøen let vente på seg her hos oss trass i vinterleg temperatur. Eg har i dag som så ofte før tatt eit djupdykk i arkivet for å finne passande bilde der. Her kjem eit gjensyn med bilde eg har hatt på bloggen tidlegare. Eg har leika meg litt i PhotoScape, har lagt på ekstra bakgrunnslys og presenterer bilda i "glas og ramme".


God kveld :)

onsdag 1. desember 2010

Vinterlys.








GLEDA

Men so ein dag –
ein mørkdemd dag –
hende det seg at Vårherre 
kom gangande,
spurde kor det stod til.
Jau takk, sa eg, med meg er det berre bra,
men det er så mykje gale ute i verdi
at det blir mest som ei synd å vera glad.
Da smilte Vårherre so det klårna 
over alle berg, og sa at:
So pass sterk lyt du vera
at du torer lyfte gleda som eit ljos her i verdi.
Det var no slik han hadde tenkt ho, sa han.
Kari Bakke